NOVEMBER 2025 NLS DFEF 25 årg.

Koret vårt syng
Guds nåde er ny kvar dag!
Herrens nåde er det at det ikkje er ute med oss. Hans miskunn har enno ikkje teke slutt. Ho er ny kvar morgon, din truskap er stor.
Klagesangane 3:22-23
Det er haust og eg tittar ut gjennom vinduet. Sola skin og det er vakre haustfargar. Lufta er klar og det er god temperatur. Følelsen er god og eg kjenner trang til å tekke Herren Jesus for hans store nåde mot meg. Tenk å få vere i live og kunne stå opp kvar deg og kunne virke for han! Det er nåde over nåde. Mange på min alder er allereie døde og nokre er skrøpelege. Det står så fint at den som ventar på Herren får ny kraft og lyfter vengene som ørner. Vår hjelp kjem frå Herren som skapte himmel og jord. Han søv ikkje og slumrar ikkje han som voktar Israel!
At Nytt Livs Senter har kunna feire 25 år er eit stort under. Vi har vore gjennom mange kriser, men Gud har hjelpt oss gjennom alt. Eg fekk ein tiltale frå Herren, og han har sørga for oss heile tida. Vi har løfte om at han som begynte den gode gjerninga skal fullføre den inntil Jesu Kristi dag. Det er flott at vi kan vere ei internasjonal menighet, og her er det bilde av det fine koret vårt frå Afrika som syng så godt. Våre vennar frå ulike land er til stor velsigning. Vi er alle eitt i tru og kjærleik i Jesus!
Nytt i Nytt Livs Senter
Det var ei stor glede at Nabin Tamang, mannen til Jharna Subba, endeleg kunne kome til Norge. Det er åtte år sidan dei gifta seg, og Jharna har måtte arbeide hardt for at dette kunne skje. Dei har kjøpt leilighet på Ose og skal flytte inn i desember. Dette er eit stort bønnesvar! Vi vil også gratulere Ran Maya Subba med ei jente. Ho ventar også at mannen skal kome frå Nepal. Vi vil kondolere Chija Subba. Svigermor hennar døydde nyleg i Danmark. Så vil vi ønske Bal og Bishnu og familien velkomne tilbake til Ørsta! Bhim og Mangala reiser no ein tur til Nepal.
Vi har mange fine møter og det har vore bra frammøte, spesielt då Ella Onokoya var her. Forkynnelsen var sterk og fleire fekk ei berøring av Herren. Det var også fint at om lag ti personar gikk ut og evangeliserte den laurdagen ho var her. Nokre ba frelsesbøna, og vi vonar at dei kom igjennom til liv i Gud. Dessverre så er det få nyfrelste i menigheta og det er lenge sidan vi har hatt dåp. Kvifor har det stagnert? Det er viktig at vi alle ransakar oss sjølve, og er nøye med å leve heilage liv. Når det er synd i leiren så kan det vere ei hindring for at Den Heilage Ande får kome til.
Evangelisering og bøn
Dette er dei viktigaste våpen for å kunne utbreie Guds rike på jord. Utan bøn så stoppar alt opp og det vert tilbakegang. Bøna har vorte kalla for « sjela sitt åndedrett.» Det er viktig for den enkelte å ta ein time dagleg i bønn og bibellesing. I Getsemane sa Jesus til venane sine som hadde somna: «Var dokke ikkje i stand til å vake ein time med meg? Vak og bed så de ikkje kjem i freisting. Ånda er sterk, men kjødet er svakt.» Det er også viktig med bønnemøte. Nokre av oss deltek på bønnemøte på Betel i Volda tirsdagar klokka seks. Ellers så har vi bønnetimen onsdag og fredag klokka ti. Fleire er velkomne til å delta på desse. Dei som ber dei får!
Eg har starta opp med å gå på husbesøk igjen, og vil forsøke å prioritere dette. Vi kan ikkje sitte og vente på at dei ufrelste skal oppsøke oss. Vi må ut til dei med Den glade bodskapen! Vi lever i ei uroleg tid og mange er engsteleg for framtida. Det er krig i Ukraina og Putin har ynskje om å ta tilbake det gamle Sovjetsamveldet og vel så det. Vi må arbeide mens det er dag. Natta kjem når ingen kan arbeide, sa Jesus. Eg vart nyleg overraska over kor hyggelege folk i Ørsta var når eg var på husbesøk. Ei dame sa: «Eg er ikkje der enno». Då svarte eg: «Berre tak imot traktatane. Det kan kome ein dag då du kan få bruk for dei.» Ho takka og tok imot med glede!
Besøk i november
I byrjinga av november skal misjonær Gunnar Standal besøke Betel i Volda. Fordi dei har kveldsmøte på søndagane, så har vi fått han til å tale ein søndag hos oss og ein gong på bibelskulen. Standal er ein dyktig og erfaren forkynnar som saman med sin kone May Lise har virka i over 40 år i Brasil og har grunnlagt mange menigheter der. Han har mykje interessant å fortelje frå misjonsarbeidet og har opplevd mange under. Sonen Geir er pastor i menigheta Sion på Moster. Gunnar er opprinneleg frå Ålesund så han er ein ekte sunnmøring og er glad i sportsfiske.
Ellers så får vi igjen besøk av Kari Ristesund frå Kvamsøya. Trass i at Kari er over 80 år, så er ho svært aktiv og er rundt og preiker på ulike stadar. Ho får bodskap frå Herren Jesus og talar enkelt og inderleg. Det er alltid godt å høyre henne. Kari har eit hjarte av gull og har gjort mykje godt for mange, og har vore aktiv i politikken for Krf. Ho fekk for nokre åt sidan kongenms fortenestemedalje og det var vel fortjent. Kari høyrer til i Betel Volda, og det er fint at vi no kan ha eit samarbeide med dei i DFEF.
Bønn og faste
Siste helga i november vert det igjen bønn og faste samlingar. Per Arne Åkenes, Kåre Johan Lynge og fleire vert med og delar Guds ord. Det er ei krisetid i landet og i verda og det er mykje å be om. Mange av oss ynskjer ein ny kurs for Norge, der det vert vekkjing og at vi kan vere med og velsigne Israel, Ukraina og andre plassar der folk lir. Vi må huske på dei forfulgte kristne, spesielt i Nord Korea og i muslimske land.
Vi vil be for alle som er sjuke og be spesielt for Daniel Høydalsvik at han må bli frisk i magen. Be også for son til Lidya og Mikola, Bogdan, om bekytting, og at han slepp å reise ut i krigen! Gud er mektig til meir enn det vi veit å be om! La oss be om vekkjing i Ørsta og at mange må bli frelst i komande dagar. Herren har lova å utgyde sin Ande no i den siste tid!
Fødselsdagar i november:
Depaal Darjee (28.), Oliver Niyonkuru (21.), Cetin Nuay (10),
Arve Robertsen (03.)
Vi gratulerer!!!
Møta i november:
1. kl. 11. Tale: Hans Leie: Rut Vert: Edith Brødsbryting
Søndagsskule: Britt Karin
5. kl. 17 Zoe
6. kl. 17:30 Bibelgruppe norsk/engelsk
9. kl. 11. Tale: Gunnar Standal Leie: Hans Vert: Martha
Søndagsskule: Sonia
12. kl. 17. Zoe
13. kl. 17:30 Bibelgruppe norsk/engelsk
15. kl. 19:30 One80
16. kl. 11. Tale: Kari Ristesund Leie: Hans Vert: Anne og Paul
Søndagsskule: Hategekiana
17. kl. 19. Styremøte
19. kl. 17. Zoe
20. kl. 17:30 Bibelgruppe norsk/engelsk
23. kl. 11. Tale: Sølvi Leie: Elin Vert: Edith
Søndagsskule: Britt Karin
26. kl. 17. Zoe
28.-30. Bønn og faste:
28. kl. 19:00 Møte
29. kl. 11, 15 og 19 møte
30. kl. 11. Tale: Per Arne Åkenes Leie: Hans Vert: Chija Brødsbryting
Søndagsskule: Sonia
Onsdag og fredag kl. 10 BØNNENS TIME
Nytt Livs Senter:
Kyrkjegata 39, Boks 78, 6151 Ørsta
nyttlivssenter.no
Pastor:
Hans Reite
hansreite@hotmail.com tel. 93820272
Styre:
Hans Reite, Elin Roksvåg Torkildsen, Solomon Mwamba
Oliver Niyonkuru og Edith Reite
Konto: 3991.04.18401
Vipps: 507177
HUSK TIENDEN TIL MENIGHETA. GUD VELSIGNE DEG !
