Nytt liv – Januar 2021

Nytt Liv

JANUAR 2021 – DFEF – NLS – 21 årg.

Godt nytt år!

   Alt arbeid skal de gjera heilhjarta, for det er Herren og ikkje menneske de tener. For de veit at de skal få arven som løn av Herren. Kristus er den herren de skal tena.                

                                                                             Kol.3:23-24

  Vi har fått eit nytt nådeår av Herren og det vert spanande å sjå kva som vil skje dette året. 2020 vart prega av korona epedemien, og vi vonar at den snart vil ta slutt. Vår bøn er at prøvinga som verda no opplever vil drive folk til Kristus. Gjennom vanskane kan menneska vende seg til Gud og få oppleve frelse og hjelp i rette tid! Vi veit at Herren høyrer bønene våre og trur at vekkjing er på veg. Bibelen seier at alle ting skal tene dei til gode som elskar Gud. Det er bedre å møte vanskar og få del i frelsen, enn at alt går på skinner og ein går evig fortapt. Gud er kjærleik og vil at alle menneske skal kome til omvending og læra sanninga å kjenne.

   I Kolossarbrevet står det om dei rikdomane vi har i Kristus. Vi er som kristne gjort rike på alt. Saman med Jesus har vi del i det evige livet og skal arve himmelens herlegdom! Vår nød er at vi må få med fleire på himmelvegen. Korleis skal vi klare det? La oss i dette nye året søke Gud meir heilhjarta enn før og gjere alt for at folk skal bli frelst. Det hastar! La oss leve etter mottoet: Med hjarte for Ørsta. Må Gud hjelpe oss alle.

Nytt i Nytt Livs Senter

   Sjølv om 2020 var eit hardt år på mange måtar, så var det også eit godt år for oss. Vi fekk fleire medarbeidarar og kunne utvide lokala endå meir. No disponerar vi heile første etasje i Frendetun og ein del av kjellar- etasjen. Det er heilt utruleg kor mange bønesvar vi har fått! Nokon gav eit stort tv for barneromet for dei små barna, og av Volda handball fekk vi åtte bord som vi treng. No kan vi leige ut lokalet til trengande og få inntekter av dette. Styret vil arbeide vidare med saka. Av Pinsekyrkja i Volda fekk vi eit bordtennisbord som passar perfekt i gangen ved barneroma. Gud velsigne givarane rikeleg, og han elskar ein glad givar!

   At massøren Yanita som var ved sida av oss vart frelst var også eit bønesvar. Vi har bedt mykje for henne, og ein dag såg ho Jesus på himmelen. Ho bad ei bøn og vart født på ny og døpt. No fryder ho seg i Herren og startar kvar dag med lovsang! Ho vitnar for andre og har ynskje om at det må startast ei menighet på heimstanden i Thailand. Eg har hatt bibelstudie med henne og ho noterar ivrig ned frå Bibelen.

Økonomien

   Det var eit stort trussteg å leige heile første etage, men korona reglane tvang det fram. Husleiga er no på kr. 15000 i månaden og vi har eit budsjett på 35000. Dette er mykje for oss og difor så prøver vi å spare inn der vi kan. Vi seier ikkje automatisk ja til dei som ynskjer å kome for å tale. I tillegg så tenker vi på måtar vi kan få inntekter på. Nytt Liv hjelpeteneste er ein måte der vi hjelper folk og det dei vil gi går til drifta.

   Det var flott at vi fekk ordna med skattefrie gåver og vi vonar at endå fleire vil gi fast på giro og benytte seg av det. Når vi gir tienden og dei heilage gåvene til menigheta og Guds sak , så vil Herren velsigne oss tilbake. Bibelen seier at det er Herrens velsigning som gjer rik! Med bedre økonomi kan vi nå endå lenger og nå fleire menneske med evangeliet!

Misjonen

  Vi ynskjer å vere ei misjonsmenighet og å ta Den glade bodskapen til jordas endar! Saman med Internasjonal Evangelist Misjon er vi med på dette, sjølv om det vi gjer er som ein dråpe i havet. Ved å gi tienden vidare så støttar vi evangelistar og pastrar i Etiopia, Uganda og Benin. I tillegg så har vi nokre gongar gitt pengar til Shaare Zedek hospitalet i Jerusalem. Dei behandlar både palistinarar og jødar likt. Det er viktig å støtte Guds eigendomsfolk Israel som har fiendar på alle kantar. I Uganda har dei no starta opp att med den kristne jordbruksskulen som familia til vår svigerson Moses driv. Også pastor Peter får støtte og han har hjelpt naudlidande familier med mat i jula. I Uganda har ikkje mange dødd av korona. Folket er meir herda mot pandemiar, er vant med tropesjukdomar.

   I Etiopia går evangeliet fram. Pastor Desalegn fortel at nyleg evangeliserte dei om lag 200 menneske. Av dei var det 25 som mottok Jesus som frelsar. Tre av dei dei er allereie døpt, men dei 23 andre må vente på grunn av korona reglane. Dei nyfrelste får disippeltrening. Evangeliet går fram i Etiopia og muslimar og andre blir frelst og løyst. Borgarkrigen er desverre ikkje over i landet så vi må be om fred!

Zoe bibelskule

    Vi hadde ein fin julefest der nesten 20 var til stades. Den 6. januar startar vi opp igjen. Rektor Per Arne Åkenes held på med eit interessant emne om Malurt profetien i Openberringsboka. Vil ein metior treffe jorda og gjere stor skade? Vi er i Guds hand og fryktar ikkje! Eg held fram med Hebrearbrevet og har nokre veker igjen med det. Alle er velkomne til Zoe!

Søndagsskulen

   Vi gler oss over at søndagsskulen har fått tre rom: Eit for dei store borna og eit for dei små med lærarrom midt i mellom. Frå nyttår vert søndagsskulen delt, og det er fire lærarar som tek del: Sonia, Elin, Sølvi og Einar. Be for dei og denne store tenesta. Det er så viktig at dei små får høyre om Jesus og at dei vert ført vidare på trusvegen, og så står Benjamin kar til å undervise dei når tida er inne. Borna og ungdommen er framtida for meniheta, og vi gjer rett med å satse på dette arbeidet.

Fødselsdagar i januar:

Solomon Mwamba (10.), Eva Mork Osnes (15.), Sancha Maya Subba (21.)

Edith Reite (17.)

Vi gratulerer !!!

Be om vekkjing i Ørsta, Volda og i distriktet. Be for Israel og alle land!

Denne siden bruker informasjonskapsler. Ved å fortsette godkjenner du vår bruk av informasjonskapsler.