Nytt Liv Mars 2023

3. mars 2023

Nytt Liv

MARS 2023 NLS DFEF 23 årg.

GLEDE

Stort er det som har HERREN gjorde mot oss,

og vi vart glade!    Salme 126:3  

Det er mange ting som kan tynge oss ned i kvardagenDer er sjukdom, økonomiske bekymringar og andre problem. Då er det godt å kunne gå med det til Gud i bønn, og få erfare at Jesus lever og sender oss hjelp frå himmelen. Vi hadde store straumrekningar som hang over oss, men etter mykje bønn brukte Herren brødre og søstre til å hjelpe oss. Må Gud velsigne dei rikeleg tilbake. Han sviktar ikkje, Israels vaktar!

   Det står i Nehemia 8:10 «Ver ikkje fylte av sorg! For gleda i Herren er dykkar styrke». Djevelen vil gjere oss redde og motlause, men vi kan stå han imot faste i trua og han må vike vekk frå oss. Vi skal få glede oss over at namna våre er skrivne i himmelen, og at det er inga fordøming for dei som har tatt imot Jesus som sin personlige frelsar og lever i nåden. Som sanne kristne har vi ikkje noko å frykte for framtida. Jesus skal bevare oss til vi ein dag når fram til himmelen.

Dåp i Nytt Livs Senter

  Det er ei glede at ungdommar går lydighetens veg og lar seg døype til Kristus. Dei får ei rik velsigning som har valt å følge Guds veg. Det står i Hebrearbrevet 11 at Moses valte å lida vondt saman med Guds folk framfor eit liv i synda, for han såg fram til løna. Verda og lysta skal forgå, men den som gjer Guds vilje vert verande til evig tid. Moses nådde fram til himmelen og viste seg saman med Jesus og Elias på fjellet.

  Eg vart frelst 17 år gamal og tok dåp ikkje lenge etterpå. Det har eg aldri angra på. Eg fekk ei rik velsigning som har fylgt meg sidan. Jesus sjølv vart døypt i elva Jordan, og Den Heilage Ande kom over han. Må Herren styrke Mardochet ogDaniel som vart døypte denne gongen, og vi veit at fleire står for tur. Må Gud styrke Einar som to gongar i månaden kjem frå Bergen og underviser dei unge. Det er eit offer for han, men no fekk han velsigninga med å kunne døype for fyrste gong.

Nye medlemmar

 Målet for dette året er at vi skal bli hundre medlemmar på papiret, og dette er no i ferd med å verte fylt. Neste mål er på 120. Vi får fortsatt statsstøtte som er ei god hjelp for økonomienLa oss ta oss av kvarandre, og spesielt våre nye medlemmar. Fleirer flyktningar og har opplevd mange vonde og traumatiske ting. Vi er ein del av Guds familie og er brødre og søstre i Herren. Dessverre så strekk vi ofte ikkje til med å hjelpe kvarandre, for har nok med oss sjølve. Bibelen seier at vi skuldar å elske kvarandre ikkje berre i ord, men i gjerning og i sanning. Kjærleiken skal verte kald hos dei fleste, men heldigvis ikkje hos alle. Må Jesus bevare oss!

Årsmøtet

  Årsmøtet vert den 18. mars kl. 15:00 på lokalet. Vi vonar at så mange som mulig vil kome. Alle er velkomne til å delta, men berre medlemmar har rett til å bestemme. Saman vil vi fortsette å bygge Guds menighet. Fleire ting vert teke opp til drøfting, og vi i styret vil lytte etter råd frå den enkelte. Saman vil vi at Nls skal vere ein kjærleikens oase der alle føler seg verdsatt og velkomen. Vårt store spørsmål er korleis vi skal kunne vinne ørstingar og andre for Kristus. Vi må be om nåde og visdom frå Gud. Han gir utan vonde ord!

  Der vert rapportar frå dei ulike greinene av arbeidet, og også økonomisk rapport frå 2022. Vi får sjå Guds trufastheit frå år til år med dette. Han har lova å sørge for oss. Tusen takk til alle som gir tiende og heilage gåver. Takk til Hanne Birte og John som tek seg av økonomien.

Fødselsdagar i mars

Caleb Mwamba (30.), Galag Gatulan Tut (2.),

Monday Gatulan Tut (2.)  Vi gratulerer!!! 

Møta i mars

1. kl. 17. Zoe

3.-5. Bønn og faste: 3. kl. 19. 4. kl. 11, 15 og 19

5. kl. 11. Per Arne Åkenes talar  Leie: Hans  Brødsbryting

8. kl. 17. Zoe

9. kl. 19. Lovsangskveld

11. kl. 17. Jesus skule kl. 20. One80

12. kl. 11. Tale: Jens Christian Ekelund  Leie Hanne Birte

      KL. 18. Møte SVEIN ERIK MYSEN

15. kl. 17. Zoe

18. kl. 15. ÅRSMØTE

19. Kl. 11. Tale: Hans  Leie: Leie: Arild

22. kl. 17. Zoe

23. kl. 18:30 Husmøte Elin

25. kl. 12. Gatekyrkje  kl. 17 Jesus skule kl. 20 One 80

26. kl. 11 Tale: Elin Leie: Anja  Brødsbryting

29. kl. 17. Zoe     Dagleg kl. 09:30 Bønnemøte

NYTT LIVS SENTER  –  nyttlivssenter.no

Pastorpar: Edith og Hans Reite hansreite@hotmail.com

Styre: Hans Reite, Einar Reite, Hanne Birte Koppen, John Belseth, Elin Roksvåg Torkildsen og Solomon Mwamba

KONTO: 3991.04.18401  Vipps 507177  Husk tienden!