OKTOBER 2026 NLS DFEF 26 årg

Menighetsmusikken
Syng Herrens pris!
Eg venta og vona på Herren. Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop. Han drog meg opp or den tynande grav, opp av den djupe gjørma. Han sette mine føter på fjell og gjorde mine steg faste. Han la i min munn ein ny sang, ein lovsang til vår Gud. Mange skal sjå det og setja si lit til Herren. Sæl er den som set sin lit til Herren, som ikkje vender seg til dei stolte, til dei som fell frå i løgn. Store ting har du gjort for oss, Herre min Gud, underfulle verk og planar, ingen er din like. Salme 40.
Vi har mykje å takke Gud for. Tenk på det flotte skaparverket! No er det haust og skogen står i mange vakre fargar. Naturen gjer seg klar for å gå i dvale til vinteren for så å stå opp til ein ny vår. Herren har skapt alt vakkert og evigheta har han lagt ned i våre hjerter. Gud som sende sin son for våre synder vil gi oss alle ting med han! Som truande kan vi sjå fram til ein ny vår i himmelen. Kroppen kan bli lagt i grav, men vi ventar på ei oppstode der vi skal få leve til evig tid i glede og fred. Takk til Jesus !
Nytt i Nytt Livs Senter
Vi har hatt mange fine møte der Gud har talt til oss og rørt ved våre hjerte. Takk til alle dokke som møter trufast fram og støttar arbeidet. Med dokkar og Guds hjelp så har vi fått inn nok pengar til å betale alle rekningar. Dei som talte og arbeidde på stemnet budde på Ørsta camping. Vi var spant då rekninga kom, men der var nok på konto og litt til overs. Det er godt å vite at vår Far i himmelen ser oss og har omsorg for oss. Vi set ikkje vår lit til staten, men til den levande Gud som ikkje sviktar!
På siste styremøte tok vi opp saka om å få ein ny pastor i halv stilling, og bestemte oss om å spørre ein person. Pastor begynner å verte sliten og har mykje å ta seg av. Ved siden av å vere pastor, så driv han også Internasjonal Evangelist Misjon der vi sender pengar til fem ulike land nesten kvar månad. Alt tek tid og krefter. Vi vonar på at yngre folk etter kvart kan overta ansvaret for drifta av menigheta. Dette er eit bønneemne for oss alle at dei rette folka kan kome inn. Gud hører og vil svare vår bøn.
Zoe bibelskule
Vi er no i gong med det 13. skuleåret. Rektor Per Arne Åkenes som saman med sin kjære kone Annbjørg fylte 80 år i sommar, så det vert til saman 160 levde år. Sjølv om deira helser ikkje er så god, så står dei trufast på med bibelskulen! Per Arne underviser no om endetida og om dei fire hestane som det står om i Johannes Åpenbaring kapittel 6. Det er svært aktuelt. Vi lever no i tida med den raude hesten som symboliserar krig, og snart kjem den svarte hesten med uår og svolt. Vi ser allereie no at prisane på mat og diesel er svært høge og det er mange som slit økonomisk. Vi treng å proviantere, men også å stole på Gud utan frykt!
Pastor underviser om evangelisering og har begynt å praktisere det. Vi er nokre som har vorte meir akive å vitne og å gå på husbesøk. Ein merkar at mange er einsame og set pris på at vi kjem. Vi har fått be for fleire som er sjuke, og for nokre som ennå ikkje er frelst. Det kan skje mirakel som kan føre til at dei kjem til tru. Alt er mulig for Gud og for dei som trur! Jesus ba oss ikkje å sitte å vente på at folk skal kome på møte, men at vi skal gå ut og vinne dei der dei er. Det er ei svært urolig tid og vi trur at det det er mange som lengtar etter fred med Gud og eit bedre liv. La oss nå dei mens det endå er tid. Jesus sa at vi må arbeide mens det ennå er dag! Natta kjem då ingen kan arbeide og då er det for evig for seint. Vi skal få lønn av nåde for det vi har gjort for Guds rike: Ærens uvisnelige lønn!
Misjonstur til Benin
Den 5. oktober reiser pastor saman med pastor Trond Taule til Benin og kjem att 13. oktober. Frå 7. til 9. skal dei ha predikantseminar om formiddagane og stormøter på ein open plass om ettermiddagane. Om lag 20 pastorar og hundre menighetsarbeidarar skal delta. Vi betalar for transport, oppholdsrom og mat for dei. Det vert spennande! Takk at du vil vere med å be for aksjonen. Vi veit at i eiga kraft kan vi ingen ting gjere og er avhengig av Herrens salving og vennane sin forbønn. Åndskampen er sterk og det er klart at satan vil prøve å stoppe desse møtene, men det er seier i Jesu namn. Det er godt å vite at Gud er den sterkaste og er mektig til å bevare oss på alle våre vegar. Jesus har lova å vere med alle dagar!
Det er min fjerde tur til Benin og heile tida har eg samarbeida med pastor Pierre. Han er svært ivrig og har planta mange menigheter og to skular. Benin er eit av verdas fattigaste land og der nesten ikkje bensinstasjonar. Dei sel bensin på flasker langs vegen! Der er mykje okkultisme og dei tilber djevelen og åndsmaktene. Frå Benin vart det frakta ut 12 millionar slavar i si tid. Det er ein skamplett for den kvite mann som behandla folket som dyr. Vi må prøve å rette litt opp på dette og gjere noko for folket der som framleis er i mørket. Be for Benin!
Barne – og ungdomsarbeidet
Vi er glade for at både søndagsskulen og ungdomsarbeidet fungerer. Be spesielt for Sølvi som leier søndagsskulen og for Elin i ungdomsarbeidet. Husk også på Britt Karin, Clementine, Cyprien og Nabin som hjelper til. Takk til ungdommane som hjelper til med lyd, billede, musikk og mat. Vi har ordna slik at barna i søndagsskulen kan spele bandy i kjellaren.
Fødselsdagar i oktober:
Sabri (18.), Gift (22.), Justine (4.), Leonard (31.), Mardoschee (31.),
Chija (31.), Jharna (18.)
Vi gratulerer!!!
Guds velsigning!
Møta i oktober:
1. 18:30 Samtale og bønn
4. kl. 11:00 Tale: Hans Leie: Elin Vert: Edith Brødsbryting
9. kl. 19. Bibelgruppe
11. kl. Tale: Sølvi og Ragnvald. Leie: Paul. Vert: Anne
14. kl. 17 Zoe
15. kl. 17:30 Samtale og bønneemne
16. kl. 19:00 Bibelgruppe
17. kl. 12:00 Gatekyrkje
kl. 19:00 One80
18. kl. 11:00 Tor og Maria Sætre Leie: Rut Vert: Martha
21. kl. 17:00 Zoe
22. kl. 17:30 Samtale og bønneemne
25. kl. 11:00 Tale Elin Leie: Hans Vert: Mangala
kl. 13:15 Menighetsmøte
28. kl. 17:00 Zoe
29. kl. 17:30 Samtale og bønneemne
31. kl. 19:00 Ungdomsmøte
kl. 20:00 Råneevangelisering
Nytt Livs Senter
Kyrkjegata 39, Boks 78, 6151 Ørsta
nyttlivssenter.no
Pastor:
Hans Reite
hansreite@hotmail.com Tel. 93820172
Styre:
Hans Reite, Elin Roksvåg Torkildsen, Solomon Mwamba
Oliver Niyonkuru og Edith Reite
Konto:
3991.04 18401
Vipps: 507177
Husk tienden til menigheta. Gud velsigne deg!
