Er Yoga uskyldig?

9. desember 2020

   Å praktisere yoga har vorte populært her i landet. Det vert arrangert yoga kurs overalt. Til og med i kyrkjer samlar folk seg om yoga og ein har yoga også for barn. I vår tid vert yoga presentert som ein ikkje religiøs disiplin for personleg utvikling, men kva er bakgrunnen for yoga?  Yoga er sentral i den tverreligiøse tantra og i ulike greiner av hinduisme og buddisme. Dei eldste tekstane som nemner yoga er buddistiske tekstar. I hinduismen sin vidareføring av yoga kunne opplevinga av stillheit og sjølvutsletting, også oppfatta som foreining med ein gud. I hinduismen opererer ein med ulike former av yoga. Ei av yoga retningane heiter ashtanga yoga. Det består av etisk trening, trening av kroppen og trening av bevisstheita, og å trekke sinnet tilbake frå sansane. Moderne yoga har tona ned det mentale, sjølvutslettande og bevisstutviklande aspektet. Ein er opptatt av heilheit, harmoni og foreininga av kropp og sinn. 

 Vi forstår ut frå bakgrunnen at yoga ikkje er så uskuldig som ein skulle tru. Østens religionar vert gjennom yoga lurt inn i vårt samfunn og påverkar negativt både born og vaksne. Ein som deltok på eit kurs lærte desse orda som skulle gjentakast: sa – ta- na. Kva vert det når ein set det saman? Det vert satan! Slik vert den vonde opphøgd gjennom yoga. Derfor vil vi rope ut eit varsko! Nokre gongar kan ein sjå resultata av dette. Evangelist Arne Borgersen fortalte nyleg om ein venn av han som opna seg for yoga og østens mystikk. Han vart helselaus og heilt elendig. Seinare vart han ein kristen og fekk gradvis attende helsa og utdanna seg til doktor. Bibelen seier at djevelen kjem berre for å stele, myrde og ødelegge, men Jesus Kristus kom for at vi skal ha liv og overflod.   

Verdas beste tennisspelar Novak Dokovic fekk nyleg rådet frå kona si om å starte med yoga. Då eg høyrde det så tenkte eg at dette ikkje var bra. På den store turneringa US open i september så var han klar favoritt til å vinne, men i kvartfinala druste han ein ball knallhardt bak seg i sinne og traff linjedommaren så ho miste pusten. Han vart utvist og tapte minst 20 millionar kroner. Dokovic vart i mental ubalanse etter dette, og det tok tid før han kom seg att. Var dette tilfeldig? Eg trur ikkje det. Gjennom yoga kjem ein i kontakt med vonde åndsmakter som vil øydelegge for oss.   

Mange religionar og ismer strøymer inn over landet og folk opnar seg for dei. Ein vil stadig prøve noko nytt, men det kan vere farleg! Bibelen seier: Hald fast på det du har så ingen tek di krone. I Noreg har vi hatt evangeleiet i tusen år, men no er det heidenskapen som er på veg inn att. Lat oss kjempe for kristentrua som våre forfedre har hatt. Det har gjort Noreg til eitt av verdas beste land å bu i. Vi feirar framleis jul, påske og pinse. I pinsa vart Den Heilage Ande sendt frå himmelen til oss. Ved å motta Jesus som sin personlege frelsar og herre, så får vi del i Anden. Frukta av dette er kjærleik , glede og fred, og dette får ein ikkje ved å praktisere yoga.

Hans Reite