OKTOBER 2025 NLS DFEF 25 årg.
25 års jubileum

JESUS ER TRUFAST!
Gud er trufast, han som kalla dykk til samfunn med sin Son. Jesus Kristus, vår Herre. 1. Korintarbrev 1:9
Det er utruleg kor fort tida går! No er det over 25 år sidan vi starta opp menigheta i Ørsta. Det har vore opp- og nedturar, men Herren har vore med og tatt vare på oss. Vi har vore i stand til å kunne betale rekningane som har kome, og med ei husleige på 18000 i månaden har det ved Guds nåde gått bra til denne dag. Gjennom alle desse åra så har det vore mange som har vore innom, men dei fleste berre for ei kort tid. Der er nokre få som har stått med heile tida. Ein god del menneske har kome til tru, og nokre har vorte døypte. Likevel så har vi ikkje fått det gjennombrotet i Ørsta som vi håpa på. Det er enno få innfødte ørstingar som kjem på møta. Vi gir aldri opp, og ser framover med forventning om kva Gud vil gjere. Han har lova å svare på våre bøner og det er Jesus som gir vekst!
Jubileet i slutten av august var vellukka. Pastor Kazuki Wada frå Japan hadde tre flotte bibeltimar, og på slutten av det tredje møtet var det som om Guds nærver kom mektig over oss. Den Heilage Ande stadfesta forkynninga og vi vart alle berørte. Evangelistane Bjørn Inge Johansen og Arne Hole hadde også gode talar, og Bjørg Hole hadde ei flott innleiing. Takk til Rut og Britt Karin som jobba på kjøkkenet og Elin som leia møter. Takk til våre vennar frå Afrika som lagde god middag på søndag, og ellers til alle som hjalp til. Vi er eit team som verkar saman til Guds ære!
Nytt i Nytt Livs Senter
Vi hadde veldig fine møte då Ella Onakoya nyleg var her. Ho underviste om evangelisering og sa at kan lære av Jesus. Då han møtte kvinna ved Jakobs brønn så starta han med å tale om vatn og gikk så over til temaet «levande vatn.» Vi bør vere naturlege og vennlege, og bruke visdom for å kunne vinne mennesker for himmelen! Etterpå var det om lag ti personar som gikk ut to og to og prakiserte det dei hadde lært. Dei kom attende med seiersrapprtar, for det var nokre som hadde bedt frelsesbøna. Gud er god!
På siste møtet talta Ella om at vi som kristne er både kongar og prestar for Gud. Ho fortalde om ein draum ho hadde hatt der ho fekk på seg lilla klede som er den kongelege fargen. Vi har alle ei teneste for Herren og må ikkje sjå smått på det. Ho begynte å be for sjuke og folk fekk ei berøring av Gud. Ella kjende ein smerte i armen og då var det ei dame som vart lækt. Ho hadde hatt smerte i lang tid og tatt kortisonsprøyter! Det vart eit herleg møte som varte mykje lenger enn vanleg, men vi takka Herren Jesus og vil ynskje Ella velkomen attende ved ei anna anledning.
Barne- og ungdomsarbeidet
Søndagsskulen er no i full gong att og Sonia har laga oversikt over kven som underviser borna ut året. Vi takkar for at Britt Karin og Cyprien er med i dette viktige arbeidet. «Fø mine lam», sa Jesus. Vi må nå dei før djevelen gjer det. La oss be om at både norske- og utenlandske barn og ungdommar kjem til menigheta. Elin kunne fortelje at på siste ungdomsmøtet var det om lag 25 ungdommar til stades! Det er vel nesten ny rekord. La oss ba om at Elin får ein hjelpar eller to, for det er vanskeleg for ho å gjere alt aleine. Be også for ungdomsmusikken som vi er i ferd med å danne. Det er viktig å få aktivisert dei unge.
Zoe bibeleskule
Også i år var vi spente på om nokon ville melde seg, og at det ville verte skule. Det er alltid spanande å sjå, men som vanleg så er det mellom 15 og 20 som møter fram kvar onsdag. Nokre har slutta og andre har kome til, men stort sett så er det dei same som går år etter år. For tida held Per Arne Åkenes på å undervise om at vi skal få løn ved Kristi domstol. Det er ikkje forgjeves å tene Herren og han fyl nøye med. Til å med så kan vi få løn ved at vi gir ein av hans minste eit glas kaldt vatn, sa Jesus! Per Arne legg ned mykje arbeid for denne skulen, og har det som eit livskall. La oss be om styrke for han og hans kjære Annbjørg som alltid står ved hans side.
Eg underviser for tida om Hebrearbrevet vers for vers. Det er eit sentralt brev i Bibelen og forklarar betydinga av Det gamle Testamentet med ofringane og kvifor Lova kom. Eg har undervist om dette før, men der er alltid nye ting som Anden gir lys over. Eg drøymer også om å kome meir ut for å evangelisere og få kontakt med nye menneske. Ellers så er det ofte tunger og tyding på Zoe, og vi kjenner at Herren er nær og talar til oss. Vi avsluttar med ein haltimes bøn og så eit måltid der ein pratar saman og har sosialt fellesskap. Dette er også svært viktig i vår tid!
Trøst og hjelp
Det var tungt for våre vennar Lydia og Mikola å nyleg få beskjed om at deira svigerson døde i krigen i Ukraina . Han vart berre 32 år gamal og etterlet seg kone og to små barn. Vi manglar ord når vi skal trøyste dei, men det er nødvendig å vise empati og nærleik, og stå med dei i denne vanskelege tida. Som Guds familie så er det viktig elske kvarandre ikkje berre i ord, men i god gjerning. Jesus sjølv var flyktning i Egypt og ingen kan trøyste som han! I 2. Kor.1:3-8 står det mellom anna at Gud trøystar oss i all vår trengsel, slik at vi kan trøyste med den trøyst vi sjølve har fått.
Fødselsdagar i oktober:
Sabri Iganze (18.), Gift Igaraneza (22.), Justine Mujawaamamariya (4.), Leonard Mwamba (31), Mardchee Mwamba (31.), Chij Subba (31.), Jharna Subba (18.)
Vi gratulerer!!!
Sissel Ose Tonheim til minne
Det var trist å få bekjed om at vår kjære Sissel gikk bort mens eg var i Etiopia. Ho var eit lys i Ørsta og hadde eit hjarte for Nytt Livs Senter i alle år. Sissel arbeidde tidlegare i televerket, men gikk over til full tids teneste i Frelsesarmeen i Volda og Florø. Der fekk ho verke til stor velsigning og vinne mange menneske for Guds rike. Ho hadde ei profetisk gåve, og var med inderekte og starta Nytt Livs Senter. Vi saknar Sissel og vil lyse fred over hennar gode minne. Må Gud trøyste Hans Olav og alle!
MØTA I OKTOBER:
5. kl. 11 Tale: Kari Ristesund Lede: Hans Vert: Edith Brødsbryting
8. kl. 17 Zoe bibelskule
11. kl. 12 Gatekyrkje
12. kl. 11. Tale: Maria og Tor Sætre Leie: Hans Vert: Anne
15. kl. 17. Zoe
18. kl. 19. Ungdomsmøte
19. kl. 11. Tale: Hans Leie: Elin Vert: Martha
22. kl. 17. Zoe
25. kl. 19. Evangeliesenter
26. kl. 11. Tale: Elin Lede: Rut Vert: Paul
Bønnemøte: Tirsdag kl. 18 ( Betel Volda)
Onsdag og fredag kl. 09:30
Nytt Livs Senter
Kyrkjegata 39, boks 78, 6151 Ørsta
nyttlivssenter.no
Pastor:
Hans Reite
hansreite@hotmail.com tel. 93820172
Styre:
Hans Reite, Elin Roksvåg Torkildsen, Solomon Mwamba
Oliver Niyonkuru og Edith Reite
Økonomi:
Vi lever av kollekt og statsstøtte
Gud er vår ressurs!
Kontonummer: 3991.04.18401
Vipps: 507177
Husk tienden til menigheta
Gud velsigne deg!
