Nytt Liv September

27. august 2026

SEPTEMBER 2026 DFEF NLS 26 årg.

Frå stemnet i august

Liv og uforgjengeligheit ved evangeliet

Han har frelst oss og kalla oss med eit heilagt kall, ikkje på grunn av gjerningane våre, men etter sin eigen vilje og nåde, den som er gjeven oss i Kristus Jesus frå evige tider, og som no har vorte openberra då vår frelsar Kristus Jesus kom til jord. Han har gjort ende på døden og ført og ført udødeleg liv fram i lyset ved evangeliet. For dette er eg sett til herold, apostel og lærar.

2. Timoteus 1:9-11.

Tida går fort og det er alt haust. Kvar vart sommaren av? Vi har vel ikkje hatt nokon skikkeleg sommar i haust, men det er vel betre med litt regn og ruskever enn ekstrem varme og brannar som dei har hatt mange plassar i Europa. I Johannes Openberring står det at menneka øydelegg jorda og skal spotte Gud for at det har vorte så varmt. Vi ser på mange måtar korleis Guds ord går i oppfyljing i vår tid. Det største teiknet er sjølvsagt at Israel fortsatt eksisterer og at Jerusalem vert bevart.

Vi vert stadig eldre og det merkast på kropp og sjel. Eg fylte 72 år i august og kunne ha vore pensjonist i ti år, men er glad for fortsatt å få vere i teneste for evangeliet som er verda sin beste bodskap. Tenk å kunne leve i lykke til evig tid! Songaren seier det så fint: «Eg skal ikkje døy men leve med Jesus til æveleg tid.» Mange tenker at dette berre er ønsketenking og eventyr, men vi veit at det er sant! Snart skal Jesus kome i herliheit og ta oss med til vårt rette heimland. Det er ei stor trøyst alt det som skjer!

STEMNET I SOMMAR

Det var med spenning vi såg fram til sommarstemnet. Ville det kome folk i år også? Ville alt gå bra med arrangementet? Eg vil seie at det gikk over all forventning! Det starta med lite folk, men utover veka var det godt besøkt og folk kom frå ulike menigheter og samanhengar. Forkynninga var god og ransakande og mange søkte forbønn. Vi merka Herrens nærver i møta og han rørte ved oss. Sangmøtet på laurdag var for meg spesielt fint. Det er flott med dei gamle evangeliske songane med ein bodskap, Nokre songar er som ein liten tale i seg sjølve. Sang er forkynning!

Takk til alle som kom og deltok og spesielt til Sigrid Marie, Rut og Britt Karin som hjalp til på kjøkkenet og lagde god mat til oss! Takk også til Theodor og Maombi som kom kvar dag og ordna med lyd og bilde. Takk også til alle som kam og deltok med forkynning og sang: Trond og Margrete Taule, Arne og Bjørg Hole, Tor og Maria Sætre, Kari Ristesund, Harry Andersen,stemne Bjørn Inge Johansen og Elin. Takk oså til Ørsta camping og Vivian som har vore så greie og gitt oss ein god pris! Vi ser fram til nytt stemne neste år 4.-8. august. Då vert Misjonsbefalinga med oss! La oss be for dette stemnet allereie no, og at det rette talarane kjem!

NYTT I NYTT LIVS SENTER

Det gikk bra å ha møter kvar søndag også i juli. Takk til Oliver, Cyprien, Per Arne og Solomon som stilte opp. Eg kjende meg sliten og det var godt å kunne få ha fri i juli. Eg fekk malt ein del og snikra heime og på hytta. Mens andre menigheter tek fri om sommaren så er vi glade for å kunne ha eit tilbod til dei som ikkje reiser vekk. Det var ganske bra besøkt og folk kom også frå andre menigheter og plassar. Sommaren treng ikkje å vere ei åndeleg tørketid! Det er flott at det var stemne også i Molde og i Herøy. Vi treng ikkje lenger å reise til Austlandet eller Sørlandet for å oppleve Gud. Han er edn samme for oss på det forblåste Nordvestlandet!

Vi fekk i august besøk av over 20 messianske jødar som var på opphald i Noreg. Dei hadde friske vitnesbyrd og deltok på eit ungdomsmøte. Det var flott at salen var nesten full av frelste ungdommar. Einar var med å la alt til rette og vi fekk gitt ei gåve til arbeidet. No i september skal ungdommane ha ein tur til hytta Sion i Aldalen. Der har dei vore før og det var stor stas. Der er rom for aktivitetar som roing, fisking, spel, fotball, bading og andre ting. Der vert bibeltimar som Elin tar seg av . Ho gjer ein stor innsats for dei unge og er sentral i arbeidet i menigheta.

PLANANE FRAMOVER

No i september kjem Kari Ristesund og talar på eit møte. Ho er ein etterspurt talar, og vi er glad for at ho kjenner ei byrde for Ørsta og vil hjelpe oss. Takk også til Rode Håskjold som stiller opp som sjåfør. Dei er eit flott radarpar i saman! I begynnelsen av september vert det også ei bønn- og fastehelg. Dette har vi halde på med fire gongar i året i 26 år! Eg trur at dette har hatt stor betydning for den åndelege situasjonen i området vårt. Gud kan gjere langt utover det vi ber om eller forstår, men nokre ting vert det ikkje løysing på utan faste, for det har Jesus sagt. Vi vonar at fleire vil kome på samlingane. Ein er ikkje nøydd å faste for det.

Vi startar opp meg Zoe bibelskule den 10. september for 13. gong. Kvart år har det vore mellom 15 og 20 studentar som har tatt del og vi er spente på om nokre vil kome også i år. Det er så viktig med bibelundervisning og bli kjent i Guds ord. I profeten Hosea står der at «Mitt folk går til grunne for dei manglar kunnskap.» Noreg er på feil kurs fordi folk ikkje kjenner historia og Guds handlemåte med sitt folk. Vi er på ein farleg veg som kan ende med katastrofe. Vi må velsigne Israel! Takk til rektor Per Arne Åkenes og hans kone Annbjørg som begge fylte 80 år!

Vi planlegg ein misjonstur til Benin i byrjinga av oktober. Trond Taule og Arne og Bjørg Hole vert etter planen med. Om nokon annan vil vere med så hastar det med å melde seg på. Vi skal ha seminar om formiddagane for pastorar og leiarar og utemøte for å nå nye om ettermiddagane. Be om at det må lykkast og at mange blir nådd med evangeliet og får et møte med Jesus Krisus. Folka er fattige, men er opne for den glade bodskapen! Gud har opna ei dør for oss til å forkynne og å kunne stå i kallet han gav oss.

Økonomien

I og med at vi ikkje fekk statsstøtte i år var vi spent på om pengane ville strekke til. Det har gått bra til i dag! Eg gikk gjennom reknskapen for mai, juni og juli nyleg. Det var om lag 107000 kroner i utgifter og 114000 i inntekter! Gud er trufast og vi takkar alle som er med og bidrar. Tusen hjerteleg takk! Det varmar våre hjerter. I desse dagar er det eu-kontroll på menighetsbilen, og vi får rekning frå Ose camping. I januar vert det ei stor rekning for lufteanlegget. Gud vil sjå til oss. Han vil velsigne oss når vi gir tienden og dei heilage gåver.

Fødselsdagar i september:

Providence, Chala, Bhim, Mangala, Einar

Vi gratulerer!!!

Møta i september:

3. 17:30 Samtalen

18:30 Bønnemøte

4.-6. Bønn og fastehelg

4. kl. 18:30 Bibelgruppe

kl. 19:00 Møte

5. kl. 11:00, 15:00 og 19:00 Møte

6. kl. 11:00 Møte Tale: Per Arne Åkenes Leie: Elin Vert: Edith

9. kl. 17:00 Zoe

10. kl. 17:30 Samtalen

kl. 18:30 Bønnemøte

11. kl, 18:30 Bibelgruppe

12. kl. 10:00 Avgang til Sion

13. kl. 11:00 Tale: Kari Ristesund Leie: Paul Vert: Martha

16. kl. 17:00 Zoe

17. kl. 17:30 Samtalen

kl. 18:30 Bønnemøte

18. kl. 18:30 Bibelgruppe

19. kl.12:00 Gatekyrkje

20. kl. 11:00 Tale: Elin Leie: Hans Vert: Mangala

23. kl. 17:00 Zoe

24. kl. 17:30 Samtalen

kl. 18:30 Bønnemøte

25. kl. 18:30 Bibelgruppe

26. kl. 19:00 One80

27- kl. 11:00 Tale: Hans Leie: Rut Vert: Anne

30. kl. 17:00 Zoe

Nytt Livs Senter

Kyrkjegata 39, Boks 78, 6151 Ørsta

nyttlivssenter.no

Pastor: Hans Reite

hansreite@hotmail.com

Styre: Hans Reite, Elin Roksvåg Torkildsen, Solomon Mwanda

Oliver Nyonkuru og Edith Reite

Konto: 3991.04.18401

Vipps: 507177

Husk tienden til menigheta. Gud velsigne deg og dine!