Nytt Liv

20. januar 2023

JANUAR 2023 – NLS – DFEF – 23 årg.

Dette bildet av Ukjent forfatter er lisensiert under CC BY-ND

HERRENS herlegdom skal openberra seg, alle 

menneske skal saman sjå det.  Jesaja 40:5

 Vi har fått eit nytt av nåde frå Gud. Kva vil skje i 2023? Det er berre HERREN som veit, og difor er det godt å kunne legge året i hans hender. Vår bøn er at hans herlegdom skal verte openberra midt iblant oss. Dette verset frå profeten Jesaja fekk eg for nokre år sidan då eg var på Melshornet og bad for Ørsta. Det kan sjå umulig ut, men vi veit at alt er mulig for Gud. Han er mektig til å gjere meir enn det vi ber om eller forstår. Vi ber daglig om vekkjing og liv, og ein dag vil lyset bryte gjennom det åndelege mørket som råder her.

Takk for 2022

  Året er no lagt bak oss, og vi har mykje å takke for. Vi har fått betale alle rekningar og har framleis pengar på konto. Vi ser at HERREN følger nøye med. Fleire nye menneske har vore innom på møta, og nokre går her fast. Vi har hatt dåp og ungdommane kjem trufast på ungdomsmøta, og nokre gongar på dei vanlege møta. Søndagsskulen er i funksjon, og vi takkar for alle trufaste barne- og ungdomsarbeidarar. Tusen takk til alle som gjer ei trufast teneste i menigheta!

   I fjor var menigheta i fleire veker nedstend, men i år kunne vi halde ope, og det var stort at vi kunne feire jul i saman. Det var kjekt at mange både barn og vaksne kom på jule- og nyttårsfesten. Sjølv om fleire var sjuke så var vi om lag seksti personar til stades. Vi takkar for at Dan Lewi Olsen kom til oss som ny medarbeidar. La oss ta godt imot han. Det er flott at han får meir sving på lovsangen og har lovsangskveldar.

Vi ser framover

 Eit ordtak seier: «Gårsdagen er forbi, morgendagen har ingen sett. I dag hjelper HERREN» Det er stort at vi er frelste og saman kan få tene Den levande Gud. Vi er ei internasjonal menighet og frå januar av startar vi med internasjonale møte ein laurdag i månaden. I januar er det forskjellige talarar kvar søndag. På den måten får vi ein variert åndeleg kost. Dei vanskelege tidene vi no opplever, vil føre til at fleire begynner å be til Gud. Mange har vanskar med å få endane til å møtest, og då vil dei gjerne be om det daglege brød. La oss bu oss på vekkjing og framgang for Guds rike i 2023.

La oss stå i saman i kjærleik

  Vi er i endetida og den åndelige striden er sterk. Djevelen rasar for han veit at tida er kort før han skal bindast. Han er ein tjuv og skapar splitting i familier og menigheter, som fører til oppløysing. Difor er det viktig at vi er på vakt og vaker i bøna. La oss kvar dag ta tid til å lese minst eit kapittel i Bibelen og ta tid i bøn. La oss ta på heile rustninga og stå fast på den vonde dagen som det står om i Efeserbrevet 6:10-18.

   Kjærleiken er frå Gud, for Gud er kjærleik. Den er aust ut i hjarta våre ved Den heilage ande som han har gitt oss. La oss ikkje vere opptatt av kvarandre sine feil og manglar, men sjå på dei gode sidene til kvarandre. Vi er alle forskjellige og har har alle gode og mindre gode sider. Alle er nødvendige og vi kan utfylle kvarandre i tenesta i Guds rike. Det er Jesus som er leiaren vår og vi er alle brødre og søstre i HERREN.

Dei som har reist heim

  I november døydde både Artur Sørheim og Lena Robertsen, som har vore trufaste i menigheta i mange år. Vi saknar dei begge to og synest at det er trist at dei er borte, sjølv om dei begge nådde ein høg alder. I evangeliet er det trøyst og vi veit at snart skal vi alle samlast heime hos Jesus, og få møte våre kjære igjen. Dette er kalla for « Det salige håp!» Må Gud velsigne minnet etter våre kjære søsken som har gått bort.

Fødselsdagar i januar

 Edith (17.), Solomon (10.), Eva (15.), Sancha Maya (21.)

Vi gratulerer!!!

MØTA I JANUAR:

4. kl. 17:00 Zoe

6.-8. Bønn og faste for 2023   Fredag 6. kl. 19:00

7. kl. 12:00 , 15;00 og 19:00 Møte

8. kl. 11:00 Tale: Hans Leie: Hanne Birte Brødsbryting

11. kl. 17:00 Zoe

12. kl. 19:00 LOVSONGSKVELD

14. kl. 17:00 Jesus skule kl. 20:00 One80

15. kl. 11:00 Tale: Morten Abrahamsen Leie: Arild

18. kl. 17:00 Zoe

21. kl. 15:00-18:00 Internasjonalt møte  kl.20:00 One80

22. kl. 11:00 Tale Jens Christian Ekelund  Leie: Anja

25. kl. 17:00 Zoe

28. kl. 17:00 Jesus skule kl. 20:00 One80

29.  kl. 11:00 Tale: Elin Leie: Hans

Dagleg kl. 09:30 Bønnemøte Leiar: Anja  Lovsong: Dan Lewi

NLSKyrkjegata 39, Boks 78, 6151 Ørsta – nyttlivssenter.no

Edith og Hans Reite 93820172 – hansreite.hotmail.com

Styre: Hans Reite, Einar Reite, Hanne Birte Koppen, John Belseth, Elin Roksvåg Torkildsen og Solomon Mwamba

NLS KONTO: 3991.04.18401 Vipps 507177

Husk tienden til menigheta. Godt nytt år!