Nytt Liv Februar

21. januar 2026

FEBRUAR 2026 NLS DFEF 26 årg.

Lat oss prisa Herren Jesus Kristus!

BØNNESENTER PÅ NYTT LIVS SENTER

Enden på alle ting er nær. Ver difor sindige og edrue, så de kan be. Og ha framfor alt inderleg kjærleik til kvarandre, for kjærleiken løyner ei mengd med synder. Ver gjestmilde mot kvarandre utan å klaga.

1. Peter 4:7-9

Ein ny visjon for dette året er å ha eit bønnesenter. Frå før av har vi menighet, ein felleskristen bibelskule i lokalet, og støttar misjonsarbeid i fem ulike land. Ei fjerde søyle vil vere å ha eit bønnesenter. Vi har gode lokale sentralt i Ørsta og har gode muligheiter for parkering, og alt ligg til rette til å kunne samlast til ulike tider. Her kan folk frå ulike menigheter og samanhengar kome saman og søke Herren. Det er så viktig å stå i hop i kjærleik med alle sanne truande i denne tida. Åndskampen tilspissar seg etter som vi nærmar oss Jesu kome for å hente si brud. Satan rasar fordi han veit at hans tid til å virke er kort. Snart skal han bindast i tusen år.

Jesus sa at hans hus skal kallast eit bønens hus. Det viktigaste vi kan gjere er å be! Paulus skriv at framfor alle ting skal vi be for alle menneske og spesielt for dei styrande i landet og elles i verda. Vi er i Salmane oppfordra til å be for Israel og om fred for Jerusalem. Satan rasar mot jødane og Israel, for dei er spesielt utvalde, og for at frelsa som kjem frå jødane. Islam er ei åndsmakt som berre kan overvinnast gjennom bønn, faste og forkynninga av Guds ord. Dette er den sterkaste åndsmakta som trengjer seg fram over heile verda og som skal opne opp for Antikrist.

Når Jesus talte om endetida sa han: « Vak og bed så de kan halde ut!»

Nytt i Nytt Livs Senter

Vi kan melde at Sølvi Andås har gått inn som leiar for søndagsskulen. Det takkar vi Herren for! Sølvi har vore trufast med i forsamlinga nesten frå starten og var med i styret i fleire år. Ho er ein dyktig talar og gjer alt nøyaktig og forbereder seg godt. Vi takkar Gud for at Clementine også startar i søndagsskulen. No er det Sølvi, Britt Karin, Cyprien og Clementine som undervise kvar sin søndag. La oss huske dei i bønn, for dette arbeidet er svært viktig. Vi vil takke Sonja som nyleg gikk av som leiar. Ho har det travelt, og la oss huske familia i bønn og spesielt Daniel.

Det har kome klage på at nokon har øvd på keyboard svært høgt slik at det forstyrrar i andre etage. Vi må ta hensyn og dempe lyden! Det er no fleire som brukar andre etage i bygget, og vi må passe på å ha eit godt forhold til Frendetun som vi leiger hos. Til no har det godt bra og det vil vi fortsette med. Dei har vore greie mot oss og vi har full friheit til å virke.

Bruken av Nytt Livs Senter

Det er gledeleg at loket er i bruk nesten kvar einaste dag. Vi har til saman nesten fem hundre kvadratmeter i tillegg til å kunne bruke bomberomma i kjellaren. På mandagane underviser Elin i Tentro, og på tirsdagane har ho ei bibelgruppe for ungdommar. Onsdag er det bønn og lovsang og om kvelden er det Zoe bibelskule. Torsdagane har Sølvi og Ragnvald ei samling med ungdommar i samarbeid med Elin som er ungdomsleiar. Om kvelden er det «Samtalen». Vi er ei gruppe som samlast og delar tankar ut frå Markusevangeliet og vi syng og prisar Gud i saman.

Fredag er det igjen bønn og og lovsang i eit par timar. Annakvar laurdag er det One80 som er ungdomsmøte. Det er stort at 20 – 30 ungdommar samlast om Guds ord. Dei unge inviterar vennane sine så det vert stadig fleire. La oss be for Elin som har ansvaret for dette vitige arbeidet. Nokre gongar har vi også Gatekyrkje på laurdagane. Søndag er det møte og søndagsskule. Etter møtet er det øving med det nye koret som Mikola har starta. Dei som ynskjer har anledning til å vere med. Takk til Oliver og Kamilla som vaskar lokalet. Det er høve for fleire til å vere med!

Økonomien i Nytt Livs Senter

I desember var det kr. 49464 i utgifter, og kr. 45497 i inntekter.. Takk til alle som har gitt inn. Målet er at i 2026 skal vi begynne å gå i overskudd!

Zoe bibelskule

Ein trufast flokk på om lag 15 personar møter trufast fram kvar onsdag. Vi takkar rektor Per Arne Åkenes som dyktig leier skulen og gir oss god undervisning i Guds ord, og held oss orientert om det som skjer på det politiske plan rundt om i verda. Guds ord gir oss tryggheit trass i at der er mørke skyer i horisonten. Skulen er eit resultat av ein visjon som Per Arne fekk for lenge sidan og som han trufast utfører. Han er no i sitt åttiande år. La oss be om styrke og lækjedom, då han har nokre helse utfordringar.

Vi vil også gratulere Annbjørg, Per Arne si kone, med 80 årsdagen 20. januar. Annbjørg har trufast stått ved Per Arne si side også i Zoe. I fleire år var det ho som styrte på kjøkkenet saman med Hanne Birte og Anja. Gud velsigne deg Annbjørg for ditt varme smil og din gode gjerning! Utan Annbjørg kunne heller ikkje Per Arne gjort det han gjer. La oss også be om lækjedom for Annbjørg som slit med synet og hørselsn og andre ting. Gud er trufast. Han tilgjev vår synd og lækjer alle våre sjukdommar!

Ei internasjonal menighet

At vi er frå fleire ulike land er ein forsmak på himmelen. Der skal vi vere saman frå alle verdens land, folk og stammer. Takk til våre vener frå Afrika for mykje bønn, lovsongskoret og for mat på søndagane. Takk til vennane frå Ukraina, Filippinane, Tyrkia, Pakistan, Kongo, Rwanda, Uganda, Berundi, Eqador og andre land som er representert. Vi er eitt i Jesus Kristus og er søsken. La oss elske kvarandre og ta oss av kvarandre slik som Jesus har tatt seg av oss. Kjærleiken sigrar over hatet i verda!

Fødselsdagar i februar:

Samuel Chale (13.), Andreas Høydalsvik (07.), Jesper Ishimwe (06.),

Oliver Niyonkuru (08.), Chala Challia (16.)

Vi gratulerer!!!

BE:

  • Framgong i Nytt Livs Senter. Minst 10 frelst og døypt i år
  • Vekkelse i Noreg. For kongehuset, regjering og storting
  • Fred for Jerusalem. Frelse og beskytting for jødane
  • President Donald Trump om bevaring og leiing.

Møta i februar:

1. kl.11 Møte: Tale: Hans. Leie: Tove. Vert: Anne og Paul Brødsbryting

Søndagsskule: Cyprien

2. kl. 17:45 Tentro

4. kl. 17 Zoe

5. kl. 17:30 Samtalen

8. kl. 11. Tale: Hans Leie: Rut Vert: Edith

Søndagsskule: Clementine

11. kl. 17. Zoe

12. kl. 17:30 Samtalen

kl. 19:30 Styremøte

14. kl. 19. One80

15. kl. 11. Tale: Kari Ristesund Leie: Hans Vert: Martha

Søndagsskule: Britt Karin

16. kl. 17:45 Tentro

19. kl. 17:30 Samtalen

22. kl. 11. Tale: Einar Reite Leie: Hans Vert: Chija

Søndagsskule: Sølvi

25. kl. 17. Zoe

26. kl. 17:30 Samtalen

28. kl. 19. One80

Bønn og lovsang: Onsdag og fredag kl. 10:00 – 12:00

Nytt Livs Senter:

Kyrkjegata 39, Boks 78, 6151 Ørsta

nyttlivssenter.no

Pastor:

Hans Reite

hansreite@hotmail.com

tel. 93820272

Styre:

Hans Reite, Elin Roksvåg Torkildsen, Solomon Mwamba

Oliver Niyonkuru og Edith Reite

Konto: 3991.10.71200 Vipps: 507177 Husk tienden til menigheta!