Nytt Liv Juli August

3. juli 2025

SOMMAR  2025 NLS DFEF 25 årg. 

Nytt Livs Senter 25 år! 

Og eg er fullt viss på dette at han som tok til med ei god gjerning i dykk, skal fullføra henne heilt fram til Jesu Kristi dag. 

Filipparane 1:6 

   Dette ordet fekk eg då vi starta opp menigheita for akkurat 25 år sidan. Det er utruleg kor fort tida har gått! Herren har vore med i med- og motgang heile tida. Vi har fått erfare at Gud er trufast og han har sørga for oss, og vi har kunna betale rekningane som har kome. Folk har kome og gått, men menigheta har bestått. Det er nåde over nåde. Eg fekk eit kall til å starte opp att det som Audun Hovdenakk hadde starta opp nokre år tidlegare. Han fekk plante eit såkorn, men gikk bort så alt for tidleg. Likevel så var ikkje gjerninga hans forgjeves. Nokre sår og nokre andre får vere med å hauste, men det er Gud som gir vekst! 

   No er vi ei forsamling med folk frå om lag ti ulike land. Det er som ein forsmak på himmelen. Der skal vi vere saman til evig tid med folk frå alle nasjonar, folk og stammer og synge Lammets pris. Vi har starta på lovsongen her nede på jorda! Det er flott å høyre det afrikanske koret vårt synge salva på møtene. Vi er glade for å kunne ha søndagsskule og ungdomsarbeid og trur at menigheta skal overleve i framtida og vekse. La oss be om nye medarbeidarar og ein ny pastor som etter kvart kan ta over styret då vi begynner å verte gamle og skrøpelege. 

    Frå 22. til 24. august vil vi ha eit lite stemne og markere med feiring. Då kjem mellom andre pastor Kazuki Wada frå Japan for å delta og tale. 

Nytt i Nytt Livs Senter 

   Også i år vil vi ha søndagsmøte heile sommaren. Det er mange som ikkje reiser bort og då er der eit behov for dette. Mens mange reiser bort så held vi ope! Eg tek ferie i mesteparten av juli og litt i august, og ein byttar på å ta ansvar med å tale og leie, og nokre gongar kan vi ha vitnemøte. Det er herleg å høyre levande vitnesbyrd om kva folk har opplevd med Gud. Jesus er levande og arbeider enno i dag og frelser og helbredar. Vi hadde nyleg eit sterkt møte der Torgeir Helland vitna om sitt gamle- og nye liv. Det er mektig kva Gud kan gjere: Han løfter opp den djupast falne og set han mellom kongar, seier Bibelen. Jesus forandrar seg ikkje! 

   Borna har begynt å sitte inne på møtet til talen begynner. Det er mykje betre og gir større ro. Vi er glade for at det er fleire som stiller opp med sang og instrument i musikken. Sang og musikk har alltid vore ein viktig del av gudstenestene i Guds forsamling. I Salme 100:4 står det: «Gå inn gjennom hans portar med takkesong, inn i hans føregardar med lovsong. Takk han og pris hans namn.» Gudstenestene skal vere fylt av glede for det er eit godt budskap vi forkynner! Gud har gitt oss større glede enn dei som berre stolar på sin rikdom og sine pengar. Gleda i Herren er vår styrke! 

    Det vert ikkje så mange bønnemøte i sommar, men vi kan sjølvsagt be på eiga hand og den som vil kan ha høve til å kome til lokalet og be når ein vil. Djevelen tek ikkje ferie om sommaren og arbeider på høggir. Difor er det viktig å vake og be som Jesus seier. Ånda er villig og kjødet er veikt, og det er lett å falle i freisting om ein ikkje er på vakt. Jesus sa i Getsemane: «Var de ikkje i stand til å be ein time med meg?» Difor er det lurt å sette av ein time til Bibel og bønn også om sommaren! Ein kan nemne at på Betel i Volda er det bønnemøte kvar tirsdag kl. 18:00 heile sommaren. Vi er nokre som er med og deltek der. 

Kven er vi? Kva vil vi? 

     Nytt Livs Senter er ei frittståande menighet som tihøyrer Dei Frie Evangeliske Forsamlingar. Det vart starta av Erik Anderson Norquelle på slutten av 1800 talet. Han la vekt på frigjeringa i Kristus. Jesus seier: «Dersom de vert verande i ordet mitt, då er det i sanning mine læresveinar. Og de skal kjenne sanninga, og sanninga skal gjere dykk frie.» Denne friheita er det viktig å ta vare på. Mange menigheter er styrt av andre og mykje falsk lære kan kome inn. Det er Guds ord som skal vere vegleiar i alle ting. Jesus seier vidare: «Helga dei i sanninga! Ordet ditt er   

sanning.» Johannes 17:17. Guds ord skal vere vår ledesnor i liv og lære. Det er trist å sjå at respekta for Bibelen er i ferd med å forsvinne også blant kristne. Den må vi få tilbake! Himmel og jord skal forgå, men Guds ord blir til evig tid. I Nytt Livs Senter har Bibelen den høgste autoritet! 

    Vi praktiserar barnevelsigning og truandes dåp, då vi ser at det er rett ut frå Guds ord. Også nådegåvene med tungetale, tyding, kunnskapsord og bøn for sjuke ønsker vi å prakisere. Om vi lever heilage liv og innviar oss, så vil Herren åpenbare seg med teikn og under også i vår tid. Gud har lova å utgyde sin Ånd over alle menneske no i den siste tid. Når Paulus underviser om nådegåvene så tek han med eit kapittel om kjærleik midt i mellom. Vi ynskjer at kjærleiken skal råde i vår menighet, og at vi har ekte omsorg for kvarandre. I verda er det kaldt og det er pengane som rår, men slik skal det ikkje vere hos oss. Guds kjærleik er utøst i våre hjerter. 

Planar framover 

   Vi reknar med at Zoe bibelskule startar opp att i byrjinga av september. Vi vonar at fleire vil melde seg. Det er viktig med god bibelkunnskap i denne tid. Rektor Per Arne Åkenes er orientert om det som skjer i tida, og kan gi oss viktig informasjon, og han har stor innsikt i Guds ord. 

   I slutten av september planlegg vi en ny misjonstur til Etiopia. Det er rike turar det vi får sjå at Guds rike går fram og folk blir frelst og  helbreda. Om du har lyst å vere med så meld deg på. Vi gir tiende vidare til misjonen og eg rekna ut at i løpet av dei siste åtte åra har vi gitt om lag 700000 kroner saman med Internasjonal Evangelist misjon til Afrika. 

Fødselsdagar i juli og august: 

Nayeli Chala (21,07), Billion Chale (4.08), Bal og Bishnu Dajee (29.07), 

Munta Darjee (10.08), Rosbella Eikrem (18.07), Hildur Hovdenakk (6.08), Irandakunda Innocent (29.07), Rut Johansen (30.07), Surben Kc (26.08), 

Chabnic Mizero (21.07), Gloria Mwamba (21.08), Clementine Niytegeka (07.07), Uwineza Nyiransaba (17.08), Mukamusoni Nyrazano (18.07), Mahoro Raissa (27.07), Hans Reite (27.08), Jørn Georg Sætre (03.08) 

Vi gratulerer!!! 

BE: 

  • At det blir fred i Ukraina , Israel, og i hele verda! 

Møta i juli og august: 

6.07  kl. 11:00 Tale: Elin  Leie: Tove  Vert: Anne 

13.07 kl. 11:00 Tale: Hategekiana Leie: Clementine  Vert: Martha 

20.07 kl. 11:00 Tale og leie: Per Arne  Vert: Mangala 

26.07 Bønn og fastedag 

27.07 kl. 11:00  Vitnemøte  Leie: Hans  Vert: Edith 

03.08 kl. 11:00  Tale: Oliver  Leie: Clementine  Vert: Martha 

10.08. kl. 11:00  Tale: Elin  Lerie: Hans  Vert: Chija 

16.08. Bønn og fastedag 

17.08 kl. 11:00 Tale: Sølvi  Leie: Hans  Vert: Mangala 

22.08-24.08 STEMNE 

22. kl. 16:00 Tale: Arne Hole og Per Arne Åkenes  Vert Edith 

      kl. 18:00 Kvelds 

      kl. 19:00 Tale: Kazuki Wada  Leie: Elin 

23. kl. 11:00 Tale og sang: Bjørn Inge Johansen  Leie: Hans 

      kl. 13:00 Middag 

      kl. 14:00 HELSINGAR 

      kl. 16:00 Kaffi og kaker 

      kl. 17:00 Tale: Kazuki Wada  Leie: Elin  Vert: Anne og Paul 

24. kl. 11:00 Per Sævik talar  Leie: Hans 

      kl. 13;00 Mat 

      kl. 14:00 Tale: Kazuki Wada  Leie: Elin 

30.08 kl. 12:00 Jesus marsj i Volda 

          kl. 15:00 Jesus marsj i Ørsta 

          kl. 17:00 Møte. Morten Abrahamsen 

31.08 kl. 11:00 Tale: Tove  Leie: Hans Vert: Edith 

NYTT LIVS SENTER 

Kyrkjegata 39, Boks 78, 6151 Ørsta 

nyttlivssenter.no 

Pastor: Hans Reite 

hansreite@hotmail.com tel. 93820172 

Styre: 

Hans Reite, Elin Roksvåg Torkildsen, Solomon Mwamba 

Olover Niyonkuru og Edith Reite 

KONTO: 3991.04.18401  Vipps: 507177  Husk tienden!!