Nytt Liv April 2023

31. mars 2023

Nytt Liv

APRIL 2023 NLS DFEF 23 årg.

Jesus lever!

HERRENS MISKUNN

  Herrens nåde er det at det ikkje er ute med oss. Hans miskunn har enno ikkje teke slutt. Ho er ny kvar morgon, din truskap er stor. Herren er min del, seier mi sjel. Difor vonar eg på han. Herren er god mot den som ventar på han, mot den sjela som søkjer han. Klag.3:22

   Desse versa er skrive av profeten Jeremia. Han vart kalla for «den gråtande profet» for han græt over tilstanden i landet og over folk sine synder. Likevel så fekk han trøyst og kunne skrive desse orda. Det er mange ting som kan tynge oss ned, men Jesus vil styrke oss ved sitt ord og gi oss nok mot. I dag var eg lei med over problem med augene og verk i ktoppen, men då eg leste om kristne som vart forfulgt så måtte eg berre skamme meg. Eg har så mykje å takke Herren for! La oss prise Jesus gjennom alt som vi møter. Han vil hjelpe oss.

   No er våren i anmarsj og vi kan glede oss over nytt liv. Trea begynner snart å blomstre og vakre blomar sprett opp av jorda. For ein mektig Gud vi har som har skapt alt dette! Han har omsorg for oss i alle ting. Han som kler graset på marka, det som står i dag og i morgon vert kasta i omnen, skal han ikkje kle dykk – de lite truande, sa Jesus. Inntil i dag har Herren hjelpt oss og han vil fortsatt gjere det! Søk først Guds rike, og alt det andre skal bli gitt oss!

   Det er berre ved hans nåde og miskunn at vi er frelste, og vi har ingen ting å rose oss av. Difor skal vi tilgje kvarandre, vere gode og vise kvarandre respekt. Alle er vi verdifulle for Gud og vi skal ikkje støyte bort nokon som er i nød eller er ærleg søkande. Må Nytt Livs Senter vere ein redningsstasjon for folk som har gått seg vill i livet, og som ikkje har det godt. Måtte vi vere som ein kjærleikens oase der hungrige og tørstande sjeler kjem og får drikke seg utørste av Livets vatn. Berre Jesus Kristus kan tilfredstille alle menneska sine behov.

Årsmøtet

   Det var gledeleg at så mange møtte fram, og nokre av dei var nye medlemmar. Vi hadde ein fin samtale og det kom fram gode forslag for korleis vi skal drive forsamlinga framover. Nokre stilte seg også til dispensasjon til ulike tenester som det å vere vert, leie møter, vaske, hjelpe på kjøkkenet og å tale. Vi snakka også om å ha ein dugnad til våren då vi kan gjere heile lokalet reint og få ordne på ting. Vi kan be om at Gud vil gi oss ein ny pastor i framtida.

   Eit forslag er å ha husmøter rundt i distriktet hos dei som ynskje å ha det. På den måten kan vi få knytta nye kontakter, og då vil menigheta også vokse på sikt. Vi ynskjer også å drive meir evangelisering og har kjøpt inn eit portabelt lydanlegg og eit aggregat til bruk for friluftsmøter. Det var rapport frå dei ulike virkegreinene og økonomisk rapport. Vi har fått sett Guds trufastheit også gjennom året som gjekk, og har fått betalt alle rekningane. Takk til alle som har gitt tiende og heilage gåver. Gud velsigne dokke allemed sin rike nåde!

Nye tiltak

   Det har vorte meir sving på lovsongen etter at Dan Lewi tok over. Han har fått med seg fleire i lovsongsteamet, og det er flott at vi kvar månad kan ha lovsangskveldar. Han er i ferd med å få med nye i lovsongen og fleire instrument, og på sikt ynskje han å få starta ein ungdomsmusikk. Det ville vere flott, og vi veit at ungdom samlar ungdom. La oss be om at dette går i orden. Gud er mektig! Ungdommane er på jakt etter evige verdiar i livet.

   Dan Lewi er kreativ og har også fått i gong kreative kveldar. Då sit vi i saman og malar bilete. Det er kjekt og vi får god kontakt med kvarandre. Nokre oppdagar plutseleg at dei har kunstneriske evner, men vi samanliknar oss ikkje med kvarandre. Alle har nokre nådegåver på ulikt vis, og vi kan bruke dei etter som vi får nåde til det. Du er velkomen til å vere med oss på fredagskveldane! Du har kanskje skjulte talentar som du kan utvikle. Ein plass må ein starte.

Barne- og ungdomsarbeidet

   Som vi veit så er dette arbeidet svært viktig. Dei fleste som blir frelst vert det før dei er 20 år. Det var flott at Daniel og Mardochee døypte seg i februar. Vi gratulerer dei og vonar at fleire vil følge deira eksempel. Dåpen og vandringa vidare er viktig. Vi er takksame for at Einar kjem to gongar i månaden frå Bergen og har ungdomsmøter. Be at Gud vil gi han styrke og hjelp!

Påska

  Det er stort å igjen kunne feire Jesu død og oppstode. I påska har vi fleire samlingar: Lovsangskveld på skjærtorsdag, møte langfredag med nattverd og mat, gatekyrkje på påskeafta og møte 1. påskedag. Då skal vi feire Jesu oppstode frå dei døde. Han vann ein evig siger over død og grav, og Jesu siger er vår siger. Tenk at vi har EVIG LIV vi som trur på han. Halleluja!

   Påska er vel den viktigaste høgtida i dei kristne trua. Utan at Jesus døde på korset for våre synder og oppstod igjen ville både jula og dei andre høgtidene vere forgjeves. Vi ville alle vere fortapt, men no er Kristus oppstått og har vorte første grøda av dei heilage, seier apostelen Paulus. Jesus lever og vi skal leve til evig tid. Vi har framtid og håp og skal i all evighet ikkje verte til skamme. Dei som var på veg til Emmaus sa: Herren er sanneleg oppstanden og Simon har sett han. Det er ikkje eventyr, men mange har fått sjå Jesus ned gjennom tida.

Fødselsdagar i april:

Hanne Birte Koppen (05.), Elin Roksvåg Torkildsen (02),

David og Daniel Yamuremye (04.), Nyiransaba Nyirabwiza (02.)

VI GRATULERER!!!

Bønnebegjær:

  • Vekkelse i Ørsta
  • Framgang i Nytt Livs Senter
  • En ny dag over Noreg
  • Slutt med krig i Ukraina
  • Fred for Jerusalem og Israel
  • Velsigning over Zoe og israelsturen
  • Velsigning over barne og ungdomsarbeidet

MØTA I APRIL

2. Palmesøndag kl. 11. Tale: Hans. Leie: Britt Karin Vert: Jørn

6. Sjærtorsdag kl. 19. LOVSANGSKVELD Leie: Dan Lewi

7. Langfredsg   kl. 15. Møte  Jens Christian Ekelund Leie: Hans                             

                                       Brødsbryting og mat

8. kl. 12. Gatekyrkje m. Ålesund gatemisjon

    Kl. 17:30 Jesus skule kl. 20. One80

9. 1. Påskedag kl. 11. Tale Hans. Leie: Hanne Birte Innl. :Vigdis

                                       Vert: Rut   Brødsbryting

12. kl. 17. Zoe

14. Pastor reiser til Israel

16. kl. 11. Tale: Håkon Nilsen Leie: Arild  Vert: Karsten

22. kl. 17:30 Jesus skule  kl. 20. One80

23. kl.11. Tale Jens Christian Ekelund Leie: Tove

                  Vert: Edith

25. Pastor kjem tilbake

26. kl. 17. Zoe

27. kl.19 Styremøte

30. kl. 11. Tale: Tore Johannes Liljeback  Leie: Anja Brødsbryting

                  Vert: Jørn

Dagleg kl. 09:30 Bønnemøte

Nytt Livs Senter:

Kyrkjegata 39, boks 78, 6151 Ørsta  nyttlivssenter.no

Pastorpar Edith og Hans Reite

Lægdavegen 5, 6100 Volda Tel.93820172 hansreite@hotmail.com

Styre:

Hans Reite, Hanne Birte Koppen, Elin Roksvåg Torkildsen,

John Belseth og Solomon Mwamba

Barne- og ungdomspastor: Einar Reite

Konto: 3991.04.18401 Vipps: 507177 Husk tienden!