Morten Abrahamsen på NLS

5. mai 2022

Laurdag var Ålesund Gatemisjon i Ørsta og hadde friluftsmøte, og møte i Nytt Livs Senter. Leiaren heiter Morten Abrahamsen og han skal tale på møtet søndag. Abrahamsen er ein typisk gateevangelist som likar å gå ut for å synge og vitne om Jesus. For nokre år sidan skreiv han stykket «Hvor er de kristne» i Sunnmørsposten. Han meinte at vi kristne har ein tendens til å gøyme oss på bedehusa, og ikkje bry oss om ungdommen som er ute og rusar seg og er på leiting etter ei meining med livet. Dette inspirerte oss til å starte med Råneevangelisering, og laurdag var vi ute på gata i Ørsta og samtalte med ungdom.   Abrahamsen er er ein handlingens mann og er impulsiv. Opprinneleg er han frå Kragerø.  Då han kom på den første Jesus marsjen i Volda og Ørsta i 2017, spurte vi han om å ha ein slik marsj i Ålesund. Dette tente han på, og har seinare vore leiar for marsjane. Det har vorte fleire og fleire frå år til år, og dette året vert det marsj i Ulsteinvik, Fosnavåg, Ålesund, Volda, Ørsta og Sykkylven. Neste år reknar han med at også Molde og kanskje Kristiansund vert med. Det vert laga jakker, te-skjorter, capsar med bibelord på i tillegg til bannera vi har. På denne måten er det som ei hær som reiser seg for det heilage og reine i motsetnad til Pride røyrsla.   Vi har stilt Abrahamsen nokre spørsmål: -Kva får deg til å drive gatemisjon? Det er misjonsordren: Gå ut i all verda og forkynn Den glade bodskapen! -Kva gjorde at du vart ein kristen? Det var gjennom mors bøner. Eg fekk som ein Paulus oppleving og vart radikalt frelst. -Korleis var livet før du vart ein kristen? Det var fuktig! Eg hadde sprit flaska i kjøleskapet og hadde planlagt å gjere sjølvmord. Ville ha spriten til å døyve det med. -Kva fekk deg til å starte med Jesus marsj? Det skjedde etter at eg vart invitert til Volda. Det har vokst frå år til år. I år er det seks Jesus marsjar og vi vonar på sju eller fleire neste år.  Vi spurte Morten vidare: -Kva er målet med desse marsjane? Det er å rope ut evangeliet i ord og tonar. Bibelen seier at trua kjev av forkynninga. -Kva synest du om Bygdepride? Eg synest ikkje om det, for det er naturstridig. Eit ekteskap skal vere mellom ein mann og ei kvinne. Det er slik Gud har skapt oss og det er dette han velsignar. -Kva trur du om verdssituasjonen no? Så lenge menneska går sin eigen veg går det gale. Bibelen seier at djevelen kjem berre for å stele, myrde og å øydelegge, men Jesus er komen for at vi skal ha liv og overflod. Om folk vender seg til Gud vil det gå bedre. Gud er Fredsfyrsten. Så lenge han kjem til, vil det gå bra!   -Er det noko du vil seie til folket? Det er at folk må vende seg tul Gud i dag for Jesu kome er nær. Etterpå så er det for seint. -Kor lenge vil du fortsette med evangelisering? Heilt til Herren kallar med heim. Sitt kall og sine nådegåver angrar han ikkje på. -Er du evangelist på full tid? Ja og nei! Er taxisjåfør for å få inntekter, men lever for evangeliet. Nokre gonger står eg opp om natta for å notere det eg skal forkynne, og jobbar med det. Mellom taxi turane kontaktar eg folk. -Er det noko bibelord du likar? Det er Johannes 3:16. Kva tenkjer du om situasjonen i Noreg no? Ytringsfridomen er i fare! Det at dei vil utvide abortgrensa til 24. veke er ikkje bra.      Vi takkar Abrahamsen for samtalen og ynskjer alle vel møtt til å høyre han på søndag.H.R.