Nytt Liv April

24. mars 2024

APRIL 2024 – NLS – DFEF – 24 årg. 

                                                 

Pris HERREN for han er god! 

Guds rike sigrar 

Herren sa til min herre: Sett deg ved mi høgre hand til eg får lagt dine fiendar som skammel for dine føter! Frå Sion rettar HERREN ut ditt mektige septer. Du skal herska mellom dine fiendar!                Salme 110:1-2 

   I verda i dag kan det sjå ut som om det vonde tek overhand og at der ikkje er håp, men det er feil. Gud er på trona ennå og han har ikkje gløymt oss. Vi har akkurat feira påske og har kunna minnest at Jesus stod opp frå dei døde. Han sigra over satan, døden og verda. Lyset vann over mørket og livet blir til evig tid. Vi som trur på Kristus skal leve for alltid i himmelen. Då vert der ikkje meir sjukdom, smerte eller død. Alt skal bli nytt og HERREN skapar ein ny himmel og ei ny jord der rettferd bur. 

Etter som profetiane går i oppfyljing, kan vi løfte hovudet for forløysinga stundar til. Vi skal snart verte henta av Jesus. Det vert stort å få sjå han som han er og få vere saman med frelste frå alle verdens land. Vi har framtid og håp! 

    Gud har også kontroll med det som no skjer i verda og han vil gripe inn. Han søv ikkje og slumrar ikkje han som vaktar Israel. HERREN sjølv har gitt jødane landet sitt tilbake etter nesten to tusen år, og han sørgar for at dei ikkje skal miste det igjen. Etter at terroristgruppa Hamas angreip Israel 7. oktober i fjor har det vore krig. Mange uskyldige menneske har mist livet og vi må be både for jødane og arabarane som har mist sine kjære. Vår trøyst er at ein dag skal Jesus kome attende og sette føtene på Oljeberget. Då vert Tusenårsriket oppretta og det vert fred på jorda i tusen år. Djevelen vert bunden. Det som er umulig for menneska er mulig for Gud! 

   Før dette skal Jesus kome på skyene og sende ut englane og samle oss truande frå heile verda og ta oss med til himmelen. Det er viktig at vi våker og ber og er klare. Då er vi trygge og vi veit at om vi vaker eller søv så høyrer vi Herren til. Ingen ting skal kunne skilje oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus! Vi ynskjer sjølvsagt å få med oss fleire på himmelvegen. Herren drøyer med å kome for at fleire skal bli frelst. 

Nytt i Nytt Livs Senter 

   Bønnemøta held fram og det er sjølve motoren i arbeidet vårt. Utan bønn så blir det ingen framgang og alt vil stoppe opp. Vi er no inne i Bønnens år og søker å søke HERREN endå meir. Me ynskjer å vere eit bønnesenter og kallar det for Nytt liv bønnesenter. Det kan vere ope for kristne frå andre menigheter også. Vi minnes ordet i 2. Krønikerbok 7:14: «Dersom då dette folket som namnet mitt er nemt over, audmjukar seg og bed, søkjer meg og vender bort frå sine vonde vegar, skal eg høyre dei frå himmelen, tilgje syndene og lækje landet.» Det er ei stor åndeleg nød i Noreg. Folket har vendt seg bort frå Gud og fridomen står i fare. Vi må be at landet ikkje vert vegt på vektskåla og funne for lett. La oss som truande støtte Israel! 

     Vi takkar for at Einar vil forsette som ungdomspastor og ha ansvaret for barne- og ungdomsarbeidet. Han vil lære dei eldre ungdommane opp til å ta meir ansvar, og pastor vil støtte opp som vaksenkontakt når det trengst. Vi takkar for at Hanne Birte og Anja stiller opp. Dette arbeidet er svært viktig. La oss huske det i våre bønner. Be om at norsk ungdom må finne vegen til Jesus og til menigheta. I desse urolege tider er det mange som er opne for evangeliet. «Ungdommens frelser, hør oss når vi beder, let etter dem som selv ei leter», synger vi ein sang. I salmen står det: «Din ungdoms dogg kjem til deg i heilag prakt, or morgonrodens prakt.» 

Årsmøte 

   Årsmøtet vart utsett til søndag 14. april etter det vanlege møtet. Dette fordi flest mulig kan delta. Det er vår menighet og saman kan vi planlegge vidare. Vi er opne for forslag til saker og dei må leverast inn til styret innan 10. april. Alle er velkomne til å delta på årsmøtet, men berre medlemmar har stemmerett. Vi ynskjer å vere ei open forsamling der alle kan føle seg velkomne og heime. Over halvparten er frå andre land så vi er ei internasjonal menighet. Sjølv om vi alle er kristne så er det lett at det oppstår misforståingar på grunn av ulik kulturell bakgrunn og språkvanskar. Difor er det viktig ar vi tek tid til å samtale saman slik at vi forstår kvarandre og at vanskar og problem kan verte løyste. Det ver så viktig med respekt og stå i saman! 

Pastor sine planar 

   Eg reiser på misjonstur til Benin frå 19. til 30. april. Etter invitasjon frå pastor Pierre så skal eg delta på pastorseminar der eg skal undervise om evangelisering og menighetsbygging. Be for meg at det må lykkast! Ofte føler eg at det er vi som kan lære av våre afrikanske vennar og ikkje omvendt. Der vert også dåp av nyfrelste. Pierre har starta menge menigheter ute i bushen og driv eit stort arbeid. Dette vert tredje turen min til Benin, som er eit av verdas fattigaste land. Der er mykje okkultisme, avgudsdyrking, fattigdom og stor nød. Eg vi ha med ein del klede og eit par pc-ar. På turen reknar eg også med å treffe pastor Razak som vi også støttar. 

   I midten av september er planen som vanleg å reise til Etiopia og ha ei evangelisk kampanje der. Om nokon ynskjer å vere med er det berre å ta kontakt. Einar reiser til Israel i sluttan av april for å arbeide på ein kibbuts. Be om Guds beskytting  for oss. 

Misjonen 

  Vi ynskje å vere ei misjonsmenighet og støtte misjonen i andre land. Vi sender kvar månad støtte til pastorar, evangelistar og andre i Etiopia, Benin, Uganda og Japan. Det ver ei stor velsigning å få vere med å gi. Dei som får hjelp ber ekstra for oss. Den siste vi har starta å støtte er pastor Kaneko i Japan. Han har ansvaret for to små menigheter, og den eine har ikkje eige lokale. Dei må ha møtene på ulike stadar og det er ikkje bra i det lange løp. Kaneko takkar for støtta. Han har tru for at Gud snart vil gjeste Japan med ei stor kristen vekkjing. Det kan sjå mørkt ut, men som på Elias si tid hørte Gud bønnene og sende sin eld frå himmelen så folket vende om. 

   Det er no misjon motsatt veg og vi takkar Gud for våre venner frå Nepal, Kongo og andre land som har kome til oss. Dei er ivrige kristne og Oliver og Hategekiana har erfaring som pastor og evangelist og tala

Konto: 

3991.04.18401 

Vipps: 

507177 

Gud velsigne den enkelte. Våren kjem med sol og varme! 

1. -3. Bønn og faste:

1. kl.19:00 Kåre Johan Lynge

2. kl. 11:00 Per Arne Åkenes

kl. 15:00 Hans Reite

kl. 19:00 Kåre Johan Lynge

3. kl. 11:00 Per Arne Åkenes Leie: Edith Vert: Karsten Brødsbryting

6. kl. 17:00 Zoe

9. kl. 18:00 Jesus skule

kl. 20:00 One80

10. kl. 11:00 Oliver Niyonkuru Leie:Hanne Birte Vert: Karsten

12. kl. 19:00 STYREMØTE

13. kl. 17:00 Zoe

16. kl. 18:00 Jesus skule

kl. 20:00 One80

17. kl. 11:00 STORSAMLING vert: Anne Lise

20. kl. 17:00 Zoe

23. kl. 12:00 GATEKYRKJE

24. kl. 11:00 Vitnemøte (Torgeir Helland) Leie: Hans. Vert : Jørn

27. kl. 18:00 Skjærtorsdag. Møte med brødsbryting. Delemøte

31. kl. 11:00 Høgtidsmøte. Tale: Hans Leie: Anja Vert: Edith

Bønnemøte: Dagleg kl. 09:30 – 11:30 Bønneleiar: Anja Nes

r hos oss. Vi takkar også for at Solomon no er tilbake i Ørsta og kan på sikt begynne å tale igjen. Sammen kan vi få tene Herren her. Ørsta er ei stor misjonsmark og her er det mange heidningar som skal vinnast for Gud. Vi skal hauste i si tid berre vi ikkje går oss trøtte, seier Bibelen. 

Økonomien 

   I februar var det eit stort underskudd og det var overdobbelt så mykje utgifter som intekter. Ein av grunnane var ei stor rekning for straumutgifter til Frendetun som kjem kvart år på denne tida. Inntektene var kr. 34233,65 og utgiftene kr. 72676,73. Det er ikkje gode tal. Med over hundre medlemmar skulle økonomien vore betre. Vi vil minne den enkelte om å gi tienden til menigheten, og heilage gåver til andre formål. Det er slik Bibelen viser vi skal gjere. Ha tru til Gud. Når vi i tru gjer dette, så vil han velsigne oss slik at det vert nok! Vi flyt på statsstøtta, men myndigheitene strammar inn, så vi vil nok misse desse pengane i framtida. Ein ny pastor vil trenge lønn så vi må øve oss i å gi inn slik at dette kan verte ein realitet. Gud elskar ein glad givar og vi kan alle få oppleve velsigninga av å gi. Må Jesus hjelpe oss alle! 

Fødselsdagar i april: 

Tek Bahdur (9), Elin (2.), Hanne Birte (5.), Nyiransaba (2.) 

Daniel og David Yamuremye. 

Vi gratulerer!!! 

Takk 

  Vi ser her at to av våre beste medarbeidarar har fødselsdag denne månaden. Først Elin som er fast talar, vaskar, er med i søndagsskulen og gjer mange andre ting. Ho er dyktig og har mange talent. Så er det Hanne Birte som har stor dag. Hurra!!! GRATULERER SÅ MYKJE! Hanne Birte har eit stort hjarte for alle og tek ansvar. Ho er assisterande forstander, er ei bønnekjempe og er kasserar i tillegg til mykje anna. Til lykke med den store dagen. Må Jesus velsigne dokke begge og familiene!