Nytt Liv Februar 2023

3. februar 2023

Nytt Liv

FEBRUAR 2023  NLS – DFEF – 2023

Jesus Kristus – vårt liv

Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lærer dei å halde alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.    Matteus 28:19-20

  Dette er kalla for den store misjonsordren. Jesus har fått all makt i himmelen og på jorda,og ba oss gå ut i heile verda og fortellemenneska om Guds kjærleik og frelse. Gjennom to tusen år har no Den glade bodskapen vorte forkynt, og mennske over heile verda har kome til tru på Jesus Kristus. Enno er det ein del folk som ikkje har høyrt evangeliet, men gjennom tv og internett blir fleire og fleire nådd. Gud vil at alle skal få høyre og kome til tru og verte frelst.

  Her i Noreg er det enno mange som ikkje kjenner Jesus, og vi er kalla til å vere vitner for dei. I dag er det lite undervisning ut frå Bibelen på skular, i heimane og ellers i samfunnet. Difor er det viktig med gode menigheter der Guds ord er i sentrum. Vi kan bygge kvarandre opp på vår høgheilage tru. Dessverre har den liberale teologien sneke seg inn i kyrkjene og i mange frimenigheter. Vi må tru at heile Skrifta er innbæst av Gud og at alt som står i Bibelen er sant!

Ei krisetid

   Nokre som gikk i menigheta har gått bort, andre har vorte alvorleg sjuke og nokre har slutta i menigheta. Dette gjer at inntektene har svikta og vi har kome i ei krise. Dei høge straumutgiftene gjer at det er berre så vidt at vi klarer å betale husleiga, og ei stor rekninger sett på vent. Kva skal vi gjere? Vi må lære å spare både på straum, mat og andre utgifter vi har. I tillegg må vi stole på at Gud vil gi oss det vi treng, slik han har lova i sitt ord. Vi skal ikkje verte til skamme!

  Gud samarbeider med oss. Det gjeld å vere open for hamns tale i alle ting. Om alle gav tiende så ville det ikkje vere mangel i Guds rike. Det er fint om ein gir på fast trekk i banken. Då kan ein få skattetrekk inntil kr. 25000 i året. Gud vil velsigne rikeleg tilbake! Vi er glade i menigheta vår, og saman vil vi gjere ein dugnad og bygge Guds rike.

Nye medarbeidarar

  Den 22. januar talte Jens Christian Ekelund på møtet om Guds kjærleik. Det var salva forkynning og herleg å høyre. Han har no gått inn som medlem i Nytt Livs Senter og som medarbeidar og fast talar. Ekelund bur i Liabygda i Stranda kommune, om lag to timars reise frå Ørsta. Han vert åtti år i år , men er fortsatt sprek og frisk. Vi takkar Gud som har sendt han til oss akkurat no i rette tid.

  I søndagsskulen har Britt Karin Ludvigsen begynt å undervise dei minste borna. Ho har teke over etter Sølvi Andås som som har takka av etter mange års trufast teneste. Vi takkar Sølvi og Ragnvald for alt dei har lagt ned for menigheta, og ynskjer dei lukke til vidare. Sølvi fekk ein blome frå NLS siste gongen ho underviste på søndagsskulen.

Besøk i februar

 Den 5. februar talar Per R. vik på møtet. Han er styreformann i Havila konsernet, og er ein svært opptatt mann. Vi takkar difor at Per vi ta tid til å vitje oss igjen. Han er ein dyktig talar og ein misjonsmann. I fleire år har han støtta Internasjonal Evangelist Misjon som vi er saman om, og hjelper evangelistar, pastorar og studentar i Etiopia, Benin og Uganda. Må Gud velsigne Havila konsernet og alle som er med der, og Per og hans familie!

  Den 12. februar kjem evangelist Anne Kristin Lindberg. Ho var tidlegare misjonær i Afrika, men reiser no mest rundt i Noreg. Ho er ein dyktig songar og talar, og ber også for sjuke og inspirerar Guds folk. Ho har i den seinare tid vore mykje i Herøy med Harry Andersen, og han spurte om ho kunne kome hit. Vi ser verkeleg fram til desse besøka, og vonar at mange vil kome og høyre desse kjende talarane. La oss vere frimodige og invitere nye til møta. Det nyttar!

Internasjonale møte

  Vi hadde planlagt eit slikt møte ein laurdag i januar, men det vart det ikkje noko av. Vi vart einige om at vi heller samlast alle saman kvar søndag så langt som mulig.Vi er ei internasjonal menighet frå fleire ukike land og kontinent, men er eitt i Kristus og treng kvarandre. Det var så herleg lovsang frå våre afrikanske vennar på søndag, og det var som å vere på møte i Afrika. Vi norske er litt stive, og treng å verte mjuka opp og prise Herren med kropp og sjel.

Lovsongskveldar

  Den 9. februar og 9. mars planlegg vi lovsangskveldar som Dan Lewi er ansvarleg for. Med seg har han mellom andre Stein Ove Tunem på piano, Andreas på bass og Hanne Birte som sangar. Det vert bra! Det er så viktig med lovsang og tilbeding som skapar atmosfære i møta.

Fødselsdagar i februar

John (24.), Andreas (07.), Oliver (08)  Vi gratulerer!!!

Møta i februar

1. kl. 17  Zoe 

5. kl. 11 Tale Per R. Sævik   Leie: Hans  Brødsbryting

8. kl 17 Zoe

9. kl. 19 Lovsangskveld

11. kl. 17 Jesus skule

     Kl. 20  One80

12 kl. 11. Tale: Jens Christian Ekelund Leie: Hanne Birte

15. kl. 17 Zoe

18. kl. 12:30 Gatekyrkje

19. kl. 11  Tale: Anne Kristin Lindberg Leie: Hanne Birte  Brødsbryting

21. kl. 19 Styremøte

24. kl. 18 Husmøte  Reite

25. kl. 17 Jesus skule

     Kl. 20 One80

26. kl. 11 Tale Elin  Leie: Anja

Dagleg kl. 09:30 BØNNEMØTE

NYTT LIVS SENTER:

Kyrkjegata 39, Boks 76, 6151 Ørsta nyttlivssenter.no

Pastorpar: Edith og Hans Reite hansreite@hotmail.com 93820172

Styre: Hans Reite, Einar Reite, Hanne Birte Koppen, John Belseth

Elin Roksvåg Torkildsen og Solomon Mwamba

KONTO: 3991.04.18401 – Vipps: 507177 

Husk tienden til menigheta – Gud velsigne deg!