Gledeleg Jul!

22. desember 2020

  Jula er ei tid då blomster butikkane har det travelt. Folk kjøper blomster for å pynte opp husa sine, og gi dei som gåver for å glede andre. Den mest vanlege blomsten er julestjerne som ein kan få i raudt og kvitt, men det er mest raude. Ein annan juleblomst heiter juleglede som også er vakker. Med fine blomar kan ein kome i julestemning. Vi ser fram til å samlast med våre kjære og kunne feste og ete god mat i saman. Julekvelden er spesiell då ein gir gåver til kvarandre. Dette er noko som borna spesielt gler seg til. Då eg var liten var det som om tida stoppa opp rett før jul, men no går den så alt for fort.   

 I år vert nok jula spesiell slik som heile året har vore. Det er godt at myndigheitene har letta litt på restriksjonane slik at folk kan få reise heim til familiene sine. I juleevangeliet kan vi lese at Maria og Josef reiste frå Nasaret til Betlehem for å skrive seg inn i manntalet, og der i stallen vart Jesus født. Gjetarane ute på markene fekk englebesøk og fekk høyre orda: «Ver ikkje redde! Sjå eg kjem med bod om EI STOR GLEDE for heile folket. I dag er det fødd dykkein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren.» Dei for av stad og fann Maria, Josef og det vesle barnet, og lova og prisa Gud for alt det dei hadde sett og høyrt!  

Vi kan også få glede oss over at Gud sende den einaste sonen til verda for å frelse oss. Etter at dei første menneska var ulydige mot Herren, så trengde synda seg som ei gift inn i alle menneske. Resultatet var at vegen til Gud vart stengd og det vart umulig å frelse seg sjølv. Likevel så var det håp! Profetane talte om at det skulle kome ein Frelsar som skulle redde oss. Den som vitnar sterkast om dette er Jesaja. Han seier mellom anna: » Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå ei jomfru skal verta med barn og ho skal føda ein son og gje han namnet Immanuel.» Immanuel tyder «Gud med oss.» Jesus Kristus kom frå himmelen for å frelsa oss frå våre synder. Jesus tyder » Gud er frelse» og Kristus betyr » Den som er salva.» Dette er den store julegleda at vi alle kan bli frelst og få evig liv!  

 Vidare seier Jesaja: » Det folket som går i mørket, ser eit stort lys. Over dei som bur i dødsskuggens land, strålar lyset fram.» Jesus kom som verdas lys for å gi oss framtid og von. I denne mørke verda er det enno ei håp. Om vi trur på bibelen som Guds ord, kan vi verte fødde på ny og verte Guds barn. I det same kapitlet står det: For eit barn er oss fødd, ein son er oss gjeven. Herreveldet er lagt på hans skulder. Han har fått namnet Underfull rådgjevar, Veldig Gud, Evig far, Fredsfyrste. Så skal herreveldet verte stort og freden utan ende over Davids trone og hans kongerike.» Ein dag skal Jesus kome attende til jorda og det vert fred i tusen år. Djevelen vert bunden og det vert fred mellom menneska og også mellom dyra. Miljøkrisa vil då vere over fordi også naturen vert fornya!    

Til sist vil eg nemne ein ting til som Jesaja seier: » Han skal sluka døden for evig. Herren GUD skal tørka tårene frå kvart andlet. Frå heile jorda skal han ta bort vanæra frå folket sitt.» Dette stemmer med det som står i Johannes Openberring, og som ofte vert lese i gravferder: » Han skal tørka kvar tåre frå augo deira, og døden skal ikkje vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pine. For det som ein gong var er borte.» DETTE ER DET STORE GLEDESEMNE: DØDEN ER OVERVUNNEN. Vi kan få del i liv og uforgjengeligheit ved evangeliet! Dette er nesten for godt til å vere sant, men det er sant. Vi kan lese om den gamle Simeon som fekk halde Jesusbarnet. Han sa: «Herre no let du tenaren din fara herifrå i fred, slik du har lova. For mine auge har sett di frelse.»

GLEDELEG JUL!

Hans Reite