Nytt Liv Februar

4. februar 2024

JESUS KRISTUS GUDS SON

Sion sa: Herren har forlate meg, Herren har gløymt meg. Gløymer vel ei kvinne brystbarnet sitt, så ho ikkje forbarmar seg over sonen sin som ho fødde? Om enda dei kunne gløyma, så gløymer ikkje eg deg. Sjå i begge hendene mine har eg teikna deg, murane dine har eg alltid for auga.

Jesaja 49:14-16

Det var dette Jesus sa då han kalla meg til teneste på ein leir i Austefjorden i 1973. Det er no over femti år sidan, men Herren har vore trufast heile tida. Han har bore meg på sin arm slik vi ser på bildet, og som eg såg i synet då han openberra seg for meg. Eg fekk eit heilagt kall som eg fylgt heile tida. Nokre gongar har eg gått feil, men Jesus har ikkje slått handa av meg, men på ny tatt meg i si famn. Han er full av kjærleik og sviktar aldri, og er med oss alle dagar.

No er det snart 24 år sidan vi starta Nytt Livs Senter. Tida har gått fort og det har vore både ned- og oppturar. Folk har kome og gått, men nokre har stått trufast med gjennom fleire år. Ved Guds nåde har vi kunna betale husleige og alle rekningar desse åra. Tusen takk til alle som har gitt tiende og gåver slik at dette har vore mulig. Vi fekk tidleg eit rhema på at Herren skulle gi oss alt det vi treng. Vi har vore nøkterne og forsiktige med pengebruken. Eg har mesteparten av tida vore utan lønn frå menigheta, og har arbeida deltid med ulike jobbar. Dette fordi eg fekk eit heilagt kall frå Gud og han openberra sin son i meg, slik som apostelen Paulus også fekk oppleve.

Vi ser no framover. Vekkjinge er på veg og over og trur at vi har det beste igjen. Gud har lova å utause sin Ande over oss i denne siste tid. Folk skal forstå at vi ikkje er ei sekt, men står for evangeliet og Guds sanne ord i Ørsta!

Nytt i Nytt Livs Senter

Som vi skreiv i forrige nummer av Nytt Liv så har John gått ut av styret, og vi takkar han for innsatsen gjennom fleire år. Han vil fortsatt ha ansvaret for HMS, og han og familia er fortsatt med i menigheta. Kven skulle gå inn som ny medlem i styret? Det fall på Edith Reite, mi trufaste kone. Ho er vis og kan gi gode forslag til oss andre som er med i styret. Vi har rik erfaring frå misjons- arbeidet i Japan i mange år og no i Ørsta. Edith er også vert i menigheta.

Hanne Birte fortsetter si trufaste teneste som kasserar. Ho får nødvendig hjelp frå oss andre i styret når det trengst. Vi valde å ikkje legge oss inn under eit regneskapsbyrå då det er svært kostbart. Vi vil utnytte pengane dokke gir inn på ein beste mulig måte til sjelers frelse og til framgang for Guds sak. Andreas vil hjelpe oss med heimesida og andre tekniske ting. Be for oss i styret at vi kan leie menigheta på ein best mulig måte. Vi treng visdom og hjelp frå Gud!

Visjonar for arbeidet

Bibelen seier at utan openberring vert folket tøyleslaust. Vi treng å ha tider som er utanom det vanlege, og ting å sjå fram imot! Min nye visjon er no å ha stemne to gongar i året, i januar og i juli. Første stemnet var no i januar og det neste vert andre veka i juli. Hovedtalar vert då evangelisten Tracy Cooke frå USA. Han er verdskjend og har ei rik profetisk teneste. Cooke kan profetere over folk og som regel stemmer det. Han har vore på programmet Sid Roth og på Visjon Norge. Det var evangelist Veronica Sandaker som fekk han hit.

Målet for 2024 er at 20 personar skal bli frelst og lagt til menigheta, og at vi vert 150 medlemmar på papiret. Gud er mektig til å hjelpe oss. La oss vere sjelevinnarar slik at vi får med oss mange på himmelvegen! Herren vil lønne oss tilbake. Måtte mange bli lagt til både i barne- og ungdomsarbeidet. Vi treng fleire nye medarbeidarar i dei ulike tenestene i menigheta.

Barne- og ungdomsarbeidet

Einar har sagt frå at han vil slutte som barne- og ungdomspastor til sommaren. Det er trist, men Herren har nok andre planar for han. Vi vil igjen takke for den store innsatsen han gjer med dei unge. Mange ungdommar har vorte døypt og andre står for tur. Be om at Herren vil sende ein ny ungdomsarbeidar til oss. Det er svært viktig at dette dytrebare ungdoms-arbeidet vert ført vidare. Det er vei vanskeleg tid for dei unge å vekse opp i, og det er lett å verte fråfallen. Presset frå verda og satan er sterkt, men Jesus er mektig til å bevare dei. Vi må også ta ansvar og føre dei vidare.

Det har vorte mange born i søndagsskulen, og nokre gongar er det vanskeleg å halde styr på dei. Det ville vere fint om fleire kunne hjelpe til i søndagsskulen.

Bønn- og fastesamlingar

I byrjinga av januar innvia vi det nye året med bønn og faste. Det varte frå onsdag til fredag og var bra besøkt. Vi var fire som overnatta på lokalet. Der var mykje bønn, og på torsdags kvelden merka vi Herrens nærheit på ein spesiell måte. Nokon foreslo at vi skulle prise Gud i tunger, og der kom bodskapar til oppmuntring og trøyst. Vi følte oss styrka og velsigna.

Eg har seinare undervist på bibelskulen om bønn og faste. Det er bibelsk og veldig viktig i den åndskampen vi no står i. Etter som vi nærmar oss Jesu kome vert denne kampen endå meir intens. I Johannes Openberring står det at djevelen har stige ned til oss i stor vreide, fordi han veit at han berre har ei lita tid. Dei har sigra over han i kraft av Lammets blod og det ordet dei vitna. Og dei hadde ikkje livet sitt kjært, like til døden.

Ein måte å vinne over djevelen på er å praktisere bønn og faste. Vi kan lese at læresveinane prøvde å drive ut ei vond ånd frå ein gut, men klarte det ikkje. Jesus sa at det kunne ikkje skje utan ved faste og bønn, så dette er eit sterkt våpen mot den vonde. Året i Noreg vart innleia med at mange menneske vart drepne, opp til fleire på ein dag! Vi må rope til Herren at han må forbarme seg over vårt kjære land. Den størte feilen er at fleste menneske ikkje kjenner Jesus.

Metodistane praktiserte i den første tida at dei fasta to gongar i veka, og slutta fasten av til kvelden. Vi i menigheta oppmodar folk til halv dags faste på onsdagar. Det er saman med bønn med på å skape god atmosfære i menigheta. Dei som vil kan sjølvsagt faste fram til kvelden. Dette året er kalla for BØNNENS ÅR, og vi vil som Abraham verte ståande for Herrens åsyn og gå nærare i uthaldande bønn til vekkjinga bryt igjennom i Ørsta!

Fødselsdagar i februar:

John Michael (24.), Andreas (7.), Oliver Nzayisenga (8.),

Samuel Chale (13.)

Vi gratulerar!!!!

Bønnebegjær:

  • At 20 menneske skal bli frelst og lagt til menigheta i 2024
  • At vi får ny barne-og ungdomspastor og pastor
  • At Guds kjærleik og godheit får råde mellom oss
  • At det vert fred i Israel, Ukraina og andre stadar
  • At nådegåvene er i funksjon og sjuke blir lækte
  • At styret vert velsigna og leia av Gud
  • At vi får fleire medarbeidarar

Opplegg for februar 2023

2. kl. 18:00 Husmøte Tove

4. kl. 11:00 Møte. Tale: Hans Leie: Anja Vert: Edith Brødsbryting

7. kl. 17:00 Zoe

10. kl. 18:00 Jesus skule

kl. 20:00 One80

11. kl. 11:00 Møte. Tale: Elin Leie: Hanne Birte Vert: Karsten

14. kl. 17:00 Zoe

17. kl. 18:00 Jesus skule

kl. 20:00 One80

18. kl. 11:00 STORSAMLING Tale: Einar Ansvar: Barnearbeidarane

Vert: Anne Lise

24. kl. 12:00 Gatekyrkje

kl. 17:00 Husmøte Reite

25. kl. 11:00 Møte Tale: Hategekimana Tolk: Clementine Leie: Hans

Vert: Jørn

Dagleg kl. 09:30-11:30 BØNNEMØTE. Bønneleiar: Anja

NYTT LIVS SENTER:

Kyrkjegata 39, boka 78, 6151 Ørsta

nyttlivssenter.no

Pastorpar: Edith og Hans Reite

Tel. 93820172 hansreite@hotmail.com

Barne-og ungdomspastor: Einar Reite

Styre:

Hans Reite, Edith Reite, Hanne Birte Koppen, Elin Roksvåg Torkildsen,

Oliver Niyonkuru og Solomon Mwamba

KONTO: 3991.04.18401

Vipps: 507177

Husk tienden til menigheta. Ekstra utgifter i januar!

GODT NYTT ÅR MED JESUS I SENTRUM!