DESEMBER 2025 – DFEF – NLS – 25 årg.

GLEDELEG JUL!
Det folket som går i mørkret, ser eit stort lys. Over dei som bur i dødsskuggens land, strålar lyset fram. For eit barn er oss fødd, ein son er oss gjeven. Herreveldet er lagt på hans skulder. Han hatt fått namnet Underfull rådgjevar, Veldig Gud, Evig far, Fredsfyrste. Så skal herre-veldet verta stort, og freden utan ende over Davids trone og hans kongerike. Han skal gjera det fast og halda det oppe. Profeten Jesaja 6.
Jula nærmar eg og vi kan igjen minnast han som kom for å lyse for oss som sit i mørke og dødsskygge. Ved Jesus har vi fått håp om eit evig liv i himmelen. Jesus vart fattig for at vi skulle få del i den store rikdommen å verta Guds barn og medarvingar til det fullkomne riket. Dette vert no feira over heile verda: Ein Frelsar er oss fødd! Utan han ville vi alle vore fattige syndarar på veg til ei evig fortaping. Vi kan prise Gud for hans kjærleik, at han ikkje sparte sin einaste son men gav han for oss alle og vil gi oss alle ting med han, og takke Jesus at han gav sitt liv og blod for oss!
Versa vitnar om kven Jesus verkeleg er. Han er Underfull rådgjevar. Det betyr at han vil tale til oss og gje oss råd om kva vi skal gjere og kva veg vi skal velge. Vidare er han Veldig Gud. Det store er at Gud vart menneske i Jesus Kristus! Han er gudesonen som er gitt all makt og som kan hjelpe oss i all vår nød. Han er Evig far. Det viser at han har omsorg for oss og vil oss vel. Jesus er som ein god far som vil oss det beste i alle situasjonar. Han er Fredsfyrste. Midt i alle problem kan vi eige Guds fred i våre hjarte. Ein dag skal han kome igjen og sitte på trona i Jerusalem. Heile Israel skal bli frelst og det vert fred i verda i tusen år. Det vert ei glanstid med fred mellom menneska og dyra. Alt er mulig for Gud!
Nytt i Nytt Livs Senter
Korleis har dette året vore? Arbeidet har gått på det jevne. Vi nådde ikkje målet med ti døpt og lagt til menigheta, men vi takkar for dei som tidlegare på året vart døypt og for fleire som vi har fått leia til Gud. Det er han som gir vekst og som all ære og pris skal ha. Det som har hatt mest framgang er ungdomsarbeidet. I den seinare tid har om lag 25 ungdommar vore samla på One80, og Elin har starta med bibelskule for tentro studentane og andre som er interesserte. Det er flott at dei unge har interesse for Guds ord. Bibelen seier: Lær dei unge den vegen dei skal gå og dei vik ikkje frå den når dei vert gamle, men vert bevarte i trua på Gud!
Vi har starta opp att med bibelstudie på torsdagane der vi går gjennom Markus evangeliet vers for vers. Den enkelte får delta i samtalen og det er interessant å høyre kva den dei har på hjartet. Guds ord er så rikt og Den heilage Ande viser oss stadig nye ting og herleggjer Kristus for oss. Vi takkar for Nabin Tamang, mannen til Jharna, som har komt og er med oss i møtene. Vi har bibelstudet på norsk og engelsk slik at alle kan forstå.
Året som har gått
Det var stort at vi kunne feire 25 års jubileum i august. Vi takkar Herren Jesus for hans trufastheit gjennom alle desse åra, og vil også takke til dokke alle gode medarbeidarar som har stått med! Det var flott å høyre pastor Kazuki Wada forkynne på jubileet om Guds hjelp i fortid, notid og i framtid. Vi merka Herrens sanksjon på møta som ein stadfesting om at han fortsatt vil vere med og velsigne. Eg trur at vi har det beste igjen, og at Noreg står framfor ei sterk vekkjing der mange skal verte vunne for Guds rike. Det er no dyrtid og vi trur at dette saman med uro vil drage mange til Guds rike. I året som har gått har vi vorte oppbygde i trua og er klar!
Vi har også fått vore med og evangelisert, og har stort sett vore ute med Gatekyrkja kvar månad. Mange fekk seg kaffi og vafler og ei helsing frå Jesus. Om vi ikkje ser så mykje resultat enno, så veit vi at det er kraft i evangeliet, og Guds ord skal ikkje vende tomt tilbake. Eg har gått litt på husbesøk i det siste, og er overraska over kor positivt dei fleste har tatt imot meg. Dette arbeidet ynskjer eg å fortsette med også neste år om Herren drøyer. Noreg er no ei stor misjonsmark og det er viktig å nå ut til dei mange som er i mørkret og ikkje kjenner Jesus.
Bønnemøta på onsdag og fredag vert halde på med sjølv om vi er få. Vi har løfte om at der to eller tre er samla så er Jesus midt iblandt oss!
Økonomien i Nytt Livs Senter
Kvar månad går vi med underskudd, men ekstra ille var det no i oktober. Då var det om lag femti tusen i utlegg og litt over tjue tusen i utlegg. Dette vart ein vekkjar for oss i styret, og vi vart einige om å ta nokre grep for å betre økonomien. Vi kan ikkje invitere så mange talarar som skal ha lønn, og har måtte avvise nokon. Heldigvis så har vi mange iblandt oss sjølve som kan forkynne Guds ord! Det som dreg mest er husleiga på 18000, men det er viktig at vi kan behalde alle roma slik at vi kan ha søndagsskule og andre ting. Vi vil stole på løftet som Herren gav oss frå 2. Kor. 9:8 som seier at Gud er mektig til å gje oss all nåde i rikeleg mon, slik at vi kan ha alt vi treng til for å kunne gjere all god gjerning for han!
Pastor orienterte nyleg om økonomien på eit møte. Han nemde at å gi tiende av inntekta er eit bibelsk prinsipp som gir velsigning ut frå profeten Malaki 3:6-12. Om alle medlemmar gav tiende til menigheta så ville økonomien ikkje vere noko problem, men vi driv ikkje med kontroll over kva den enkelte gir. Bibelen seier at Gud elskar ein glad givar, og at den enkelte frivillig skal bestemme seg kva dei vil gi. Ein kan øve seg opp i å gå i tru og få oppleve Guds signing i dette. Det er viktig at vi no i denne dyrtida sparar og er nøye med å slå ned straumen og ikkje bruke eingangskoppar og tallerkenar. Det blir billigare å bruke oppvaskmasina.
Jula i Nytt Livs Senter
Den vert litt annarleis i år. Pastor reiser vekk i jula med familia til Hemsedal der sonen Einar bur og arbeider. Heile familia på 13 vert samla der og det ser vi fram til. Vi vil difor feire jula litt på førehand og den 21. desember vil vi ha ei julegudsteneste. Då skal Solomon tale og det gler vi oss til. Juletreet vil då vere pynta og det vert gang rundt juletreet. Der vert kanskje nokre små presangar, i alle fall for borna. Vi vil gå rundt juletreet og synge julesongar. Den 20. desember vil vi dele ut gløgg og pepparkaker mellom Alti og Webjørn Svendsens gate der vi brukar å stå med Gatekyrkja. Den 4. januar vil vi ha ein jule- og nyttårsgudsteneste. Zoe bibelskule startar opp att onsdag 7. januar til vanleg tid klokka 17:00.
Fødselsdagar i desember: Vi gratulerer!!!
Maombi (14.), Innocent (14.), Olga (18.), Elsa (14.), Mary (31.), Anja (4.)
Precious (13.), Pierrine (1.), Martha (1.), Jacquline (31.) Prince (16.)
Angelique (24.), JESUS! (24.)
Møta i desember 2025:
3. kl. 17 Zoe
4. kl. 17:30 Samtalen
5. kl. 19 One80
7. kl. 11 Tale: Johanna og Jorian. Leie: Elin Vert: Martha BRØDSBRYTING
8. kl. 17:45 Tentro
10. kl. 17 Zoe
14. kl. 11. Tale: Elin Leie: Tove Vert: Siw
16. kl. 19. STYREMØTE
17. kl. 17 Zoe Juleavslutning
18. kl. 17:30 Samtalen
20. kl. 12 UTDELING AV GLØGG OG PEPPARKAKER
kl. 19. One80
21. kl. 11 Julegudsteneste Tale: Solomon Leie: Hans Vert: Edith
28. kl. 11 Tale: Hategekiana Tolk: Clementine Vert: Anne og Paul
31. kl. 10 – 12 (formiddag) BØNN FOR 2026
Bønnemøter: Onsdag og fredag kl. 10:00 Bønnetimen (formiddag)
Nytt Livs Senter:
Kyrkjegata 39, Boks 78, 6151 Ørsta
nyttlivssenter.no
Pastor : Hans Reite
hansreite@hotmail.com tel. 93820172
Styre:
Hans Reite, Elin Roksvåg Torkildsen, Solomon Mwamba
Oliver Nyonkuru og Edith Reite
Konto: 3991.04.18.401
Vipps: 507177
Vi i styret ynskjer alle
EI VELSIGNA JULEHELG OG ET GODT NYTT ÅR !!!
