Nytt Liv November

25. oktober 2026

NOVEMBER 2026 DFEF NLS 26 årg.

Vi vil peike på Jesus!

Markene er kvite til hausten!

Men Jesus sa til dei: «Min mat er å gjera det han vil, han som sende meg og fullføra hans verk. Seier de ikkje: Enno er det fire månadar til grøda skal haustast inn? Men eg seier dykk: Lyft augo og sjå åkrane, korleis dei kvitnar mot hausten! Den som haustar, får løn og samlar grøde for det evige livet, så den som sår og den som haustar kan glede seg saman.» Johannes 4:34-36.

Desse versa kom til meg då eg vart intervjua på Visjon Norge nyleg. Vi ser av nyheitene at det er uroleg i verda som aldri før. Spesielt i Frankrike har det vore store opptøyer, og myndigheitene ser ut til å ha mista kontrollen. Også i andre byar i Europa er det uroleg. Satan rasar fordi han veit at hans tid er kort, og at Jesus snart skal kome tilbake. Nådetida er snart slutt og trengselstida står for døra. Vi treng å våke og be og arbeide mens vi har anledning til det. Sjeler må vinnast for himmelen. Det er det viktigaste av alt. Jesus har lova å gi oss løn for arbeidet!

Mens læresveinane var opptatt av å kjøpe mat fekk Jesus leia den sameritanske kvinna til frelse. Det gjorde at ho gikk til landsbyen sin og alle kom til tru. Slik vil Jesus bruke oss som vitner i denne tid, slik at det blir vekkjing. La oss vere frimodige og gå til dei ufrelste med Guds ord!

Misjonsturen til Benin

Frå 5. til 13. oktober var eg i Benin for fjerde gong. Turen starta på verst mulig vis då eg på flyplassen i Bergen fekk beskjed om at passet mitt var ugyldig og at eg ikkje kunne reise. Dette var eit stort sjokk, og eg ropte til Gud om kva eg skulle gjere. På veggen fann eg eit telefonnummer til politiet og tok drosje dit. Det var spennande og eg nådde flyet så vidt. Jesus er trufast og er med alle dagar. Pastor Trond Taule var glad då han såg meg, og vi kunne reise i saman. Eg visste at dette ville bli ein god tur!

Store ting skjedde på denne reisa. I dag snakka eg med pastor Pierre på telefonen. Han fortel at flotte ting hende på kampanjen vi hadde. Mange folk vart frelst og har begynt å gå på møtene. Landsbyen har vorte heilt forvandla. Folk søkte lækjedom og fekk ei berøring av Jesus. Åndsmaktene manifisterte seg og vi var med å be dei fri. Vi underviste i tre dagar til over femti ledarar og pastorar og dei var svært takknemlige og møtte fram for å ta avskjed med oss. Kampanjen var kostbar, men det gikk til seier!

På søndagen talte vi i ei nystarta menighet. Der var ei herleg atmosfære og inderleg bønn. Ei dame vitna om at ho hadde vorte helbreda. Vi var heime hos ei familie og ba for to barn som var sjuke. Desse barna vart født som ved eit under for det var sagt at mora ikkje kunne få barn, men etter forbønn skjedde det! Huset var svært enkelt og fattig, men dei gleda seg i Gud. Siste dagen var eg ute på gatene og delte ut traktatar. Folk var svært opne og nokre spurte om kvar dei kunne gå på møte. Be for Benin!

Nytt i Nytt Livs Senter

Det var godt å kome heim att og treffe trufaste brødre og søstre i Herren. Virksomheita går på det jamne og vi har gode møte. Vi lengtar etter at nye skal kome til, og har difor begynt å gå ut på husbesøk. Der har vi fått be for fleire med ulike behov, og merkar at folk stort sett er opne for evangeliet. Vi gleder oss over at mellom andre Suvimol har blitt frelst og kjem trufast på møta, og er med og lagar mat. Det er glede i himmelen over ein syndar som omvender seg, og vi gler oss også over dette!

På onsdag var det godt frammøte på bibelskulen. Rektor Per Arne Åkenes underviser no om viktige prinsipp om tru i Bibelen. Han har stor innsikt i dette. Eit av orda som nyleg var heimelekse var: « Alt de ber om i bønene dykkar – tru at de har fått det, og det skal få det.» Markus 11:24. Eg underviser om evangelisering, og det er mulig for studentane å kome med vitnesbyrd. Vi vil også gi høve til samtale om emna vi underviser om.

Økonomien

I september var det eit stort underskudd i menigheta, men fordi der var overskudd i august så fekk vi betalt husleiga. Det kan vere trangt, men det er godt å vite at Herren våker over oss, og har lova å gi oss det vi treng. Dette betyr ikkje at vi skal vere late eller ikkje ta ansvar. Vi må bruke dei muligheitene vi har. Styret har difor bestemt at vi skal ha tombola/basar laurdag 7. november. Dette er første gongen det skjer i Nytt Livs Senter og det blir spennande. Rut har erfaring med dette og vil leie det heile, og ho har kjøpt inn lodd og det som trengst. Ho seier at den som vil kan ta med smågevistar til om lag 10 kroner, eller større gevinstar vi kan lodde ut.

Kanskje dette kan bli ein koselig laurdag der nye også kan kome inn og få seg ein kopp kaffi, vafler, kake og ein prat. Vi har hatt for stor avstand til folk i Ørsta, og håper at slike tiltak kan vere med på å rette på det. Folk må forstå at vi ikkje er ei sekt, og at vi står for evangeliet og trua på Guds ord, og at Jesus vil dei det beste! Ein dag vil folk forstå dette og ta imot.

Bibelgrupper og samtalemøter

På torsdag var vi 7 på Samtalen. Vi starta på Filipperbravet, og hadde en fin samtale i sammen. Vi er opne for at fleire kan kome. Same dag var det husmøte hos Mangala. Det var også fint. Dei som ynskjer å ha husmøte må berre seie ifrå! Det er bibelsk å samast også i heimane. Då vert ein betre kjent med kvarandre, og kan få dele ordet og be i saman.

Det er fint at ungdommane også har si eiga bibelgruppe. Det er ikkje enkelt å vere ungdom i dag, og det er viktig at dei kan verte grunnfesta i Guds ord og verte bevart frå synda, rus og djevelen sine snarer.

Onsdag og fredag er det bønnemøte på formiddagen og alle som har høve er velkomne. Vi ber for bønnelappane og ellers for aktuelle ting. Bønn har stor betydning. La oss be endå meir. Ein sanger seier det slik:

« Dypere inn i bønnen, fylle den må ditt sinn. Skal du fremgang få må i bønn du gå, dypere dypere inn.» Med dette vil vi seie: Velkommen til bønnekroken! Gud har lova å rikeleg løne dei som søker han av heile hjertet. Herren søker forbedarar som stiller seg i gapet for land og folk. Vi vil minne om bønn og faste i slutten av november. Faste gir bønnesvar!

Fødelsdagar i november:

Depaal (28), Oliver (21), Cetin (10)

Vi gratulerer!!!

Møta i november:

1. Møte kl. 11 Tale: Hans Leie: Elin Vert: Edith Brødsbryting

4. kl. 17 Zoe

5. kl. 17;30 Samtalen

6. kl. 18:30 Bibelgruppe ungdom

7. kl. 11:00 Basar/ tombola

kl. 19 One80

8. kl. 11. Kari Ristesund Leie: Hans Vert: Martha

11. kl. 17. Zoe

12. kl. 17:30 Samtalen

13. kl. 18:30 Bibelgr. Ungdom

15. kl. 11. Tale: Elin Leie: Rut Vert: Anne

18. kl. 17. Zoe

19. kl. 17:30 Samtalen

20. kl. 18:30 Bibelgr. Ung.

21. kl. 19. One80

22. kl. 11. Tale: Hans Leie: Paul Vert: Mangala

25. kl. 17. Zoe

26. kl. 17:30 Samtalen

27. – 29. Bønn og faste:

27. kl. 19. Møte

kl. 18:30 Bibelgr. Ung.

28. kl. 11, 15 og 19 Møte

29. kl. 11 Tale: Moses Onen Leie: Hans Vert: Chija

Nytt Livs Senter:

Kyrkjegata 39, Boks 78, 3151 Ørsta – nyttlivssente.no

Pastor: Hans Reite – hansreite@hotmail.com tel 93820172

Styre: Hans Reite, Elin Roksvåg Torkildsen, Solomon Mwamba,

Oliver Niyonkuru og Edith Reite

Konto: 3991.04.18401

Vipps: 507177

Husk tienden til menigheta. Gud velsigne deg!