Nytt Liv Mai

24. april 2024

Mai 2024 – DFEF – NLS – 24 årg. 

Gratulerer med 17. mai ! 

Dersom HERREN ikkje byggjer huset, arbeider bygningsmennene fåfengt. Dersom HERREN ikkje vaktar byen, vaker vaktmannen fåfengt. 

Salme 127:1-2 

Å BYGGE MED GUDS ORD 

   Våren er komen og fuglane syng. Det er ei fin tid som vi kan glede oss over! Naturen vaknar på ny og lauva sprett. Vakre blomar spirar opp frå brune jorda. Det er i sanning eit mektig skaparverk som vitnar om ein allmektig Gud. Vi kan prise han som gav oss livet og for alt godt som vi kan nyte! « Takk min Gud du gav meg livet. Takk at du er god kvar dag», syng vi i ein song. Vi har så mykje å vere takknemlege for, men ofte druknar det i dei daglege bekymringane og problem. Måtte lovsangen tilta i våre liv etter som vi går på HERREN sine vegar. Kong David seier: «Min munn skal lovprisa HERREN, alt som lever, skal velsigna hans heilage namn til evig tid. Halleluja! Lovsyng HERREN, min sjel! Eg vil lovsyngja HERREN heile mitt liv, syngja og spela for min Gud så lenge eg er til.» 

   Det er stor nåde at vi igjen kan feire 17. mai som eit fritt land. Snart er det åtti år sidan vi var okkupert av tyskarane. Då andre verdskrigen var slutt var det stor jubel, men no tek vi nesten fridomen for gitt. Noreg har vore eit kristent land og det er Gud som har gitt oss fridomen, velstanden og velsigninga. Då er det viktig at vi fortsetter å elske og tene han, men et faktum er at dei fleste menneske har vendt seg bort frå Gud og lever vi synda. Det kan på sikt ta fridomen bort. Apostelen Paulus seier: «Til fridom har Kristus frigjort oss. Stå difor støtt og lat ikkje nokon tvinga dykk inn att under slaveåket.» Galatarane 5:1 Det er berre evangeliet om Jesus Kristus som kan gi menneska og landa fridom. 

      Vi merkar at islam har fått sterkt fotfeste i Noreg. Mange i politikken og i media er muslimar. Då det var ramadan nyleg vart feira så pynta dei Oslo sine gate med halvmånar, men i påska vart det ikkje feira på same måten. Dette er svært trist. Er ikkje Noreg lenger eit kristent land. Skulle vi ikkje heller bygge på Bibelen i staden for på koranen? Koranen er full av feil og farlege vers om drap, hemn og vondskap. Islam betyr «underkasting» og vi ser korleis kvinnene vert undertrykte med burka og tildekking. Muslimane får mange born, og dei ser ut til å kunne ta over meir og meir om vi ikkje opplever ei kristen vekkjing snart. 

Kvar går Noreg? 

   Som ein kristen stat burde vi støtte det jødiske folket. Jesus var jøde og frelsa kjem frå Israel. Vi skal ikkje heve oss over dei. Vi er som ein vill oljekvist som er poda inn i det samme oljetreet som er Israel. Dessverre så har Noreg vorte eit av dei landa som er mest antisemittisk. Vi kritiserer nesten alt det jødane gjer og har gitt over 13 milliardar kroner til palistinarane. Ein stor del av desse pengane har gått til terror og til skulebøker som går ut på å utslette jødane. Oslo avtalen for om lag tretti år sidan var med på å dele opp Israel. I profeten Joel står det: «Då vil eg samla alle folkeslag og føra dei ned i Josafat-dalen. Der vil eg halda rettargang med dei om Israel mitt folk og min eigendom, som dei spreidde mellom folka. Dei delte landet mitt og kasta lodd om folket mitt. Vi ser her at Noreg har satt seg i ein alvorleg situasjon, og vi må som folk vende om slik at Guds rettferdige dom ikkje skal nå oss. Vi kan lese om at då profeten Jona gikk til Ninive så omvende dei seg og byen vart spart. Kongen og heile folket forstod faren og gikk i bønn og faste. 

    Vi veit at Russland fleire gongar har prøvd å angripe Noreg, men har vorte stansa. Ein gang var det englar som stod på grensa og som stoppa tanksane slik at dei stod og spann. Russland vende seg då til Afganistan der det vart krig. Er syndemålet no kome så langt at vernet for landet vårt er borte? Skal profetiane om at Russland tek Nordkalotten i eit jafs gå i oppfylling slik som mellom anna evangelist Emmanuel Minos profeterte? Noreg har gått foran med Pride rørsla og pervers seksualitet, noko som HERREN hatar. Vi veit korleis det gikk med byane Sodoma og Gomorra. President Putrin er ein vond mann, men han er i alle fall imot rosa kompetanse og det FRI står for. Skal Gud tillate at han kjem med sine hærar? Russland har no framgang i krigen mot Ukraina. Vi må verkeleg be for landet vårt ! 

Nytt i Nytt Livs Senter 

    Årsmøtet vart avvikla etter møtet søndag 14. april. Det var om lag 20 vaksne til stades. Vi sang NLS sangen og leste opp årsrapporten. 2023 hadde vore eit bra år for menigheta. Vi hadde daglege bønnemøter og søndags møter gjennom heile året. Ungdomspastor Einar kunne fortelje at fem ungdommar hadde vorte døypte og vokst i HERREN. Han sa at der var ei fast kjerne av ungdommar, men også at nokre nye hadde kome til. Han skal no sju veker til Israel, og då vil pastor stille opp som vaksenkontakt når Einar er borte. Hanne Birte kunne fortelje at der var eit lite økonomisk overskudd, og inntektene var på over 700000 kroner. Ho minte oss om å fortsatt å gi tiende. Vi gir tienden vidare til misjon i Uganda, Benin, Etiopia og Japan. Pastor får disponere pengane gjennom Internasjonal Evangelist Misjon. Anja er bønneleiar og kunne fortelje at dei daglege bønnemøta fortsetter. 

   Oliver kom med ei helsing. Han sa at dei frå Afrika er svært takknemlige for at dei kan vere med i menigheta og delta på møta. Han og Hategekimana er faste talarar, og vi vonar at Solomon også kan kome i gang igjen med taling. Vi har no folk frå om lag ti ulike nasjonar, og er glade for at våre vener frå Nepal har begynt å kome igjen. Vi er ei internasjonal menighet som er eit forbillede på himmelen det skal vere folk frå alle nasjonar frå alle tider, og vi skal prise han som kjøpte oss fri til evig tid! Samlinga vart avslutta med bønn der mellom andre Hategekimana deltok. Takk til Elin som som fungerte som sekretær. 

Planane framover 

   Eg reiser til Benin frå 19. april til 1. mai etter innbyding frå pastor Pierre som vi har støtta i mange år. Pierre gjer ein fantastisk gjerning der han stadig når nye landsbyar og 

 startar menighetar. Han får borra brønnar som skaffar reint vatn og forlengar levetida til folk. Eg har vore i Benin to gongar før og kjenner litt til forholda der. Landet er svært fattig og der er mykje okkultisme og trolldom, men evangeliet går fram. Eg skal få vere med på dåp og tale på eit predikantseminar. Be for meg at det går bra. Be også for Einar som den 25. april reiser til Israel. Han skal hjelpe til og arbeide på ein kibbutz ikkje langt frå Jerusalem i sju veker. Krigen mot Hamas er ikkje ferdig og no er også Iran involvert. Det er svært alvorleg, men det er godt å vite at han søv ikkje og slumrar ikkje Israels vaktar! 

    Vi planlegg eit stemne i menigheta den 10. til 17. juli. Då kjem evangelist Tracy Cooke frå Amerika. Han har ei profetisk gåve så det vert spanande å høyre kva bodskap Gud har lagt på han. I tillegg kjem pastor Trond Taule og Arne Hole med familie frå Frekhaug bibelsenter. Vi vil ha ein menighetsmusikk og Daniel Osnes leier lovsongen. Be at det må verte eit godt stemne og at folk frå distriktet vil kome. Sommaren treng ikkje å vere ei tørketid. Vi vil be om at Guds herlegdom vil openberre seg over Ørsta. Bibelen seier at der synda var stor vart nåden endå større. HERREN høyrer og svarar på våre daglege bøner! 

Barmhjertighetstenesta 

    Vi takkar Øystein Sørheim som jamnleg køyrer til Førde og hentar mat for oss. Han og Hildur kan fortelje at der er ikkje så mykje mat som før, men dei får tak i ein del til å fylle opp frysarane. Heile landet merkar no at det vert trongare tider. Den store overflodstida som vi har hatt i mange år er kanskje slutt. Rentene har auka og det er mange som slit med å få endane til å møtest. Då er det godt at vi som ei kristen menighet kan vere som ei utrakt hand. Guds kjærleik er aust ut i hjarta våre, og det er viktig at folk i verda kan merke. Vi har ein misjon å utføre her på jord. Noreg har vorte ei stor misjonsmark og slike ting kan vere med å opne hjartene til folk. I nauda er det vanleg at folk søker Gud. I Salme 107 står det tre gongar: «Då ropa dei til HERREN i si naud, og han berga dei frå trengslene.» Ein predikant sa det slik for mange år sidan: « Vi har hatt det for godt for lenge her i landet.» Dette har gjort at folk har folatt Gud, men vi ber om at dei må vende om og kome til Jesus! 

Fødselsdagar i mai: 

Olive Bumerange (2.), Ruban Darjee (1.), Karsten Eikrem (15.), Olav Koppen (8.), 

Clever Manzi (14.), Augustin Nkurunziza (11.), Bukulote Gatluak Tut (25.) 

Vi gratulerer!!!! 

BØNNEEMNE. BE FOR: 

  • Kristen vekkjing i Ørsta 
  • Framgang i Nytt Livs Senter 
  • Fred i Israel, Ukraina og heile verda 
  • At gislane på Gaza vert løslatt 
  • Turen til Benin 
  • Einar sin tur til Israel 
  • Stemnet i sommar 
  • Økonomien i menigheta 
  • For konge, regjering og storting 
  • Valet i USA 

Møta i mai 

1. kl. 17. Zoe 

4. kl. 19 One80 

5. kl.11. Tale: Hans  Leie: Anja  Vert: Edith  Brødsbryting 

8. kl. 17. Zoe 

11. kl. 12. Gatekyrkje 

      kl. 19. One80 

12. kl. 11. VITNEMØTE  Leie: Rut  Vert:Anne Lise 

15. kl. 17. Zoe 

17. kl. 18 FEST 

18. kl. 19. One80 

19. kl.11. STORSAMLING  Tale: Elin  Vert: Mangala 

21. kl. 19. Styremøte 

22. kl. 17. Zoe 

24. kl. 18. Husmøte  Reite 

26. kl. 11. Tale: Hans Leie: Hanne Birte  Vert: Jørn 

29. kl. 17. Zoe. AVSLUTNING. 

Dagleg kl. 09:30 – 11:30 Bønnemøte. Leiar: Anja 

NYTT LIVS SENTER: 

Kyrkjegata 29, Boks 78, 6151 Ørsta 

nyttlivssenter.no 

Pastor: 

Hans Reite 

hansreite@hotmail.com tel. 93820172 

Styre: 

Hans og Edith Reite, Hanne Birte Koppen, Elin Roksvåg Torkildsen 

Solomon Mwamba, Oliver Nionkuru 

Barne- og ungdomspastor: 

Einar Reite 

Økonomi: 

Året 2023: 

Utgifter kr. 688 383,99 

Inntekter: 797 856,28 

Husleige kvar månad: kr. 17706,25 

KONTO: 3991.04.18401  Vipps: 507177  Husk tienden til menigheta!