Nytt Liv Juni 2022

8. juni 2022

Nytt Liv

JUNI 2022 – NLS – DFEF – 22 årg.

Vi marsjerer for Jesus!

GUDS ORD STÅR FAST

«Helga dei i sanninga! Ordet ditt er sanning»

  Det var Jesus som sa dette i sin øvsteprestelege bøn før han skulle lide og døy. Det er svært viktig at vi held fast på dette at Guds ord er sant i ei tid med mykje liberal teologi. Bibelen er det einaste vi har å halde oss tid der alt er i endring. Jesus sa også at himmel og jord skal forgå, men at hans ord evig skal bestå. Korleis tør teologane og forkynnarar å slå av på læra? Det kan føre til fortaping både for dei sjølve og for dei som lyttar til forkynninga deira.

   Det profetiske ordet går i oppfyljing og Jesu kome nærmar seg. Der er krig i Ukraina og mange andre stadar. Vi er mange som vart uroa over at Russland truar med å sende ei atombombe i havet utanfor England, der det kan verte ein tsunami som er fem hundre meter høg. Det ville øydelegge både Storbritannia og andre land i Europa. Då ville profetien til Lebesbymannen gå i oppfyljing. Vi stolar på Gud og veit at han kan halde dette tilbake når vi søker han i inderleg bønn. Herren har fredstankar med oss og ikkje tankar til ulykke! Jer.29:11.

Jesus marsjar

   Jesus marsjen i Ulsteinvik var vellykka. Ei stor takk til Kåre Johan Lynge som planla det heile. Det var oppmuntrande at fleire av dei nye frå NLS var med. Den enkelte har vakse i nåde og kjennskap til Jesus Kristus, og tør å stå fram som eit vitne. Leiaren for marsjane, Morten Abrahamsen, var som vanleg i storslag og leia marsjen på ein god måte. Takk til Ålesund gatemisjon for alt det dei gjer!

   Det var fine vitnesbyrd fra nokre i Jesus Revolution som var på vitjing, og frå fleire andre. Vi delte ut traktatar og minst tre personar bad frelsesbøna. Guds ord vender ikkje tomt tilbake. Gud heldt si gode hand over oss. Det var meldt regn og det kom akkurat når vi var ferdig. Det vert ny Jesus marsj i Ålesund 11. juni og då stiller vi opp. Med oss vert mellom andre Veronica Sandaker og Daniel Haddal. Dei skal tale på møtet i NLS 12. juni. Det gler vi oss til.

Israelsmøte

     Den 14. juni vert det israelsmøte med pastor Leon og broder Evgeni frå Haifa. Dei vil fortelle nytt frå Israel, og frå det hjelpearbeidet dei har drive i Ukraia med å få jødar ut av krigen og tilbake til heim landet. Det vert spanande å høyre. Einar har mykje kontakt med desse, og er no på vitjing til Haifa. La oss be for om fred for Israel og Jerusalem! Då har Herren lova at det skal gå oss godt!  Salme 122.

Ungdomsarbeidet

   Vi er glade for at Einar no er frisk igjen, og er tilbake som leiar for One80. Han legg opp planar for samlingane. Nyleg var vi til Hjartåbygda og leika, hadde andakt, fiska og grilla. Hanne Birte og Anja stod for maten. Dette var ein populær tur. I juni er det mulig at ungdommane reiser til Sion i Aldalen og gjer noko liknande der. Ellers så kan den som vil få vere med til Sion og feire jonsok.

Internasjonale møte

    Vi er ei internasjonal menighet, og er difor glade for å kunne arrangere møter der våre venner frå andre land kan ta del. Både Solomon og Oliver har erfaring som pastorar i Afrika, og mange er flinke å synge og lovsynge Herren. Vi nordmenn er veldig stive, og har mykje å lære av våre afrikanske venner. Menighetene i Noreg har vorte svake ved mangel på bønn og innviing, og mange plassar vert verksomheita lagt ned. Difor så treng vi hjelp utanfrå.

Stemnet i Tafjord

   Frå den 5. til 10. juli vert det igjen stemne i Tafjord. Vi vonar at mange vil ta turen dit. Det kan vere lurt å bestille overnatting i god tid. Eg trur at det vert eit veldig fint stemne i år. Dan Lewi Olsen fekk sjå eit syn om at det var eit sverd som vart senka der, og at elden skulle brenne og spreie seg! La oss ha forventning til Jesus . Han sviktar ikkje. Det ville vere fint om nokon kunne stille opp og hjelpe til.

Bønn og faste

     Den 17. til 19. juni vert det bønn og faste samlingar på Vaksvikfjellet. I denne nødstid er det viktig å kome saman til innviing og bønn for land og folk. Vi treng ei kristen vekkjing som aldri før så folket ikkje går til grunne. Mange er uroa over det som skjer i aust og fryktar for ein russisk invasjon, men bønnene kan hindre det.

Fødselsdagar i juni:

Isac Tumusime (11.), Sølvi Andås (1.), Noella Birungi (30),

 Mia Belseth (15.)

Vi gratulerer!!!

MØTA I JUNI

  1. kl. 17:30 Avslutning Zoe
  2. kl. 20:00 One80

5.kl.11:00 PINSEMØTE Tale: Hans  Leie: Arild 

10. kl. 20:00 One80

11. 12:00 JESUS MARSJ ÅLESUND

12. kl. 11:00 Møte: Veronica Sandaker og Daniel Haddal

14. kl. 19:00 Israelsmøte Leon og Evgeni

17. kl. 20:00 One80

17.-19. BØNN OG FASTE VAKSVIK

19. kl. 11:00 Internasjonalt møte  Lede: Eva

21. kl. 19:00 LOVSONGSKVELD  Daniel m.m.

23. kl. 16:00 Avreise Sion  JONSOKFEIRING

26. kl. 11:00 Tale: Elin  Leie: Hanne Birte

Dagleg kl. 09:30  Bønnemøte. Leiar: Anja Nes

NYTT LIVS SENTER

Kyrkjegata 39, Boks 78, 6151 Ørsta

Pastorpar: Edith og Hans Reite  Tel. 93820172 hansreite@hotmail.com

Styre: Hans Reite, Einar Reite, Hanne Birte Koppen, Elin Roksvåg Torkidsen

John Belseth og Solomon Mwamba

KONTO: 3991.04.18401  Husk tiende til menigheta!