Nytt Liv Juni

30. mai 2024

Det er sommar!

Så med rettferd, haust med kjærleik, bryt dykk nybrot! For no er det tid for å søkja Herren, inntil han kjem og let rettferd rettferd regna over dykk.

Hosea 10:12

Vi har no hatt nokre fine sommardagar og takkar Gud for det etter ein lang og hard vinter og vår. Blomstrane står i si prakt og heile skaparverket vitnar om ein skapar som er god. Vi har mykje å takke for, men framfor alt at våre namn er skrivne i Livets bok i himmelen. Til tross for at landet vårt er vakkert og vi har det godt, så veit vi at vi er framande og utlendingar i denne verda. Vi ser fram til himmelen som er så mykje betre. Som det står skrive: «Det auget ikkje såg og øyre ikkje høyrde, det som ikkje kom opp i noko menneskehjarte, alt det Gud har gjort ferdig for dei som elskar han.» Vi er på gjennomreise i denne verda og er pilgrimar på veg til Det nye Jerusalem der Jesus bur!

Dette bildet minner meg om dei store viddene i Ukraina med solsikker. Det er svært vakkert. Som eg sa i 17. mai talen så har kvart land sin skjønnheit. Vi er glade for å ha folk frå fleire ulike land. Dei siste som har kome og vorte medlemmar i Nls er Lidia og Mykola frå Ukraina. Vi ynskjer dei hjarteleg velkomne. Dei har opplevd krigen på nært hald og har vorte traumatiserte. Gud har halde dei oppe i sin store nåde og det er godt at vi kan få hjelpe dei på vegen. Vi er alle i Guds familie og er eitt i Kristus Jesus! Å vere ei internasjonal menighet er som ein forsmak på himmelen der vi alle skal vere saman.

I sommar bryt vi nytt land ved å arrangere stemne frå 10. til 14. juli. Dette er spanande, men også ei stor utfordring! La oss be om at det vert vellykka og at det kan skje noko nytt i Ørsta. Gud er mektig og han vil gi svarpå våre bøner. Ingen ting er umulig for Herren, og det vil skje ved hans mektige kraft. La oss be spesielt for Tracy Cooke som er hovedtalar og har nød for Noreg.

Forandringar i Nytt Livs Senter

Vi vil snu om I lokalet slik at fleire kan ta del i lovsangen og forkynninga når vi skal ha stemne i juli. Talarstolen kjem til å stå ved dåpskummen og stolane vert i motsett retning av det so er no. Då vert det meir som ei heilheit. Vi kjem til å arbeide med dette neste veke og trur at dette vil verke mykje betre. Vi har også fått litt betre lydutstyr. Miksebordet vert ståande like ved inngangspartiet og vil fungere på ein betre måte då begge høgtalarane vert sett og hørt av den som styrer lyden. Det vert også mindre ugenert å gå på toalettet. Det merkast heller ikkje så mykje at nokon kjem for seint på møte.

Det vert også forandring i leiing av møta. Vi dannar ein musikk som øver gjennom veka og tek ut sangane på førehand. Vi vil gjerne ha med bass og andre instrument og prøve å ha musikkøving kvar veke når vi kan. Vårt afrikanske gospelkor vil fortsatt ha ein sang i kvart formiddagsmøte. Dei er til stor velsigning og skapar liv i møta!

Livet i Guds forsamling

«De er Guds utvalde, heilage og kjære! Kle dykk då i inderleg medkjensle, godleik, audmjukskap, spaklynde og tålmod, så de tåler kvarandre og tilgjev kvarandre dersom ein skal ha noko å klaga ein annan for. Liksom Kristus har tilgitt dykk, skal de og tilgje kvarandre. Men meir enn alt dette, kle dykk i kjærleiken, bandet som bind saman i fullkomenskap.» Kol. 3:12-14

Det er slik apostel Paulus rettleiar oss til å leve i menigheta. Vi er alle forskjellige og det er lett at det oppstår konflikter og misforståelsar. Alle har vi ein bagasje frå vår bakgrunn og vårt liv, og det er ikkje alltid lett å tilpasse oss kvarandre sjølv om vi er kristne. I Nytt Livs Senter er det svært mange som har kome og gått gjennom 24 år. Nokre har vore skuffa fordi dei ikkje har vorte motteke som dei ynskte eller fått verke som dei ville. Vi er frå forskjellige land og har ulike kulturar og kan tenkje svært forskjellig. Det er viktig at vi ærar og respekterer kvarandre som brødre og søstre i Kristus.

Inga menighet er fullkoma og vi har også mange feil og manglar. Eg skulle ynskje at eg kunne ta meg meir av alle i forsalinga og besøke den enkelte oftare, men kjenner no på alderen og at kreftene minkar. Likevel så prøver eg å huske på den enkelte i bøn kvar dag. La oss be om at Gud vil oppreise ein ny pastor som er etter hans hjarte. Det er viktig å innrette seg etter leiarskapet i ei forsamling og ikkje berre ta seg til rette for då vert det kaos. Som Paulus seier så er det viktig å vere audmjuk og vere som ein tenar. Om ein er trufast i dei små oppgåvene, så har Gud lova å sette oss over større oppgåver.

Vi kan til dømes lære av kong David. Han pressa seg ikkje på for å ta over etter kong Saul. Han priste Herren og venta på hans time. I 1. Peter 5:5-7 står det slik: «Like eins skal de unge underordna dykk under dei eldre. Og alle må de vere kledde i audmjukskap mot kvarandre. For Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke gir han nåde. Audmjuk dykk difor under Guds veldige hand, så han kan opphøgja dykk i sin tid. Og kast all dykkar sut på han, for han har omsut for dykk.» Dette er viktig å huske på og praktisere. Gud er ordens Gud og vil at det skal vere orden og Andens verksemd i sin menighet!

Be for Noreg!

Det er trist at Noreg saman med Spania og Irland nyleg godkjente Palistina som eigen stat. Dei vil at Israel skal gå tilbake til grensene som var før 1967. Det er å gå imot Guds vilje . Det er han som har gitt jødane landet sitt tilbake. Å stride mot Gud er svært farleg! At Hamas skal lønast for sitt besialske angrep på Israel 7. oktober i fjor er heilt forkasteleg. Hamas, Iran og palistinarane jubla over vedtaket, men Israel trekte sin ambassadør tilbake frå Noreg. Forholdet mellom landa har vorte ødelelagt av denne elendige og ugudelege regjeringa som vi har. Kongen vår ville kondolere over ugjerninga til Hamas, men fekk ikkje lov av utenriksdepartementet. Derimot så kodolerte dei til Iran for presidenten der døde i ei ulykke. Han vart kalla «slakten frå Teheran» og var kjent for å ha myrda menge uskuldige menneske. Vi forstår at Noreg no vel Barrabas framfor Jesus, og kan møte Guds rettferdige dom!

Gratulerer Mardochee!

Den 25. mai var det festmøte for Mardoshee Mwamba. Han har valt å følge Jesus og er med på ungdomsmøta. Mardoshee er ein god ungdom og vi ynskjer Guds rike velsigning for han. Familia har vore trufaste i menigheta i om lag 18 år. Solomon er med i styret og vi er glade for at han har fått arbeid i Ørsta og Volda. Det er eit bønnesvar. Må Jesus fortsatt velsigne familia!

Fødselsdagar i juni

Sølvi Andås (01.), Bjørn Aurnes (10), Mia Belseth (15), Noella Birungi (30),

Sonia Høydalsvik (13.), Isac Tumusime (11.), Isaac Yumvagusen.

Vi gratulerer!!!

BE!

  • For stemnet 10-14 juli
  • Framgong i Nytt Livs Senter
  • Vekkjing i Noreg
  • Beskytting for Israel
  • Fred i verda

Møta i juni

1. kl. 19:00 One80

2. kl. 11:00 Møte Tale Elin Leie: Hanne Birte Vert Edith Brødsbryting

7. – 9. Bønn og faste

7. kl. 19:00 Møte

8. kl. 11:00, 15:00 og 19:00 Møte

9. kl. 11:00 Møte: Tale Per Arne Åkenes Leie: Hans Vert: Martha

15. kl. 19:00 One80

16. kl. 1100 Møte. Tor Rødseth talar og syng Leie: Elin Vert: Jørn

22. kl. 12:00 GATEKYRKJE

23. kl. 11:00 STORSØNDAG vert: Mangala

kl. 14:00 Grilling på Osestranda

29. kl. 19:00 Møte Tale: Hans Lovsang Charis agape Leie: Anja Vert: Edith

Dagleg kl. 09:30 Bønnemøte Bønneleiar: Anja Nes

Nytt Livs Senter

Kyrkjegata 39, boks 78, 6151 Ørsta

nyttlivssenter. no

Pastor:

Hans Reite

hansreite@hotmail.com Tel. 93820172

Styre:

Hans og Edith Reite, Elin Roksvåg Torkildsen,

Solomon Mwamba og Oliver Niyonkuru

Hanne Birte Koppen har gått ut av styret.

Vi takkar henne for hennar store innsats i mange år!

Barne og ungdomspastor:

Einar Reite

Konto: 3991.04.18401 Vipps: 507177

Husk tiende til menigheta!

Regnskap: I april: Utgifter kr. 71556,14 Inntekt: kr. 39080,90