Juni 2025 NLS – DFEF 25 årg

Gud er for oss!
Kva skal vi då seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss? Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han då anna enn gi oss alt med han? Kven vil koma med skuldingar mot Guds utvalde? Gud er den som frikjenner. Kven kan då fordømma? Kristus Jesus er den som døydde, ja, meir enn det, han vart reist opp og sit ved Guds høgre hand, og han bed for oss. Romarbrevet 8:31-34
Desse kjende orda frå Romarbrevet er godt å ta med seg. Gud er på vår side og Jesus vil oss det beste! Herren har bevist sin kjærleik til oss menneske ved å sende oss sin einaste son til soning for våre synder. Han gav det kjæraste for at vi skulle bli frelst og få del i det evige livet i himmelen. Gud har skapt oss i sitt bilde og har stor omsorg for oss. Han vil gi oss tryggheit og framtid og håp. Ingen ting skal kunne skille oss frå hans store kjærleik. Djevelen vil få oss til å tvile på at Gud er god, men vi kan gå til sanninga som er Guds ord og kvile i løftene.
No er det sommar og det er godt å kunne vere ute og nyte skaparverket. Det er fantastisk å sjå alt det Herren har laga. På på den sjuande dagen kvilte Gud og såg det han hadde skapt. Sidan han ikkje hadde nokon høgare enn seg sjølv, så gav han seg sjølv karakter og sa «Svært godt!». Alle artar av fiskar, fuglar og dyr i ulike fasongar er heilt enormt. Til slutt skapte han oss menneske i sitt eige bilde til mann og kvinne. Vi er det ypperste av Guds skaparverk! Han skapte oss til å ha kontakt med seg sjølv. La oss prise Herren og også kome oss ut i naturen og nyte den!
Nytt i Nytt Livs Senter
Vi hadde nyleg ei bønn- og fastesamling der det var god deltaking. På laurdagskvelden var det lovsangsmøte der nokre av ungdommane også deltok. Det var god atmosfære og Daniel Osnes og Andreas Høydalsvik var flinke med å synge og spele og leie oss i lovsangen. Dette vil vi gjerne gjere igjen. I Bibelen står det at for oss kristne er det viktig med lovsang. Det er ikkje av plikt, men når vi får oppleve hans godheit så ynskjer vi å tilbe og prise han. Jesus er verd all vår pris og lovsang!
Det var et fint møte då Jon døpte seg. Det er oppmuntrande at vi har hatt dåp fleire gongar i år. Målet er at ti skal bli døpt og lagt til menigheta. Det aller viktigaste er at nye må bli frelst og fødd på ny. Vi skal befolke himmelen og avfolke helvetet, sa den kjende evangelisten, Reinhard Bonnke. Gud vil at alle skal bli frelst og lære å kjenne sanninga. Vi skal no bu oss på framgong og innhastingstider for Guds rike!
Vi takkar for våre afrikanske vennar som lagar lunch for oss kvar søndag. Må Gud velsigne dei rikelig tilbake! Vi takkar også for at dei står på i bønn og for den flotte lovsangen som dei har. Det er fint at vi er ei internasjonal menighet som prisar Herren i sammen. Dette er som ein forsmak på himmelen der vi alle skal vere sammen til evig tid! La oss vere frimodige og stadig invitere nye inn til fellesskapet med oss.
Barne- og unngdomsarbeidet
Det har vore bra frammøte på ungdomsmøta, og nyleg var det over 20 ungdommar til stades. Det er ein fin gjeng som inviterer med seg nye på møtene. Flott at fleire er med og spelar instrument og er med i lovsongen. «Det venaste syn som eg fekk sjå er ungdom på kne for Gud», seier Mattias Orheim i ein av songane sine. Den 21. juni vert det arrangert «The send» i Sunnmørshallen. Då ynskjer vi å ta ungdommane med, og det vert talar og lovsong. Ein reknar med at fleire hundre ungdommar og vaksne vil kome og ta del. Det er ein ungdomsvekkjing på veg i Noreg.
Flott at born kjem til søndagsskulen. Sonia nemde at borna bør sitte inne på møtet hos foreldra til talen begynner, og dei skal ikkje gå inn til søndagsskuleromet før det. Ellers så vert det for mykje bråk og uorden. Det er fint at dei kan vere med på møtet under møtet under songen og brødsbrytinga, og kunne ta del i det. Vi kan alle samlast som Guds familie og tilbe Herren i saman. Det skapar harmoni og einheit. Borna er fram- tida, så det er viktig at vi løfter dette arbeidet fram i bønn!
Zoe bibelskule
Vi har avslutta det ellevte året på bibelskulen. Om lag femten studentar har fullført og dei fleste fekk diplom for trufast frammøte. Om alt går vel så tenker vi på å ta fatt på eit nytt skuleår til hausten. Guds ord er så rikt og der er meir å lære for å kunne tene den levande Gud. Rektor Per Arne Åkenes fyl nøye med i det som skjer i tida og tek fram aktuelle ting. Vi lever i ei alvorleg tid og treng å verte meir kjende med Bibelen, Guds sanne ord, for å kunne bli bevart i trua og ikkje bli forført av falske lærer. Djevelen er ein tusenkunstrar som nokre gonger skaper seg til som ein lysets engel. Der er mykje liberal teologi no i tida, men vi vil fylje Bibelen.
Planar framover
Vi håper å kunne kjøre med søndagsmøter gjennom heile sommaren også i år, men pastor er sliten og ynskjer å ha ferie i juli. I slutten av august får vi vitjing av pastor Kazuki Wada frå Japan. Han skal vere med på 25 årsjubileet 22.-24. august. Då vil vi ha eit lite stemne med ulike sangarar og talarar. Gud er trufast og har halde oss oppe alle desse åra!
I slutten av august planlegg vi ei teamreise til Etiopia der vi skal ha ei evangelisk kampanje. Også i år blir pastor Trond Taule og Bjørg og Arne Hole med etter planen. Om du ynskjer å vere med så ta kontakt! Å ha slike team turar er ein del av den opprinnelege visjonen til Nytt Livs Senter. Som ein har sagt: «Heile verda er vårt soknekall». Jesus sa: «Gå ut i all verda og forkynn dei gode nyheitene til alle menneske. Dei som trur og vert døypt skal bli frelst,. Men dei som ikkje trur skal bli fordømt.»
Fødselsdagar i juni:
SONIA (13.), TOVE (12.), ISAC (11.) ISAAC (06.), ANTHONY (13.),
HECTOVIN (26.), SØLVI (01.)
Vi gratulerer !!!
BE:
- For valet i haust. At Guds vilje må skje med landet vårt
- At krigane i Ukraina, På Gaza og andre plassar må stoppe
- Framgang for Guds rike og sjelers frelse i Nytt Livs Senter
MØTA I JUNI
1. kl. 11:00 Møte Tale: Kari Ristesund Leie: Elin Vert: Martha
Brødsbryting
6. kl. 17:30 Bibel og bønn
8. kl. 11:00 PINSE. Tale: Hans Lede: Britt Karin Vert: Chija
13. kl. 17:30 Bibel og bønn
14. kl. 12:00 GATEKYRKJE
kl. 19:00 One80
15. kl. 11:00 Vitnemøte Leie: Hans Vert: Anne
21. Møte i Sunnmørshallen: THE SEND!
22. kl. 11:00 Tale: Sølvi Leie: Rut Vert: Mangala
23. kl. 16:00 Jonsok på Osestranda
29. kl. 11:00 Tale: Oliver Leie: Elin Vert: Edith
Nytt Livs Senter:
Kyrkjegata 39, Boks 78, 6151 Ørsta
nyttlivssenter.no
Pastor:
Hans Reite
Tel. 9382028172
Styre:
Hans Reite, Elin Roksvåg Torkildsen, Solomon Mwanda
Oliver Niyonkuru og Edith Reite
Konto:
3991.04.18401
Vipps: 507177
Husk tienden til menigheta. Gud velsigne deg!