Nytt Liv Januar

30. desember 2025

JANUAR 2026 NLS DFEF 26 årg. 

Maria og Tor Sætre talte på møte i 2025

Godt nyttår 2026! 

Ver alltid glade! Be uavlateleg! Takk Gud, kva som enn møter dykk! For dette er Guds vilje med dykk i Kristus Jesus. 

1. Tessalonikar 5:16-18 

     Dette vart valt til årets vers. Vi trur at 2026 skal verte eit godt år for Nytt Livs Senter, om vi er villige til å praktisere dette. Gleda i Gud er vår styrke og som kristne har vi verkeleg mykje å glede oss over. Det største er at namna våre er skrivne i Livets bok i himmelen, og at det ikkje er nokon fordøming for dei som er i Kristus Jesus. Vi kan glede oss over at vi er barn av Gud og at vi har fått det store privilegiet i å kunne tru på Jesus og få tene den levande Gud! Apostelen Paulus seier også at det er ein stor nåde ikkje berre å tru på Jesus, men også å lide for han. Herren gir oss sin Ande og har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen. 

    Vi har også fått retten til å kunne be og motta gode gåver frå Gud. Det er viktig med eit disiplinert bøneliv og ha faste rutiner. I Det gamle testamentet kan vi lese at Daniel bøygde kne og ba tre gongar om dagen. Det kan vere praktisk vanskeleg for oss, men vi kan ha ei bedande innstilling heile tida. På bildet er Maria og Tor Sætre. Dei er ivrige i bøna, og nokre av oss ber saman med dei og andre på tirsdagane kl. 18 på Betel i Volda. Det er fint å kunne stå saman i denne tida. Satan rasar som aldri før, men det er godt å vite at han er beseira av Jesus på korset! Vi kan takke under alle forhold, for Gud vil vende alt det vonde til noko godt. 

Nytt i Nytt Livs Senter 

   Vi takkar Gud for året som gikk og for Herrens trufastheit. Vi kunne betale alle rekningar og fortsatt ha noko igjen på konto. Takk til alle dokke som trufast står med i givartenesta. Det var stort at Nabin Tamang kom på slutten an 2026, og har vorte aktiv i menigheta. Jharna har måtta vente i åtte år før ho kunne få mannen sin hit. Ho har arbeidd hardt for å få det til. Vi vil gratulere dei med kjøp av ny leilighet på Ose i Ørsta! Det er ei stor velsigning. Vi trur at Gud vil bruke Nabin og Jharna på ein spesiell måte. Nls er ei internasjonal menighet og treng fleire medarbeidarar. 

   Det var ein fin julefest med god mat og mange innslag. Karina, datter til Britt Karin, sang nydeleg tre sangar og gav sitt vitnesbyrd om korleis ho nyleg fekk eit møte med Jesus og vart fødd på ny. Britt Karin fekk herleg bønnesvar, og dette er ei oppmuntring for oss andre som ber for våre kjære som enno ikkje kjenner Jesus. Det var også flott å høyre Jon Leirvik og Harry Andersen synge i saman. Jon er også forholdsvis nyfrelst. Han fortalde at han hadde sunge saman med Harry i ungdommen, men hadde kome på avstand til Gud. No vil han gi heile si tid til å vitne om Jesus! 

Ungdomdsarbeidet 

    Det er noko av det som er mest oppmuntrande i forsamlinga vår. Til kvart ungdomsmøte samlast det nesten tretti ungdommar som ynskjer å bli betre kjent med Jesus! Nokre av dei deltek også på bibelstudie på mandagane med Elin. Det er ei ungdomsvekkjing på veg i Amerika som har spreidd seg også hit til Europa og Noreg. Dette skjedde også på sytti- talet for femti år sidan. Be for dette viktige ungdomsarbeidet om at den enkelte må vokse i nåde og kjennskap til Jesus og verte leia til dåp og oppleve dåpen i Den Heilage Ande og verte vitner for Jesus. 

    På siste ungdomsmøtet høyrde eg at nokre av dei unge samla seg til lovsang. Det var flott å høyre. Det viser at dei har gleda i Gud og ynskjer å uttrykke den i sang! Kong David seier i Salme 40:4 «Han la ein ny song i min munn, ein lovsong til vår Gud. Mange skal sjå det og ottast og setja sin lit til HERREN». Det er flott når når ungdommen vert begeistra for Jesus og det han har gjort. Då vil dei snart vitne og få med seg nye på himmelvegen. Sist var det også fleire norske på ungdomsmøtet! 

    Til eit ungdomsmøtet kom det nyleg nokre som var ti, tolv år gamle. Vi har dessverre måtta avvise desse for dei var for unge. Det er trist at vi ikkje har junior for dei. La oss be om fleire medarbeidarar i arbeidet! 

Oppgåver i menigheita 

  Jesus sa ar hausten er stor og arbeidaranefå. Derfor må vi be om at HERREN driv arbeidarar ut sin haust. Der manglar folk i søndagsskulen og folk til å vaske lokalet. Det er for gale at det nesten berre Oliver som vaskar. Alt arbeid i Guds rike er frivillig, men husk at det er eit stort privilegium å tene Gud, og at han vil løne rettferdig tilbake. Jesus viste eit eksempel ved å tene og vaske føtene til læresveinane. Ein vil få like mykje løn med å vaske som ved å tale eller å lede møte. Om vi er trufaste i små ting, så har Jesus lova å opphøge oss og sette oss over meir! 

   La oss gjere alt for Jesus og ikkje for å vise oss for andre. Når vi tenkjer på alt Jesus har gjort for oss, så er det berre eit privilegium å få gjere noko fore han! Apostelen Paulus følte at han stod i takknemlighetsgjeld og var villig til å gjere kva som helst for Jesus. Apostelen Peter, som hadde fornekta Jesus, fekk tre spørmål frå han: «Elskar du meg?» Då han svara ja fekk han tre oppgåver: Å undervise born og å undervise- og beskytte dei truande. Peter var tru i denne oppgåva til han vert martyr. Dette gjeld også for oss: Ver tru inntil døden og du skal få Livets krone, seier Jesus! 

Kva vil skje i 2026? 

   Det er det berre Gud som veit, men ein kan ane at det vert eit vanskeleg år. Ut frå Bibelen veit vi at veane har begynt, og at dei antikristelege straumane vert sterkare. Vi vil få meir motstand frå dei ugudelege, og treng å stå saman i kjærleik som aldri før. Saman er vi sterke, og det er godt å vite at ingen ting skal kunne skilje oss frå Guds kjærleik i Jesus! 

   La oss tru at 2026 vert eit år med vekkjing og framgong i Nytt Livs Senter! Det er nødstider på mange måtar, og då er det ofte slik at folk begynner å tenke på Gud og søke han til frelse og hjelp. Dette er vår anledning. La oss vere frimodig og vitne om Jesus med ord og gjerning! 

Fødselsdagar i januar: 

Elisabeth Uwabera (01.01), Cyprien Hategekiana (01.01), 

 Vestine Inquabira (01.01), Britt Karin Ludvigsen (11.01), Solomon Mwamba (10.01|), Fidele Nzayisenga (01.01), Edith Reite (17.01) 

Anne Kristin Ystenes (10.01), Paul Ystenes (30.01) 

Vi gratulerer !!! 

Møta i januar: 

3. kl. 19. One80 

4. kl. 11. NYTTÅRSMØTE  Tale: Hans Leie: Rut. Vert: Anne og Paul 

                Brødsbryting 

7. kl. 17  Zoe 

8. 17:30  Samtalen 

11. kl. 11. Tale: Kari Ristesund  Leie: Elin  Vert: Edith 

12. kl. 17:45 Tentro 

14. kl.17. Zoe 

15. kl. 17:30 Samtalen 

17. kl. 19. One80 

18. kl. 11  Tale og sang: Harry Andersen  Lede: Hans  Vert: Martha 

21. 17. Zoe 

22. kl. 17:30 Samtalen 

25. kl. 11  Tale: Elin  Lede: Britt Karin  Vert: Chija 

26. kl. 17:45  Tentro 

28. kl. 17. Zoe 

29. kl. 17:30 Samtalen 

31. kl. 19  One80 

Onsdag og fredag kl. 10 (formiddag)  BØNNEMØTE 

Nytt Livs Senter 

Kyrkjegata 39, Boks 78, 6151 Ørsta 

nyttlivssenter.no 

Pastor: 

Hans Reite 

hansreite@hotmail.com  tel.93820172 

Styre: 

Hans Reite, Elin Roksvåg Torkildsen, Solomon Mwamba 

Oliver Niyonkuru og Edith Reite 

Konto: 3991. 0418401 

Vipps 507177 

Husk tiende til menigheta. Gud velsigne deg. Velsigna godt nytt år!