Nytt Liv Sommar

11. juni 2026

SOMMAR 2026 NLS DFEF 26årg.

God sommar!

Han la i min munn ein ny sang, ein lovsang til min Gud. Mange skal sjå det og frykte sette sin lit til Herren Salme 40:3

Som kristne har vi verkeleg grunn til å prise Jesus! Han har født oss på ny til eit levande håp ved oppstoda frå dei døde. Vi har fått del i eit evig liv heime i himmelen. No er det sommar, men den varer berre ei kort tid og snart er det haust igjen. Livet på jorda er i sanning kort, men det livet som Herren har gitt oss skal aldri ta slutt! Vi forstår det ikkje, men dette er løftet som Gud har gitt oss: Det evige liv! Sjølv om vi høyrer om krig og ulykker så kan vi løfte våre hoder for forløysinga stundar til. Jesus skal snart kome igjen og hente oss heim til himmelens skjønne land.Våk og les i Bibelen!

Apostelen Johannes var på Patmos og såg bokrullen som var forsegla, og som ingen kunne opne. Vegen til himmelen var stengt og han græt sårt. Då fekk han sjå lammet som var slakta. Det var Jesus som opna vegen til himmelen for oss. Då fekk han høyre: «Frykt ikkje for lammet er verdig til å opne bokrullen!»

Nytt i Nytt Livs Senter

Det er sommar og ferietid og ikkje så mange møter, men også i år så har vi tenkt å ha søndagsmøter gjennom heile sommaren. Ikkje alle kan reise på ferie og då er det godt å ha ein stad å kome til for dei er her heile tida. Sidan dei fleste menighetene har ferie så hender det vi får besøk av andre, og det set vi stor pris på. Det er så viktig også i sommarstida å kome saman i Jesu namn. Han har lova å vere nær og velsigne oss. Denne verda er som ein åndeleg ørken, men menigheta er ein oase der folk kan drikke det levande vatnet som Jesus gir oss av berre nåde!

Vi hadde ei fin avslutning på Zoe bibelskule. Mange møtte fram og der var mykje god mat. Lydia laga god borsch og bollar, og ho kunne fortelje at sonen Bogdan hadde vore ute for eit angrep i Ukraina og bilen vart bomba, men som ved eit under så slapp han uskada frå det. Gud sende sin engel og beskytta han. Vi har ein levande Gud som høyrer og svarar våre bøner. Han søv ikkje og slumrar ikkje han som vaktar Israel. Dette talte Kari Ristesund så fint om då ho nyleg vitja oss. Vi får alle erfare at dette er sant!

Barne og ungdomsarbeidet

Nyleg var vi med ungdommane på ein dagstur til hytta Sion i Aldalen, der dei fekk utfalde seg med ulike aktivitetar. Vi takkar Gud for desse fine ungdommane, og fleire av dei har begynt å kome også på dei vanlege søndagsmøta. La oss be for ungdomen og for Elin spom er leiar. Ho får no god hjelp av Nabin som har vorte flink i norsk. Vi vonar at vi snart kan få ein ungdomsmusikk og at dei unge kan delta med lovsang på møta.

Det er også fint med søndagsskulen der Sølvi har lagt opp ein fin plan for hausten. Vi vil gratulere henne så mykje med 75 årsdagen som ho nyleg kunne feire. Ho gjer verkeleg ein god jobb og får fin hjelp av Cyprien, Britt Karin og Clementine. La oss også huske på desse i våre bønner slik at borna kan få eit levande møte med Jesus før den vonde får tak i dei. Dette er svært viktig!

Stemnet i august

Også i år vil vi arrangere eit sommarstemne, og i år kallar vi det eit misjonsstemne. Mottoet er Ut i all verda! ut frå Markus 16:15-20. Jesu ordre står enno fast. Det viktigaste vi kan gjere er å be og å forkynne Dei gode nyheitene til dei som ikkje kjenner Jesus. Han døde for alle, og Gud vil at alle skal få høyre evangeliet og få høve til å bli frelst. Vi støttar no pastorar, evangelistar og andre i fem land: Etiopia, Benin, Uganda, Israel og Japan.I oktober planlegg vi ei kampanje med eit team til Benin

No i juni får vi vitjing av vår svigerson Moses som er opptatt av å bygge eit menighetsbygg ved byen Gulu der han kjem ifrå. Arbeidet har stoppa opp ved mangel på pengar, men han vonar no at myndighetene der nede vil hjelpe med bygget. Moses vil vise bilder og orientere oss om prosjektet. I august får vi vitjing av Einar , vår son, som har med messianske ungdommar frå Israel. Dei vil synge og vitne for oss på ein laurdagskveld.

Dei som skal tale på stemnet er Trond Taule, Arne Hole, Bjørn Inge Johansen, Kari Ristesund, Tor og Maria Sætre, Elin Roksvåg Torkildsen og eg. Der vert ulike sangkrefter, og vi ber og vonar at Herrens herlegdom må openberrast, så alt folk får sjå det. Rut, Britt Karin og Anne har lova å hjelpe til med mat, og vi vonar at endå fleire vil hjelpe til. Vi er alle eit team i saman og trur at dette skal verte eit godt stemne med Jesus i sentrum!

Fødselsdagar i sommar:

Joshua, Nayeli, Billion, Bal, Bishnu, Munta, Rosbella, Claudien, Hildur, Sonia, Iradakunda, Steevy, Rut, Surben, Jennifer, Chabnic, Gloria, Tove, Clementine, Uwineza, Mukamusoni,Uduase, Mahoro, Hans, Rukia, Run Maya, Charles, Isaac, Anthony, Lydia, Hectowin, Sølvi og Raissa.

Vi gratulerer !!!

MØTA I SOMMAR:

7.06 kl.11. Tale: Hans Leie: Rut Vert: Edith

8.06. kl. 17:45 Tentro

14.06 kl.11 Sang og vitnemøte. Leie: Paul Vert: Anne

20.06 kl. 12 Jesus marsj Ørsta

21.06 kl. 11 Tale: Elin Leie: Hans Festmøte Tentro avslutning Vert: Mangala

22.06 kl. 17:45 Tentro

23. 06 kl.16. JONSOK Grilling på Osestranda

28.06 kl. 11. Tale Moses Onen Leie: Hans Vert: Chija

5.07 kl. 11 Tale: Tove Leie: Per Arne Vert: Martha

12.07 kl. 11 Tale: Oliver Leie: Britt Karin Vert: Mangala

19.07 kl. 11 Tale og leie: Per Arne Vert : Chija

26.07 Tale : Solomon Leie: Britt Karin Vert: Martha

2.08 kl. 11 Tale: Hans Leie: Elin Vert: Edith Brødsbryting

5.-9. 08 STEMNE: Kvar morgen bønn kl. 10

5. kl. 11 Per Arne Leie: Hans kl. 16 Elin Leie: Hans kl. 19 Trond Leie: Elin

6. kl. 11 Arne Leie: Elin kl.16 Trond Leie: Paul kl. 19 Bjørn Inge Leie: Hans

7. kl. 11 Arne og Trond Leie: Hans kl.16 Tale: Bjørn Inge kl. 19 Hans Leie Elin

8. kl. 12 Friluftsmøte kl. 16. Tale: Kari Leie: Paul kl. 19 Tor og Maria Leie:Elin

9. kl. 11 Tale Trond Leie: Hans Vert: Paul

15.08 kl. 19 Eagle project Sang, tale og vitnesbyrd frå messianske jødar

16. 08 kl. 11 Sang og vitnemøte Leie: Hans Vert: Martha

23.08 kl. 11 Tale: Elin Leie: Rut Vert: Chija

30.08 kl. 11 Tale: Hans Leie: Paul Vert: Mangala

Nytt Livs Senter

Kyrkjegata 39, Boks 78, 6151 Ørsta

nyttlivssenter.no

Pastor: Hans Reite

hansreite@hotmail.com

Styre:

Hans Reite, Elin Roksvåg Torkildsen, Solomon Mwamba

Oliver Niyonkuru og Edith Reite

Konto: 3991.04.18401

Vipps 50 7177

Husk tienden til menigheta God sommar!