Nytt Liv Mars

3. mars 2026

MARS 2016 NLS DFEF 26 årg. 

Frå eit søndagsmøte på Nytt Livs Senter 

Våren er her! 

   Vi har hatt ein vinter med mykje kulde og då er det godt å kjenne at det har vorte mildare. Mars er rekna som ein vår månad, men vi kan nok rekne med litt snø og vinter fortsatt. Det er fantastisk når blomane begynner å spire frå mørk jord. Det er liv i naturen og det viser at der ein mektig Gud som har skapt alt dette. Mange reknar seg som ateistar, men skal dei vere ærlege så må dei innrømme at det er ikkje alt dei forstår. Kong David seier i Salme 14: «Dåren seier i sitt hjarte: Det finst ingen Gud. Vondt og avskyeleg er alt dei gjer, det finst ingen som gjer det gode. Frå himmelen ser HERREN ned til menneska for å sjå om det finst nokon som er vis, nokon som søker Gud.» Det er selvfølgeleg at der er ein Gud! 

   Som kristne vetar vi alltid på ein ny vår. No er det tendensar til at trenden er i ferd med å snu og at unge menneske er i ferd med å søke sanninga. Dei er lei av woke og det skeive og vil ha det som er rett og verdt å byggje livet på. Salet av Biblar har auka kraftig her i Vesten og i landet vårt. Ting tydar på at etter femti år er ei ny Jesus vekkjing på veg! Vi er nokre som fekk møte Jesus på sytti talet og det forandra liva våre. Vi vart nye skapningar i Kristus Jesus. Eg fekk oppleve det som om lyset kom inn i sjela mi og eg vart fødd på ny. Sjølv om eg har gjort mange feil, så har ikkje livet vore det same etter at eg tok imot Jesus som Frelsar. 

   Det var dette Hans Nilsen Hauge fekk oppleve ute på marka då han sang songen: «Jesus din søte forening å smake.» Han vart frelst og døypt i Den Heilage Ande, og gikk heim til mora og sa: «Mor no er det vår.» Han gikk ut og forkynte evangeliet, og skarar vart frelst og Noreg vart forvandla! 

Bønnesenter 

   Vi har no fire pillarar i Nytt Livs Senter som vi vil bygge vidare på. Det er menighet, felleskristen bibelskule, misjon i fem land og det siste er bønnesenter. Dette er visjonen for det nye året. Utan bønn så så stoppar alt opp. Bøna er det viktigaste vi kan gjere i Guds rike, men vi må sjølvsagt gjere andre ting også. Ein har sagt det slik: «Arbeid og be og velsigningar skal strøyme ned.» Kari Ristesund talte nyleg så fint over orda i Matteus 7:7-8 «Be så skal du få, leit og du skal finne. Bnank på og det skal latast opp for deg. For kvar den som ber han får, og den som leitar han finn og for den som bankar på skal det latast opp for 

    Pastoren for verdas største menighet sa det slik: «Det har aldri vore, og det er heller ikkje i dag, nokon snarveg til vekkjing. Dersom du ynsker vekkjing så er bønn den einaste nøkkelen til dette. La Den Helage Ande få tenne opp ditt liv med trua si fyrstikke. La gløden spreie seg i heile menigheta, slik at det til slutt blir ein eld som sprer seg over diin by og ditt land. La oss begynne no. Om ikkje no, kva tid då? Om ikkje deg kven då? Om ikkje her, kvar då?» Dette er viktige ord å ta med på vegen. Enno så er det nydetid og vi har enorme muligheiter til å utrette store ting ved bønn! 

   Vi vil heller ikkje berre tigge ting frå Gud for han veit på førehand kva vi treng. La oss ta tid til å prise vår skapar og frelsar! Difor deler vi inn bønnemøta med ein fasong som i Fadervår. Vi startar med å prise HERREN og derettter legge fram det vi har vorte einige om å be om, og så takke, tilbe og prise Gud. Stort set så går den første timen med til bønnebegjær og den andre timen til takk og lovsang. Vi har fått fleire sangbøker med besifring og derfor er det fleire som kan delta med gitar og andre instrument. La alt som har ande prise Herren, står det i Salme 150. 

Nytt i Nytt Livs Senter 

   Denne månaden har vi mykje besøk. Den 1. talar Einar Reite og Øyvind Furnes. Dei er engasjert i EAGLE PROJECT. Det er eit arbeid som hjelper unge jødar i militæret som har kome til tru på Jesus. Dei kallar seg for Messianske jødar. I fjor sponsa dei 20 ungdommar frå Israel som kom til Noreg på leir saman med 20 norske ungdommar. Leiren var vellukka og dei planlegg ein ny leir i år. Det er viktig å støtte våre jødiske vennar! 

     Den 8. mars kjem vår svigerson Moses Onen som fortel om prosjektet med å bygge eit stort menighetslokale ved byen Gulu i Uganda. Arbeidet har stoppa opp på grunn av mangel på pengar og andre ting. Moses vil fortelje om prosjektet og om kva som skjer no. Han vil snart reise ein tur til Uganda og få arbeidet i gong igjen. Det er stort at vi kan drive misjon i fem ulike land og støtte arbeidet med bønn og midlar. Vi ynskjer å vere ei misjonsmenighet. Guds ord seier: « HERLEGE TING HAR HERREN GJORT. LA DETTE BLI KJENT OVER HEILE VERDA! Jesaja 12:5 

   Den 15. vert det eit sang og vitnemøte. Det er stort at vi no har fått fleire sanggrupper i menigheta som kan delta. Av og til er det også godt å få høyre levande vitnesbyrd og ikkje berre talar. Det er viktig at den enkelte har høve til å delta og få bruke sine nådegåver. Siste søndagen vert det familiemøte med Elin og Sølvi. Det er lenge sidan vi har hatt. Av og til kan heile menigheta vere samla og det er enkel undervisning som alle kan forstå. Det er flott at vi har nok folk til å dekke alle søndagane med søndagsskule, og at vi har eit godt ungdomsarbeid. Det er framtida til Nls. 

Økonomien 

   I januar var det eit stort underskot. Det var over dobbelt så mykje utgifter som inntekter. Ein av grunnane var at vi måtte betale kr. 22000 for luftigsanlegget som vi egentleg ikkje brukar. Ein annan grunn var at det var så kaldt at straumen kosta 11000 på ein halv månad sjølv om vi prøvde å spare! Vi vonar at den enkelte vil gi tiende slik at vi kan betale husleige og rekningar slik at vi kan behalde lokalet. Ein har bruk for alle roma til dei enkelte aktivitetane som vi har. Ved å gi fast på sgiro kan ein få det skattefritt inntil kr. 25000 i året. Gud elskar ein glad givar! 

Fødselsdagar i mars 

Kjell Klokk (3.), Caleb Mwamba (30), Cecilie (26), Galang (02), 

Monday (02) 

Vi gratulerer !!! 

  • Be for fred i Ukraina og heile verda! 
  • Be for kongen og kongehuset 
  • Be om ti sjeler frelst i nls 
  • Be for frerd i Jerusalem 

Møta i mars: 

1. kl. 11 Tale Einar Reite og Øyvind Furnes Leie Hans  Vert: Edith 

2. kl. 18:30 Tentro 

4. kl. 17 Zoe 

5. kl. 17:30 Samtalen 

8. kl. 11. Tale Moses Onen  Leie: Elin  DÅP!  Vert: Mangala 

11. kl. 17. Zoe 

12. kl. 17:30 Samtalen 

14. kl. 19 One80 

15. kl. 11. Sang og vitnemøte Leie: Hans Vert: Anne og Paul 

16. kl. 18:30 Tentro 

18. 17 Zoe 

19. kl.17:30 Samtalen 

20. kl. 19 ELLA ONOKOYA 

21. kl. 12 Gatekyrkje 

      kl. 16. Møte 

22. kl. 11 Tale: ELLA ONOKOYA  Leie: Paul Vert: Martha 

25. kl. 17. Zoe 

26. kl. 17:30 Samtalen 

      kl. 19:30 STYREMØTE 

28. kl. 19 One80 

29. kl. 11. FAMILIEMØTE  Elin og Sølvi Vert: Chija 

30. kl. 18:30 Tentro 

NYTT LIVS SENTER 

Kyrkjegata 39, 6151 Ørsta 

nyttlivssenter.no 

Pastor: Hans Reite 

hansreite@hotmail.com 

Tel. 93820172 

Styre: 

Hans Reite, Elin Roksvåg Torkildsen, Solomon Mwamba 

Oliver Niyonkuru og Edith Reite 

Konto: 3991.04.18401  Vipps: 507177  Husk tienden!