Nytt Liv Mars

3. mars 2024

Våren er på veg!

Eg vart glad då dei sa til meg: «Vi vil gå til HERRENS hus.» Føtene står i portane dine, Jerusalem. Jerusalem du er bygd som ein heil og samla by! Dit dreg stammane opp, HERRENS stammar! Det er ei lov for Israel å prisa HERRENS namn. Ja, der står troner for dommarar., kongstolar for Davids hus. Bed om fred for Jerusalem! Må dei som elskar deg, leva trygt! Må fred råda innafor dine vollar, tryggleik i dine borger! SALME 122:1-7.

No er det mars og våren nærmar seg. Det er eit under når vakre blomar spirar opp av svarte jord. Det var dette Peder Hovdenakk merka seg slik at han begynte å tru på Jesus og vart frelst. Sunn fornuft tilseier det. Skaparverket er fantastisk og HERREN gav seg sjølv karakteren «Svært godt» etter at ha hadde skapt himmel og jord. Det er trist at over halvparten av menneska i Noreg ikkje trur at Gud finst. Vi må forkynne evangeliet som aldri før. Trua kjem av forkynninga og bodskapen kjem ved Kristi ord. Ein merkar no at ungdommen er opne for Guds ord og vi trur at ei ny Jesus vekkjing er på veg. Då vert det vår i dobbel forstand. Då Hans Nilsen Hauge vart døypt i Den Helage Ande, sa han: «Mor no er det vår!» Det er dette vi treng i landet vårt no. Nøda er stor og vi treng evangelistar.

Det var trist å høyre at Noreg er det mest antisemittiske landet i Noreg. Som ein kristen nasjon skulle i vere vener av Israel, men det er vi ikkje. Vi er inne på ein farleg veg og har vorte Guds fiendar. Det er Han som har samla jødane frå heile verda til deira eige fedre-

land. At heile Jerusalem no er under Israel, er eit tegn på at Messias snart kjem tilbake. Han søv ikkje og slumrar ikkje han som vaktar Israel. Gjennom Oslo-avtalen har vi vore med på å dele opp Det heilage landet og det er ikkje bra. Guds dom kan kome over landet vårt om vi ikkje omvender oss. Det er berre av nåde at vi fortsatt har fridom og fred.

Kva skal vi gjere? Vi må be for storting og regjering at dei kjem på andre tankar. Broder Hategekemana hadde ein flott tale nyleg om BØNNENS KRAFT. Han snakte mellom anna om profeten Jona som talte til byen Ninive om dom. Heile byen omvende seg og fasta og bad. Det gjorde at byen vart spart frå ulykka i over hundre år! I år er BØNNENS ÅR og vi vil trenge oss inn på Gud i inderleg bønn og forvente at HERREN vil sende vekkjing i Ørsta. Nyleg fekk eg ideen om å kalle menigheta vår også med eit anna namn: NYTT LIV BØNNE-SENTER. Vi takkar Anja og Hanne Birte som har ope for bønn kvar einaste dag.

Nytt i Nytt Livs Senter

Mars vart innleia med bønn og faste. Dette trur vi har stor betydning for land og folk. Jesus sa at «Når brudgommen vert teken bort skal de faste.» Det er krig i mange land i verda og nøda er stor. Også i vårt eige land er det mange som har smerte og problem. Dei unge ser ikkje lyst på framtida og sjølvmordstala er alt for høge. Det er godt at vi kan halde fram evangeliet som gir framtid og håp. Nyleg hadde vi gatekyrkje med friluftsmøte. Mange tok imot vaflar, traktatar og nyhetsbrev som vi delte ut. Luukas og Tor var med oss til stor

velsigning. Dei var ute på laurdagskvelden og snakka med rånarane, og kunne vitne om at ungdommane aldri har vore så opne før! Dei tok imot orda som dei vitna om.

I april vert det årsmøte og du har som medlem anledning til å kome med forslag til emne som skal takast opp. Vi er framleis ei lita menighet og treng fleire medarbeidarar til dei fleste oppgåvene. Det er ingen tvang og vi kan saman tene HERREN med glede. Når vi tenker på kva Jesus har gjort for oss, så er det eit privilegium å kunne gi noko tilbake. Vi kjenner at det er ope i møtene og Gud verkar med sin Ande midt iblandt oss.

Ellers så er vi svært takknemlige for at Solomon no har fått jobb som bussjåfør i Furene, så han har fått flytta heim etter å ha arbeidd i fem år i Trondheim og Ålesund. DET VAR EIT HERLEG BØNNESVAR! Gud er god og svarer på våre bønner. Mary og Solomon har vore trufaste i menigheta i 18 år! Vi er ei internasjonal menighet og det er flott at Oliver, Hategekemana og Solomon kan ta del med forkynning. Dei har rik erfaring med dette som pastorar og evangelistar i Afrika. Vi treng kvarandre i arbeidet for Guds rike i Ørsta!

Barne og ungdomsarbeidet

Vi er glade for at Einar vil fortsette som Barne- og ungdomspasor også etter ferien. Sjølv om han bur i Bergen og ikkje kan vere her kvar helg, så vil han organisere arbeidet og ta ansvar. Barna og ungdommen er framtida for forsamlinga vår, og det er viktig at vi ber for dei unge og dei som underviser dei i Guds ord: Einar, Sonia, Elin, Britt Karin og Hategekemana. Det er fint at dei afrikanske også tek del i dette, og at vi kan dele opp i to klasser: For dei små og for dei store. Vi er heldige som har fleire aktivitetsrom for filmar, bordtennis, bandy og billiard. Det viktigaste er sjølvsagt lovprising og Guds ords forkynning. Flott at nokre av dei unge lærer seg å spele på instrument slik at dei i framtida kan ta del i lovsongen og tilbedinga av Gud, og kan bli sterke vitner for Jesus!

Zoe bibelskule

Det er ti år sidan vi starta denne skulen. Kvart år har det vore mellom 15 og 20 studentar. Nokre har slutta og andre har begynt. Det har kome folk frå heile Søre Sunnmøre. Rektor Per Arne Åkenes fekk kallet om å starte bibeleskule for over tretti år sidan, og har lagt ned eit kjempestort arbeid med utallige bibeltimar, og vist bilder og tekst på skjerm slik at det skal vere lett å forstå. Skulen er gratis, men gjennom frivillig kolekt har det kome inn pengar slik at ein har kunna støtta forsamlinga vår og ulike misjonsprosjekt i fleire land. Be for Per Arne og kona Annbjørg som har begynt å kome opp i åra, at dei får god helse slik at dei kan fortsette den gode gjerninga med bibelskulen. Per Arne deltak ofte i debattar i avisene til forsvar for Israel og Guds sak. Be om Guds spesiell bevaring for han.

Eg er meir evangelist enn bibellærar, men har deltatt med undervisning alle desse åra. Nyleg fekk eg føre meg at eg skulle forklare betydninga av dei ti boda, og held på med det no. Oddny Kopperstad har vore med alle ti åra, og fekk ein blome etter at ho fylte 75 år.

Lovsong

Det er flott å høyre våre afrikanske vennar lovsynge Gud på møta kvar søndag. Dei er innvidde og tilber HERREN med heile kroppen. Vi i Noreg er litt stive og har mykje å lære av våre utenlandske vener. Det var fint å høre lovsong på nepalsk og spansk også. Om ikkje lenge reiser Sonia tilbake til Equador, og vi vil takke henne for tida ho har vore her og ønske henne velkomen tilbake. Vi kjenner at vi er brødre og søstre i sammen, og kan kvar veke prise vår Frelsar i sammen. Det er litt trist at vi ikkje har hatt eigne lovsongsmøter på lenge, men får be om at det legg seg til rette igjen. Jesus Krisus fortener all vår takk og lov!

Sommarstemne

I den andre veka i juli planlegg vi å ha eit stemne i menigheta vår. Det vert frå 10. til 14. juli. Evangelist Tracy Cooke kjem frå Amerika og skal ha møter på ulike plassar i landet. Andre har betalt biletten, og så passa det så fint at han kan vere med oss denne veka. Han har mange nådegåver, mellom anna det profetiske, så det vert spanande å høyre. I tillegg kjem Arne Hole og Trond Taule frå menigheta på Frekhaug. Be om at det vert god planlegging og også at vi får sangkrefter. Der er sommarstemne mange plassar, men dette stemnet vil ikkje kollidere med stemnet i Herøy eller Tafjord. Vi har gode minner frå nyttårsstemnet med Håkon Martinsen og trur at dette også vil vere eit godt stemne der HERREN vil åpenberre sin herlegdom. Vi SATSAR NYTT I JESU NAMN TIL SEIER!

Økonomien i Nytt Livs Senter

Oversikt for januar: Inn kr. 55376,57 Ut kr. 77005,41. Vi ser at det måntlig er eit underskudd på om lag 20000 kroner. Det som bergar oss er at vi får statstilskudd for medlemmane våre. Vi takkar dokke alle som trufast gir inn tienden og heilage gåver slik at vi fortsatt kan vere i lokala våre i Kyrkjegata. Det er så mange som spør etter pengar, men etter Guds ord skulle tienden gå til «forrådshuset» som, er meniheta. Dei heilage gåvene kan brukast fritt til andre ting som ein har trua for, men vi har ingen kontroll. GUD ELSKAR EIN GLAD GIVAR. Pastor har ingen lønn, men ungdomspastor er ansatt 20%. Husleiga er no på over 18000 kroner. I tillegg kjem straum og andre nødvendige ting. I tru gir vi tienden frå menigheta til misjonsarbeid i Etiopia, Benin, Kongo og Japan.

Fødselsdagar i mars:

Caleb Mwamba ()30.), Kjell Klokk (22.), Cecilie Nyirafoto (26.),

Kjell Bjarne Sandvik (15.), Gatlang Gatluak Tut (02.) og Monday Gatulan Tut (02.)

Vi gratulerer!!!

Bønnebegjær:

• Vekkelse i Ørsta. 20 nye bli lagt til meniigheta i år.

• Lækjedom for dei sjuke: Ole Gustav, Per Sævik, Eldbjørg Kopperstad og Daniel H.

• At Noreg kan bli kristent på ny . Ein landsvekkelse og ungdomsvekkelse.

• Fred for Jerusalem. Slutt på krigen i Gaza og i Ukraina. At Hamas vert knust

• For myndigheitene. At det må bli slutt på ugudelige lover og antisemitisme.

• Velsigning over økonomien. At vi kan ha rikeleg for å kunne gjere all god gjerning

• Takke for fridom og fred og for Guds nåde og velsigning over landet vårt!