|
Flott feiring av nasjonaldagen
Vi hadde ein fin fest på nasjonaldagen der mange møtte fram. Pastor talte om velsigninga og forbanninga. Det er så viktig for ein nasjon og for den enkelte å velje den rette vegen. Bibelen peikar på at Jesus er vegen, sanninga og livet. Etter kaffipausen var det mange som deltok med songar på fleire ulike språk. Vi har etter kvart fått mange nye landsmenn her i Noreg, og dei har mykje å bidra med. Til hausten planlegg vi å starte opp med internasjonale møte.
Søndag vert temaet på møtet : " Lyset frå Evangeliet". Vi syng i ein song: "Du sende ditt ord over Noregs fjell og lys over landet strøymde." Korleis er det i dag? Vi ser at det mørknar meir og meir og snart er det natt! Jesus sa at vi må arbeide mens det er dag for natta kjem då ingen kan arbeide. Denne veka vil stortinget vedta å forandre § 2 i grunnlova. Det vil føre til at Noreg vert ein sekulær stat, og kristendomen vert tatt vekk som religion i Noreg. Dette er svært alvorleg! I tusen år har vi hatt kristendomen som grunnvoll i samfunnet. Våre forfedre bygde på dette, og takka vere deira gudsfrykt og harde arbeid har Noreg vorte eit av verdas beste land å bu i. Vi er mange som trur at dette no vil forandre seg. La oss be for landet og leiarane våre! H.R.
LONNY MATHISEN PÅ NYTT LIVS SENTER
Då Sveinung Dalbakk nyleg talte på Nytt Livs Senter hadde han med seg mor si Gudveig, og Lorry Matisen frå Ringebu som også vitna. Dette gjorde slikt inntrykk at eg ynskjer å få dele vitnemålet til Lorry her på nettsida. Ho fortalte at ho vaks opp som einebarn i Oslo og vart overbeskytta av foreldra. Ho vart redd for alle ting, og åtvarar folk om å overbeskytte borna sine. Tretten år gamal vart ho sjuk av CP og eplepsi. Lorry misste følelsen i beina og måtte bruke skinner. Ho vart avhengig av rullestol. Etter at foreldra døde, vart ho svært einsam og hadde ikkje vener. I oktober 2011 flytta ho til Ringebu og begynte i pinsemenigheta. På eit ungdomsmøte vart ho bedt for og fekk tilbake følelsen i beina! Ho har no kvitta seg med rullestolen og skinnene og kan gå opptil åtte kilometer på ein dag.
Lorry har fått mange vener og er svært glad! Ho er ikkje einsam lenger, og seier at ho har fått ei ny familie. På Ringebu er ho med i eit husfellesskap og der trivest ho godt. Lorry seier at ho skulle ynskje at fleire i Noreg ville ta imot Jesus Kristus som sin personlege frelsar. Ein får eit heilt nytt liv, og det er eg eit vitne om, seier Lorry. Jesus lever og han er legenes lege, og det er heilt sikkert. Doktoren hennar på statens senter for eplepsi sa at det var eit mirakel det som hadde skjedd, avsluttar ho. H.R.
HØGTIDSMØTE PÅ NYTT LIVS SENTER
På søndag var det høgtidsmøte og fest for sju ungdommar frå Nepal og Kongo som har gått på "Jesus- skulen" og fått Bibel-undervisning nesten kvar veke i eit år. Vi har med løyve brukt konfirmant-opplegget til ulike kyrkjesamfunn i tillegg til vårt eige i undervisninga.
Lokalet var fint pynta med småbord for anledninga og vart fullsett. På det meste var det sytti til stades frå mange land. Ungdommane song og sa fram bibelvers som dei hadde lært utenat. Dei fekk også Biblar i ekte skinn som gåve frå forsamlinga i tillegg til blomar og andre gåver på denne store dagen deira. Sølvi Andås som har vore leiar for Jesus-skulen, orienterte om det som hadde skjedd gjennom året. Ho sa at ungdommane hadde vore flinke og lærevillige, og at vi hadde vorte glade i dei. På festen viste ho bilder på storskjerm mellom anna frå dei to leirane som vart arrangerte .
Fleire av lærarane på skulane til elevane møtte fram på festen og det var ekstra gledeleg. Dei ulike familiane hadde med middagsmat, og etterpå var det tid for songar og helsingar. Det var flotte songar frå Nepal og Bhutan, opg på det afrikanske songane var det skikkelig fart og rytme. Vi vart alle rivne med og nokre dansa for Herren! Det er lov på vise glede i Guds hus.
Vi i Noreg har mykje å lære av våre utenlandske vennar. Kvar av dei sju ungdommane vart bedt for. Vårt ynskje og bøn er at det må verte bevarte hos Jesus midt i ei vond og vanskeleg verd. Sølvi og Ragnvald Andås fikk roser og ei lita gåve som takk for at dei verkeleg har stått på for ungdommane dette året. Begge leirane vart arrangerte heime hjå dei. Det er fint at nokon er villig å ta seg av våre nye landsmenn. Jesus sa:" Det dokke har gjort mot ein av mine minste har de gjort mot meg". Etter nesten seks timar var det på tide for oss å gå heim, men vi takka Gud for hans velsigning. Det hadde vore eit godt høgtidsmøte og ein fin fest! H.R.
Tekst til bilda:Bilde 1 Utanfor lokalet: Frå venstre: Ragnvald Andås, Chunu Subba, Bhagta Darjee, Ran Maya Subba, Leonard Mwamba, Suraj Darjee, Beena Subba, Sølvi Andås og Hans Reite
Nyhetsbrevet BØNNEROPET! April 2012
Blås i horn på Sion, lys ut en faste og kunngjør høytidssamling! Kall folket sammen og innvi forsamlingen, la de gamle komme, ta småbarn og spedbarn med. La brudgommen gå ut av sitt rom og bruden av sitt kammer! Mellom forhallen og alteret skal prestene, Herrens tjenere, gråte og si: "Herre spar ditt folk! Gjør ikke din eigendom til spott, la ikke fremmede herske over dem! Hvorfor skal de si blandt folkene: Hvor er deres Gud?" Da ble Herren fylt av brennende iver for sitt land og viste medynk med sitt folk. Joel 2:15-18
Da dette ble skrevet var det stor nød i Israel. Folket hadde falt bort fra Gud og velsignelsen var borte. De hadde tatt avguder og levde i synd. Les heile nyhetsbrevet her
Besøk frå Visjon Norge
På søndag kom Jan Hanvold og eit team frå TV stasjonen Visjon Norge på vitjing. Dei hadde på frag og laurdag seminar på hotellet i Volda. Vi visste at mange ville kome og sette inn ekstra stolar. Dette stemde og lokalet vart heilt fullt. Stemninga var god og Jon Egil Stavik leia lovsongen. Sten Klevås Olsen orienterte om det arbeidet Visjon Norge driv og om målet for vitjinga.
Etterpå tala Jan Hanvold og det var svært interessant å lytte til. Dei har akkurat kjøpt eit hotell i Hallingdal. I Fosnavåg fikk dei utstyr frå eit nedlagt hotell der. Hanvold handlar i tru og reknar med Guds hjelp. Dei har eit budskjett på over hundre millionar i året, og fleire tusen har gitt til kjenne at dei vil verte personleg kristne rundt om i landet etter å ha lytta til sendingane. Visjon Norge er inne på riks-tv, og dei måtte betale mykje for dette. Dei satsar på å hjelpe dei fattige rundt om i verda, og har mellom anna fått bygt ein aldersheim i Moldova som er Europas fattigaste land. Dette har vorte lagt merke til av myndigheitene! Visjon Norge har eigen Israels-kanal og ynskjer å støtte dette landet som har mange fiendar og er truga på livet.
Møtet vart avslutta av evangelist Brandon Spiker. Han hadde med mor si og ein venn som song nydeleg. Spiker er berre 23 år gamal, men har vorte mykje brukt av Gud i evangeliets teneste. Han ba for sjuke og fleire søkte forbøn. Etter møtet var det kaffi og kaker for alle som ville. Det hadde vore ei mektig samling og aldri har det vore så mage inne på Nytt Livs Senter før. Dette gav oss inspirasjon for framtida. Tenk at ei lita forsaling som oss skulle få storbesøk! Dei likte seg her og ynskjer å kome attende til hausten. Vi ser fram til det! H.R.
TOR RØDSETH PÅ NYTT LIVS SENTER
Godt nytt år. Vi hadde et flott møte 1. nyttårsdag der Tor Rødseth sang mange av sine eigne songar. Han song også nokre av Åge Samuelsen. Temaet for mætet i morgon er:" Lyft augene og sjå markene. Dei er alt kvite til hausten." Det er nokre mørke skyer på himmelen når ein ser inn i det nye året. I Europa er det finanskrise og veret i heile verda ser ut til å vere i ulag. Nye stormar og flommar er varsla. Likevel kan vi få sette vår lit til Gud, skaparen av himmel og jord. Han er allmektig og kan vare oss frå det vonde! Det viktigaste for alle menneske er å få fred med han. Elleres så er vi i full gang med junior, Jesus-skule, bønemøte og bibelstudie. Sist onsdag snakka vi om kor viktig det er å vere ved godt mot og ikkje vere mismodig. Mykje godt skal skje i 2012! Det vert spanande å sjå kva vi vi vil møte. Gud utgyder sin Ande over heile verda, og under og tegn skjer enno i dag. La oss som aldri før søke han i bøn. Denne helga er vi nokre samla frå ulike kristne forsamlingar til bøn for land og folk. Vi har også laga klart til å skrive seg på ei underskriftskampanje mot å forandre §2 i grunnlova vår. God helg.! H.R.
Vi hadde ei fin bønehelg på Ørskogfjellet og nokre har allereie fått bønesvar. Vi har ein levande Gud som høyrer og svarar når vi ber! Temaet for møtet i morgon er: "Himmel og jord skal forgå, men Guds ord skal slett ikkje forgå." Vi er no i adventstida, og kan minnest Jesu første kome til vår jord. Alt gikk nøyaktig i oppfyljing som det stod skrive hos profetane. Messias vart føydd av ei jomfru i Betlehem. "Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå ei møy (jomfru) skal verta med barn, ho skal føda ein son og gje han namnet Immanuel" (Gud med oss). Også i dag gjeng Ordet i oppfyljing: Israel har fått attende landet sitt, det er store jordskjelv, flaumar, krigar og valden aukar. Alt tyder på at Jesu andre kome stend for døra, og vi kan vente på hans kome i skya! På onsdag fortsetter vi med studiet om "sju sider ved Gud." Vel møtt til samlingane! Hans Reite
På vitjing i Japan I oktober var det 30 årsjubileum for oppstarten av menighetsarbeidet vi var med på i Japan, og vi fikk invitasjon til å delta. Sanman med son vår Einar og ein svenske, gikk turen via Moskva til Tokyo. Vi var spente på å sjå korleis situasjonen var i landet etter jordskjelvet, tsunamien og utsleppet frå atomreaktoren i Fukushima. Til å begynne med budde vi på Nytt Livs Lys trykkeriet i midten av Saitama fylke. Les meir her
Vi opplever ei fin tid i menigheten no. Kom og besøk oss og om du ikkje har eit fellesskap er hjerteleg velkomme ntil å bli ein del av menigheten Nytt Livs Senter.

Flott ungdomshelg på Bjørke
 Vi hadde ei fin helg med ungdomsleir på Bjørke. Vi sparka fotball, spela bordtennis, kasta hestesko, hadde bibeltimar m.m.
Hans
Fargerikt fellesskap

Menigheita Nytt Livs Senter har ein fin kontingent innvandrar bl. anna frå Eritrea og Nepal.
Det er fint at folk frå ulike naskjonar og kulturar kan finne saman i menigheita og ha fellesskap med kvarandre og Jesus Kristus
|