Nytt Liv April

29. mars 2026

APRIL 2026 NLS DFEF 26 årg.

Eg lyfter auga mine til fjella. Kvar kjem mi hjelp ifrå? Mi hjelp kjem frå HERREN, som har skapt himmel og jord. Han vil ikkje la foten din vakla, din vaktar vil ikkje blunda! Sjå, han blundar ikkje og søv ikkje, Israels vaktar. HERREN er din vaktar, HERREN er din skugge ved di høgre hand. Sola skal ikkje skada deg om dagen, heller ikkje månen om natta. HERREN skal vara deg frå alt vondt. Han skal verna om ditt liv. HERREN skal vara din utgang og din inngang frå no av og til evig tid. Salme 121

Dette er herlege løfter som Gud har gitt oss, og som gir oss tryggheit i livet. Den allmektige Gud vaker over sitt ord for å fullføre det. Ein trufast Herre vil aldri svikte oss. Vi ser korleis han tek seg av sitt eigendomsfolk Israel. Han lovte gjennom profetane å gi jødane tilbake etter at han tok det frå dei. Den 14. mai 1948 vart staten Israel etablert etter at folket hadde vore spreidd rundt om i heile verda i nesten to tusen år. Etter det har det vore mange krigar, og Israel har vunne dei alle! Det er beviset på at Gud held løfta sine. Ingen ting er umulig for HERREN! Om heila verd står imot, så kan ingen stoppe Gud. Han vaker over sitt ord.

I ei tid då det er krig mange plassar og dyrtid så treng vi ikkje å frykte. Jesus er med og han har lært oss i bøna Fadervår å be om det daglege brød. Han har omsorg kvar enkelt av oss og for heile menigheta. Vi minner om løftet i 2. Kor. 9:8: «Og Gud er mektig til å gje dykk alle gåver i rikt mål, så de alltid og i alle høve skal ha alt de treng, ja, ha overflod til all god gjerning.» Vi minner også om det kong David seier: «Ung har eg vore , no er eg gamal, aldri har eg sett ein rettferdig forlaten, eller hans born be om brød.» Salme 37:25 La oss ha tru til Gud og stole på løftene!

Nytt i Nytt Livs Senter

Det var fine møter då Ella Onokoya var her og det var nore som opplevde helbredelse og vi fekk leie fleire i frelsesbøna ute på gata. La oss be om at dei må verte knytte til menigheta og bli bevart. Det var også flott at Theodor og Gloria nyleg vart døypt. Ein vert mint om songen til Mattias Orheim: «Det venaste syn som eg fer sjå er ungdom på kne for Gud.» Det var også fint at fleire ungdommar var til stades på dåpsmøta og lokalet var nesten fullt. Herren verkar midt iblant oss! Det er svar på bønn, og viser at det lønner seg å ta tid i bønn. Jesus lovte: «Den som ber han får!»

Årsmøte

Den 12. april vert det årsmøte etter det vanlege møtet. Saker som du ønsker å ta opp må leverast inn til pastor innan 4. april. Vi vil få rapport frå dei ulike virkegreiner og få lest opp årsrapport og økonomisk rapport for 2025, og snakke om det vidare arbeidet i menigheta. Vi vonar at flest mulig vil delta på møtet. Det er viktig at vi står saman skulder til skulder og snakkar saman. Vi er folk frå om lag ti ulike nasjonar og det er lett for at vi kan misforstå kvarandre. Alle har vi vår bagasje med oss og vi kjem frå ulike tradisjonar og kulturar. Sjølv om vi alle er kristne så kan vi tenke på forskjellige måtar og ha ulike løysingar på problema som kan oppstå.

Økonomien

Verdsøkonomien og økonomien i Noreg er i store problem, og det har virkning også på oss. Prisen på mat har vorte dyr, og også på bensin og andre ting. Mange har problem med å få endane til å møtast. Likevel er det viktig å huske på forsamlinga vår og prøve å gi tienden av inntekta til den slik at vi kan få betalt husleiga og andre utgifter. Akkurat no har vi lite pengar og det er berre så vidt at vi har nok til å kunne betale regningane.

«Kom med heile tienda til forrådskammeret så det finst mat i mitt hus. Prøv meg på denne måten, seier HERREN over hærskarane. Eg skal sanneleg opna himmelens sluser og ausa ut over dykk velsigning utan mål.» Malaki 3:10 Dette er eit flott løfte. Om vi er lydige og gir tienda i tru, så vil Gud rikeleg velsigne oss! Det er Guds velsigning som gjer rik.

Dessverre så vart vi i styret for seine med å melde inn medlemmslistene til statsforvaltaren i år, slik at vi ikkje får statsstøtte dette året. Difor må vi prøve å spare og vere forsiktige med bruken av pengane. Gud hjelpe oss!

Nye medlemmar

Vi kan med glede melde at Tove Nedregaard og Nabin, mann til Jharna, har bestemt seg for å verte medlemmar av menigheta. Dei er allereie med oss til stor velsigning. Tove er med og leier møter og har også talt fleire gongar. Nabin har vorte med i ungdomsarbeidet. Vi gler oss over at Kjersti, Hanne Birte og Anja har kome tilbake til menigheta. Fred som no bur på Krøvelen er med i Frelsesarmeen vil også vere med oss. Han vil hjelpe oss med det sosiale arbeidet. Vi ynskje å vere ei menighet som når ut til rusmisbrukarar og til dei som er fattige og har store problem.

Vi takkar for at Hanne Birte og Anja har tatt på seg å vaske lokalet, og Hanne Birte har fått kortet til menigheta slik at ho kan stå for innkjøp av mat og det som trengst. Dei er trufast med i det viktige bønnearbeidet som vil gi vekst. Vi takkar for at våre venner frå Afrika vil fortsette med å skaffe mat på søndagsmøta. Det er viktig at vi fordeler oppgåvene og at ingen vert utbrent i tenesta for Gud. Vi er Kristi lekam og Jesus er hovudet som skal gi oss inspirasjon og signal for kva vi skal gjere. La oss lytte til han!

Tur til Japan

Pastor reiser til Japan frå 27. april til 16. mai. Kvifor gjer han det? Det er for å halde kontakt med menighetene han var med å starte der for over tretti år sidan. Han skal tale fleire plassar og ynskjer å vere til inspirasjon og hjelp for dei truande der. Japan er fortsatt eit hardt misjonsfelt og menighetene er små. Er det i ferd med å verte ei forandring? Det ynskjer eg å få vite. Har lagt vinn på å bevare språket og etter eit par dager kjem orda automatisk. Edith og eg la ned våre beste år i tenesta der ute og eg kjenner at Japan framleis har ein stor plass i hjartet. Be for denne turen!

Fødelsdagar i april:

Hanne Birte Koppen (5.), Daniel og David Yamuremye (4.),

Elin Roksvåg Torkildsen (2.)

Vi gratulerer!!!

Be:

  • Bevaring for Bogdan i krigen i Ukraina
  • Fred i Ukrina , Israel og i heile verda
  • Framgang for Guds rike i Ørsta og Nls
  • Barne og ungdomsarbeidet i Nls.

Møta i April:

2. kl. 18:00 Skjærtorsdag Møte med brødsbryting og mat

5. kl. 11:00 1. Påskedag Tale: Hans Leie: Elin Vert: Edith Brødsbr.

8. kl. 17:00 Zoe

9. kl. 18:30 Samtalen

11. kl. 12:00 Jesus marsj Volda

kl. 19:00 One80

12. kl. 11:00 Vitnemøte Leie: Hans Vert: Anne og Paul

kl. 13:30 ÅRSMØTE

13. kl. 18:45 Tentro

14. kl. 19:00 STYREMØTE

15. kl. 17:00 Zoe

16. kl. 18:30 Samtalen

18. kl. 12:00 GATEKYRKJE

19. kl. 1100 Tale: Kari Ristesund Leie: Hans Vert: Martha

22. kl. 17:00 Zoe

23. 18:30 Samtalen

24. kl. 19:00 NB! One80

26. kl. 11:00 Tale: Hans Leie: Paul Vert: Chija

27. kl. 18:45 Tentro

BØNNEMØTE: Onsdag og fredag kl. 10:00- 12:00

Søndag kl. 10:00 – 10:30

NYTT LIVS SENTER

Kyrkjegata 39, Boks 78, 6151 Ørsta

nyttlivssenter.no

Pastor: Hans Reite

hansreite@hotmail.com tel. 93820172

Styre:

Hans Reite, Elin Roksvåg Torkildsen , Solomon Mwamba

Oliver Nyonkuru og Edith Reite

Ungdomsleiar: Elin Roksvåg Torkildsen

Søndagsskuleleiar: Sølvi Andås

Konto: 3991.04.19401 Vipps: 507177 Husk tienden!