Heim

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Copyright ® 2011 Nytt Livs Senter, Ørsta  

menighetenNYTT LIVS SENTER  Ørsta

På vitjing i Japan                

30 ÅRS FEST

    Det var ein fin 30 års-fest i byen Yoshikawa, i det området arbeidet starta. Eg tala på festen om "soloppgong frå det høge" som har gjesta oss. Ut frå denne menigheta fikk vi vere med å starte tre nye forsamlingar som alle fungerar i dag. Vi ser kor Gud har vore med og leia og velsigna arbeidet. Vi deltok i ulike kyrkjer og forsamlingar, og i løpet av tre veker talte eg tretten gonger i ni ulike kyrkjer. Japansken satt som den skulle, og det var gildt å treffe igjen kjente og kjære og verte kjende med nye folk. Eg deltok også på to ulike pastorsamlingar og på eit årsmøte for Gideon.

 

TIL KESSENUMA

     Vi fikk låne ein bil og køyrde 60-70 mil til byen Kessenuma som vart hardt råka av tasunamien 11. mars. Nesten heile sentrum var jamna med jorda, og der var ein grusom stank i byen. Lagera av fisk var øydelagde og den rotna fisken lukta. Vi såg at bilar, bussar og hus var knuste og alt må byggjast på nytt. Dette vil ta mange år å gjere. Mange kristne organisasjonar har gjort eit stort arbeid for å hjelpe dei overlevande, og dette har gjort inntrykk på folket. Dei er no opne for Evangeliet. Midt i all håplausheita leitar dei etter tryggheit og noko å klamre seg til. Dessverre er det mange som gir opp og tek liva sine. Talet på sjølvmord har auka sterkt etter katastrofa.

 

TIL HOKKAIDO

     Nokre vennar spanderte flytur til øya Hokkaido i nord. Dei driv med jordbruk og mellom anna så dyrkar dei fleire tonn med mini-tomatar i året. Desse er veldig populære og salet går godt. Garden kallar dei "Kaanans land" og planen er å starte ei ny menigheit i byen Yoichi, der dei bur. Vennane tok oss med til eit stort akvarium og til olympia-hoppbakken i Sapporo. Det var flott utsikt over byen frå høgda der hoppbakken låg. Klimaet og vegitasjonen i Hokkaido liknar på slik det er i Noreg. Mellom anna såg vi mykje bjørk i haustfargar.

 

STRÅLEFAREN

     Det som bekymrar japanarane no er fyrst og fremst atomutsleppet frå atomreaktoren i Fukushima. I Tokyo-området er det registrert høge verdiar av radioaktiv stråling, og folk er bekymra for ungane sine. På dei verste plassane i Chiba fylke vert barnehage-borna kvar dag evakuerte til andre plassar der det er mindre stråling. Folk stolar ikkje lenger på det myndigheitene seier, og kjøper seg sjølve instrument for å måle strålinga. I Hokkaido snakka eg med ein ung mann som hadde nylig flytta dit frå Chiba med familien sin grunna strålefaren. Det er det også mange andre som gjer.

 

 

 

TIL ETTERTANKE

    Tida gikk fort og det var tid for heimveg. Det hadde vore mange opplevingar på turen. Mellom anna fekk vi sett fleire av husa vi hadde budd i, hytta vår i Fukushima som skulle rivast og barnehagen som Einar hadde gått på. Eitt av husa våre fann vi ikkje igjen for det var nok rive. Tida går og alt forandrar seg. Fleire hadde invitert oss ut til sushi og anna god mat. Ein gong var det frem damer som inviterte. Fire av dei hadde vorte kristne gjennom verksomheita vår, to gjennom traktatar og to på husmøte. Slikt var oppmuntrande å høyre. På flyplassen måtte eg ha meg litt meir rå fisk før eg reiste.

I MOSKVA

    På heimvegen var det med ei overnatting i Moskva. Vi vart overraska over kor strengt det har vorte der. Vi fikk ikkje forlate romet på hotellet. Det var vakter overalt, og dei fylgde oss til og frå flyplassen. Er friheita borte og er kommunismen komt tilbake? Mykje tyder på at dette er tilfelle. På TV var det stadige progam om Putin og Medejev og andre kjem ikkje fram med sine meiningar. Det er trist at demokratiet ikkje har grobunn i dette landet.

HEIME IGJEN

    På Gardemoen stod det på ein stor plakat: "Noko av det beste ved å reise bort er å kome heimatt." Dette er sant: Borte bra , men heime best! Det hadde vore ein fin tur og vi er spente på kva som vil skje vidare i Japan. Vi håper og ber om ei stor kristen vekkjing både her og der! Måtte sola gå opp i soloppgangens land!                                                    Hans Reite                              
 
 
Tekst til bilda: Tre av bilda er frå ødeleggelsane i byen Kessenuma. Det siste er frå festen i menigheta i Yoshikawa