Nytt Liv Mai

19. mai 2026

MAI 2026 NLS DFEF 26 årg.

Kongehuset vårt

Dersom HERREN ikkje byggjer huset, arbeider bygningsmennene fåfengt. Dersom HERREN ikkje vaktar byen, vaker vaktmannen fåfengt. Salme 127

Mai du søte milde er komen, og vi kan som ein fri nasjon igjen feire nasjonal- dagen vår. Det er stor nåde då vi veit at i mange land er det krig og undertrykking. Vi har så mykje å takke for. Noreg er framleis eit godt land å bu i. Vi har flott natur, reint vatn, frisk luft, mat og fridom. Mange kan vere misunnelege på oss. Ein kan spørre seg: Kvifor skal vi ha det så godt når så mange i verda lid? Det er stor urettferd og vi lever som som kongar samanlikna med mange andre. La oss vere takksame og prise Gud som har vore så god mot oss, og be for alle dei som har det vanskeleg og lir rundt om i verda.

Det var ei stor velsigning at vi fekk kristendomen for tusen år sidan. Då vart det slutt på den norrøne religionen med drap og blodhemn. Kristus med frelse og tilgjeving var noko nytt som skapte fred og gjorde nordmenn meir fredelege. Det vart slutt på hærferdene til England og Frankrike. Ned gjennom historia har vi hatt mange vekkjingar og Guds ord har hatt eit godt feste i landet vårt. Det er no trist å sjå utviklinga med avkristning i stor fart. Folket har forlatt Gud og går på syndens breide veg mot fortapinga. Vi treng ein gjennom- gripande vekkjing for at vi fortsatt skal kunne ha friheit og fred.

La oss be for kongehuset vårt der det er store problem. Det er trist å sjå kva som har skjedd og kor dei vert uthengt i media. Det har vore for lite bøn! La oss også be for stortinget og regjeringa vår. Dei har laga ugudelege lover og er på feil kurs. Noreg støttar Iran og Hamas meir enn vi støttar Israel, Guds eigendomsfolk! Dette fører til forbanning for oss og kan ta fridomen bort. Vi ser no korleis Russland stadig truar med å angripe oss. Ein dag kan det skje! La oss minnes songen: « Det er makt i de foldede hender.» Berre Gud kan hjelpe!

Nytt i Nytt Livs Senter

Vi hadde eit fint årsmøte der fleire enn før deltok. Den økonomiske sida kom i fokus og der kom fram fleire forslag om korleis økonomien kan verte bedre. Ein ting er at om alle medlemmar gav tienden trufast så ville der vere nok pengar, men vi har ingen tvang. Ein kvar må gi som han eller ho bestemmer seg for. Bibelen seier at Gud elskar ein glad givar og vi skal ikkje gi med tvang.Det kom forslag om å ha ein basar til hausten, og vi vil bruke oppvaskmaskina meir og kutte ut eingangstallerkenar og koppar. Vi vil avartere mindre i avisene og bruke sosiale media meir. På den måten kan vi spare pengar. Som Pere Hovdenakk ein gong sa:» Det er viktig at båten flyt og ikkje sekk.»

Vi har hatt mange fine møte og bra med folk, men det er ikkje så mange innfødde ørstingar som går på møta. Vi treng eit gjennombrot i denne bygda! I Møre Nytt kunne vi lese at dei vil bygge eit norrønt senter på Ose der gudealteret ein gong var. Dette er ikkje bra! På gatekyrkje møtte vi ei dame som driv med norrøne ofringar. Ho var ganske open for å lytte til evangeliet. La oss be om at ho vert frelst og får møte Jesus og sjå at hans offer var nok for tid og evigheit. Alle andre offer er til vonde ånder, og dei vil vi ikkje ha kontakt med. Jesus viste seg som seiersherre over dei på korset!

Evangelisering

Ein laurdag var Luukas og eg ute på råneevangelisering. Det var interessant og mange var opne for Guds ord. Mellom andre så samtala vi med nokre frå Folkehøgskulen. To av dei bad frelsesbøna. Dei lovde å kome på møte hos oss. Vi møtte også ei ung dame som kalte seg satanist. Måtte ho verte frelst og få sjå lyset frå evangeliet! Eg har også møtt folk som er opne på husbesøk. Folk er meir positive enn eg hadde trudd. Ein dag vil det kome eiot gjennombrot, og det vert ei ny vekkjing i Ørsta. Guds ord vender ikkje tomt tilbake. La oss vere frimodige og dele ut traktatar og snakke med folk om Gud. Evigheita er lagt ned i alle menneske, og det er ingen fred for dei ugudelege, seier Bibelen.

Tur til Japan

Eg reiser til Japan frå 27. april til 17. mai, og skal tale i ulike forsamlingar der. Det er 49 år sidan vi reiste til Japan for første gong, og no er det 30 år sidan vi flytta heim til Noreg. Tida har gått, men eg har halde språket ved like, og har leve i vona om at der vil kome vekkjing i Japan. Difor er eg no spent på om der er noko forandring på det åndelege området. Japanarane er eit stolt folk, men Gud er mektig til å bryte dette ned gjennom trengsler. Landet har vorte ramma av mange jordskjelv, tsunamiar og er svært sårbart på det økonomiske området. Det spørs korleis det går når det blir mangel på olje på verdsmarkedet. Be for turen og for Edith som er heime. Elin blir ansvarleg for menigheta når eg er vekke, og du kan ta kontakt med henne om der er noko problem eller andre ting som skjer. Eg vil også huske på dokke i bønn!

17. mai festen

Som vanleg vil vi arrangere fest denne dagen kl. 18 og det vert ikkje formiddagsmøte. Den enkelte kan delta med å ta med noko mat eller noko til kaffi. Det vert nasjonalsangar og helsingar og Ragnvald vil ha ein liten tale som vert oversett til afrikansk. Vi vil sjølvsagt pynte og glede oss i saman på denne nasjonaldagen. Om du har noko å bidra med kan du ta kontakt!

Stemne i august

Frå 5. til 9. august vil vi arrangere Misjonsstemne i menigheta. Dei som deltar er mellom andre pastor Trond Taule, Arne Hole, Bjørn Inge Johansen, Kari Ristesund, John Gerhard Leirvik og fleire. Koret og menighetsmusikken deltek og det blir mykje sang og musikk. La oss be for dette stemnet om at Guds herlegdom må verte openberra. Vi ynskjer å vere ei misjonsmenighet, og støtter no misjon i fem land: I Etiopia, Benin, Uganda, Japan og Israel. Vår visjon er også å kunne sende team til å ha møter i ulike land, men no er det først og fremst Noreg som treng Guds ord for stndemålet er snart fullt og Guds dom står for døra. La oss audmjuke oss for Gud og be om nåde for land og folk!

Fødselsdagar i mai

Bukuolte Gatluak Tut (25), Mykola Palamarch (31.), Clever (14.), Olive Bamurange (02), Ruban Darjee (1.), Karsten Eikrem (15.)

Vi gratulerer!!!

Bønnebegjær:

  • Be om vekkjing og beskytting for landet vårt
  • Fred i Ukrina. Beskytting for Bogdan
  • Fred for Jerusalem og Israel
  • At styret i Iran må falle
  • For alle forfulgte heime
  • Vekkelse for Japan og turen min
  • Velsigning og framgong i Nytt Livs Senter
  • For barne- og ungdomsarbeidet
  • Beskytting og bevaring for president Donald trumph