|

Det er desember og snart jul igjen. Eg synest det er utruleg kor fort tida går! Ein kan seie med songaren: "Tidi ho renn som elv mot os, fort skiftar sumar med vetter, Herre ver du Noregs los.." Dess eldre ein vert, dess fortare går det. Pluseleg er ein i generasjonen som skal ut av tida! Då er det godt å få med seg orda frå juleevangeliet: "Sjå eg forkynner dykk ei stor glede - ei glede for alt folket. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias,Herren." Det var ein engel frå himmelen som kom med desse gode nyheitene. Vi menneske har tilbodet om å få leve evig ved å ta imot frelsaren!
Nokre er bekymra for at julebodskapen skal drukne i det materielle og alt kjøpepresset. Kvar har Jesus vorte av i alt vi kavar med? Har vi tid til å sette oss ned og tenke på kva jula verkeleg dreiar seg om? Det er om han som forlot himmelens herlegdom, vart fattig for å gi oss den sanne rikdomen! Eg har i mange år selt julehefte, men har inntrykk av at det er ikkje så mange som er interessert i innhaldet i desse lenger. Måtte fleire sjå nødvendigheita av å få berge si udødelige sjel for evigheita. Det er det som juleevangeliet handlar om.
Det står at det var ikkje rom for han i herberget. Frelsaren vart føydd i ein mørk, skitten stall. Har vi rom for han i våre hjarte eller skal han fortsatt stå utanfor? I Salmane står det: "Lyft hovuda, de portar! Og de evige dører, lyft dykk, så herlegdomens konge kan dra inn! Kven er denne herlegdomens konge?" Det er Jesus Kristus som bankar på di hjartedør. Eg er glad for at eg svara ja då han kalla på meg. I 1972 fekk eg motta han som min pesonlege frelsar og det har eg aldri angra på. Det året ville eg lese juleevangeliet på juleafta heime, for det hadde vorte personleg for meg!
Mange reagerar på omsetjinga i den nye bibelutgava av Jesaja 7:14 " Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå ei møy skal verta med barn, ho skal føda ein son og gje han namnet Immanuel=Gud med oss." Møy eller jomfru har vorte bytta ut med "ung kvinne." Det er ikkje noko spesielt teikn at ei ung kvinne vert med barn så dette må vere feil! Derimot er det sant som det står i Matteus-evangeliet at jomfru Maria vart med barn ved Den Heilage Ande og føydde Guds son til verda. Om Josef hadde vore far til Jesus så ville han hatt arvesynd som vi og kunne ikkje vore vår frelsar! Det vert feil av teologane å prøve å omforme Bibelen til eit menneskeleg nivå.
Bibelen er Guds sanne ord og talar om under. Det står vidare profetisk vidare i Jesaja 9:6: " For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven. Herreveldet kviler på hans skulder, og han skal kallast med namnet UNDER, Rådgjevar, Veldig Gud, Evig Far og Fredsfyrste. Jomfrufødselen var eit stort under som vi må tru på som dei andre orda i Skrifta. Bibelen er ei profetisk bok der historia vert skriven på førehand. Til dømes så står det at Messias skulle verte føydd i Betlehem. I våre dagar står det om at jødane skulle få landet sitt attende, og at det skal vere store jordskjelv, flaumar og katastrofer. Jesus skal pluseleg ein dag kome attende og hente dei som trur på han til himmelen. Det er svært viktig å vere klar til dette. God adventstid og god jul!
Hans Reite |