Nytt Liv September

6. september 2025

SEPTEMBER 2025 – NLS – DFEF – 25 årg.

Vårt motto!

Tjuven kjem berre for å stela og drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og ha overflod. Eg er den gode hyrdingen. Den gode hyrdingen set livet til for sauene. Johannes 10:10-11.

Sommaren er forbi og hausten er komen. Vi takkar Gud for ein fin sommar og for mykje godt ver. Gjennom heile sommaren hadde vi søndagsmøte og dei var bra besøkt. No er det fullt kjør igjen, og vi vonar at det vert ei god tid der menneske får oppleve frelse, legedom, åndsdåp og at fleire går i dåpens grav med Kristus! Måtte menge verte fødde på ny og få del i Herrens store nåde og frelse. Snart skal Jesus kome tilbake og då er nådens tid forbi. Det gjeld for alle å søke Gud mens han er å finne og kalle på han den tida då han er nær. Ein dag er det for evig for seint!

«Jesus vil deg det beste». Dette mottoet har vi hatt heilt sidan vi starta menigheta for 25 år sidan. Kva betyr det? Gud er vår skapar og han vil det beste for alt det han har laga. Sjå på dei fine blomane og alt det vakre rundt oss! Vi forstår at Herren er kjærleik og at han har omsorg for oss på alle måtar. Som menneske er vi skapte i Guds bilete og han har ekstra omsorg for oss. Som Jesus sa så er vi verd meir enn mange spurvar. Han vil gi oss tryggheit, framtid og håp midt i ei vond og vanskeleg verd.

Djevelen er ein tjuv og ein røvar og er berre vond. Han kom for å stele, myrde og øydelegge alt det Gud har skapt. Det er godt å vite at Jesus seira over han på korset, og at ein dag vil alt verte gjenoppretta og alt vert nytt!

Nytt i Nytt Livs Senter

Det vert ein spanande haust og i september får vi besøk av Rory Kaye og Ella Onakoya. Gud sender sine vitner for å oppmuntre og istandsette oss til teneste for han. Rory Kaye har ei sterk profetisk gåve og han har profetert til kongar og presidentar, og ting har gått i oppfyljing! Vi er spante på kva han vil dele med oss. No held han på å bygge eit senter i Jerusalem. Kaye har ei verdensvid teneste og vi er heldige som får han!

Når Ella Onakoya kjem får vi undervisning og skal ut på gatene med evangelisering. Ella ber også for sjuke og har sett mange miraklar skje. Ho har nyleg vore i Amerika og har hatt teneste der. Seinare i haust får vi vitjing av eit evangeliesenter og ei songgruppe. Pastor reiser som vanleg til Etiopia no i september for å ha ei møteserie der. Denne gongen saman med pastor Trond Taule. Han var også med i fjor og det var rike møter. Hundrevis var samla og folk vart frelst og fekk møte Gud. Be for oss!

Forbønn for landet

Den 8. september er det igjen stortingsval. Nokre har sagt at dette kan vere eit sjebneval for Noreg! Vi har no i fire år hatt ei sosialistisk regjering som har gått imot dei bibelske normene, og stått på arabarane si side mot Israel. Dette har ført til dårlege tider og fattigdomen ser ut til å auke. Matvarer og anna har vorte så dyrt at mange knapt har råd til å hanle det dei treng. Guds ord held seg oppe: Dei som forbannar Israel vil Gud forbannne, og dei som velsignar Herrens utvalde folk vil Gud forbanne. Vi er på feil kurs og må be om at det må bli ei ny regjering!

Rektor Per Arne Åkenes har gått inn fot to bønnelaurdagar no i sommar og i tilleg har vi bønn og faste 5.-7. september. Då vil vi spesielt be for dette valet. I tillegg vil vi sjølvsagt be om vekkjing i land og folk. Vekkjinga må starte med oss kristne: At vi vaknar frå sløvheit og materialisme, og søker det som er der oppe der Kristus sit ved Guds høgre hand. Vi treng å få nød for dei fortapte som ikkje kjenner Jesus og nå dei med evangeliet. Det hjelp ikkje med ny politikk om ikkje folk vert fødde på ny og blir frelst!

Zoe bibelskule

Den 10. september er planen å starte opp med bibelskulen for tolvte gong. Ei forutsening er at det melder seg studentar også i år. Skulen er gratis og vert driven i tru. Det vert satt fram ein kurv der folk kan gje frivillige gåver. Med dei støttar vi menigheta og ulike misjonsprosjekt. Rektor Per Arne Åkenes fekk visjonen om ein bibelskule for fleire tiår sidan og ser på dette som ei livsoppgåve. Trass høg alder så satsar han vidare. Be for han og Annbjørg om at helsa kan halde og at dei får styrke.

Det er så viktig med god bibelundervisning i denne tid. Der er mykje liberal teologi som fornektar Guds ord, men vi tek Ordet på alvor. No ser vi korleis det profetiske ordet går i oppfyljing og Jesu atterkome nærmar seg med hast. Det gjeld å kjenne Skriftene og halde seg andeleg vakne!

Barne- og ungdomsarbeidet

Dette er noko som vi ynskjer å prioritere høgt for det er framtida for menigheta. Mange forsamlingar har gode møte, men dei døyr ut fordi der ikkje er unge til å ta over arbeidet. La oss be spasielt for Sonia som leiar søndagsskulen og for Elin som er ungdomsleiar. I juni hadde vi ein fin dag til hytta Sion i Aldalen der det var biveltimar, grilling, båtturar og bading. Vi ynskjer å ta ungdommane med dit til våren igjen når det blir varmt. Kanskje vi kan få ei overnatting? Slike turar er godt for fellesskapet og trua. Bibelen seier: Sjå kor godt og herleg det er at brødre bur i saman!

I sommar kjørte eg Iradakunda til ein ungdomsleir i Hemsedal der Einar Reite var ein av leiarane. Der var om lag 20 messianske ungdommar frå Israel og 20 norske som deltok. Han hadde stort utbytte av dette og seier at spesielt bibeltimane var fine. I tillegg var det friluftsaktivitear som padling, rafting og fjellturar. Dei unge fekk boltre seg i vårt vakre land! La oss be spesielt for barne- og ungdomsarbeidet at det må lykkast til Guds ære, og at både norske og utenlandske barn og ungdommar må bli frelst!

Fødselsdagar i september:

Bhim og Mangala Darjee (9.), Einar Reite (18.),

Providence Yamuremye (1.) og Chala Challi (5.)

Vi gratulerer!!!

BE:

  • For valet 8. september
  • For misjonsturen til Etiopia
  • For 10 frelst og døpt i NLS

MØTA I SEPTEMBER

5.-7. Bønn og faste

5. kl. 19:00 Møte

6. kl. 11:00 15:00 og 19:00 Møte

7. kl. 11:00 Rory Kaye talar Lede: Elin Vert: Edith Brødsbryting

10. kl. 17:00 Zoe

13. kl. 19:00 One80

14. kl. 11:00 Hans Talar Britt Karin leier Vert: Martha

16. Hans reiser til Etiopia

17. kl. 17:00 Zoe

21. kl. 11:00 Elin talar Leie: Rut Vert: Chija

23. Hans heim

24. kl. 17:00 Zoe

25. kl. 19:30 Styremøte

26. kl. 19:00 Møte Ella Onakoya

27. kl. 12:00 Evangelisering

kl. 16:00 Møte Ella Onakoya

kl. 19:00 One80

28. kl. 11:00 Ella Onakoya Leie: Hans Vert: Mangala

Bønnemøte: Onsdag og fredag kl. 09:30

Nytt Livs Senter

Kyrkjegata 39, Boks 78, 6151 Ørsta

nyttlivssenter.no

Pastor:

Hans Reite

Lægdavegen 5, 6100 Volda

Tel. 93820172 – nyttlivssenter.no

Styre:

Hans Reite, Elin Roksvåg Torkildsen, Solomon Mwanda

Oliver Niyonkuru og Edith Reite

Konto: 3991.04.18401 Vipps: 507177 Husk tienden!