Nytt Liv Mai 2022

8. juni 2022

Nytt Liv

MAI  2022 – NLS – DFEF – 22 årg.

Et bilde som inneholder himmel, utendørs, flagg, blå

Automatisk generert beskrivelse

Vårt kjære flagg!

Fridom

Til fridom har Kristus frigjort oss. Stå difor fast, og lat dykk ikkje på nytt leggja under trelldoms åk.   Galatarane 5:1

    Mai er komen og vi kan på nytt feire fridomsdagen vår. Tenk at vi på nytt kan glede oss overlandet som ein fri nasjon. Vi har så mykje å vere takknemlege for. I Ukraina og andre plassar er det krig og folk går gjennom store prøvingar og mange blir drept. I mange land er det diktatur og folket er fullstendig undertrykte av vonde diktatorar. Heile verda ligg i det vonde, seier bibelen.

    Det er svært viktig at vi tek vare på fridomen som våre forfedre kjempa for. Når myndigheitene ser kva som skjer i aust, er dei i ferd med å vakne opp og styrke forsvaret. Bibelen seier vidare at om ikkje Herren vaktar byen såvaker vektaren til fånytte. Vårt land er bygd på den kristne kulturarven. Den er vi no i gang med å gå vekk ifrå. Det er eit fråfall frå trua og synda florerar. Alt mulig vert sendt på nrk og der er ikkje grenser lenger. Det er på tide at nokon seier ifrå!

Nytt i Nytt Livs Senter

   Vi takkar for at korona pandemien ser ut til å vere over for denne gong, og virksomheita går stort sett som normalt. Det er godt å sleppe munnbind og avstand, men likevel så kan det vere greit å vere litt forsiktig. I land som Kina er framleis pandemien eit stort problem.

    Vi starta opp med internasjonalt møte i april og det var fint. Oliver preika og damene song vakkert. Denne gongen vil vi prøve å ha det til vanleg tid klokka elleve, slik at både nordmenn og utleningar kan vere saman. Vi er glade for at Solomon har kome attende frå Trondheim og kan delta på møte av og til. Vi treng kvarandre frå ulike land.

   Einar vil overta ungdomsmøta frå mai av og det er vi glade for. Alle som fyller 12 år dette året kan få vere med. Dette er ein viktig alder og dei unge må få oppleve noko positivt, slik at dei vil fortsette i menigheta og verte bevart i trua på Jesus Kristus. Bibelen seier at vi skal vise den unge den veg han skal vandre, og då vil han ikkje vika frå den når han vert gamal. Takk til Rut Johansen som har hatt ungdoms- samlingane til no. Det har vore ei god hjelp.

    Det var fine samlingar i påska. Ei stor takk til Dan Lewi Olsen som hadde flott lovsong på møta. Fredag var det verkeleg langfredag med fire møte. Nokre av oss var på lokalet i om lag 12 timar. På det siste møtet var det mange som vitna om helbredelse, og spesielt vitnesbyrdet til Jørn gjorde inntrykk. Doktoren kunne vitne at det hadde skjedd eit under og grunnen var mykje forbøn!

Planane framover

   Denne månaden får vi vitjing av Morten Abrahamsen som vil synge og tale. Han er ein god inspirator. Morten fortel at det vert seks Jesus marsjar denne sommaren. Vigdis Torset syter for at vi får Jesus- gensarar , skjorter og capsar. Vi vert ei hær som vil kjempe for Jesus og Guds rike. Dette vert det lagt merke til i bygd og by, og vil spre seg som ein brann rundt om i heile Noreg. Vekkjinga er på veg! Halleluja!

    No i mai kjem også Fjordheim Gjestegård med Steinar og Ingunn Valdersnes. Dan Lewi og fleire blir med, og det vert to møte med mat mellom møta. Dei som vil kan ta med noko og vi deler alt. Vi gler oss til stemnet i Tafjord 5.-10. juli. Vi vonar at så mange som mulig av oss kan delta der. Ellers så satsar vi på å ha møte gjennom heile sommaren slik som i fjor. Det er viktig å kome saman også i ferien!

Å gjere ting i saman

   På styremøtet tok vi opp dette emnet. Vi er Guds familie og det er nokon gongar godt å kunne møtest berre for å prate og ha det hyggelig i saman. Mange kan vere einsame og det er viktig å ta seg av kvarandre og at alle vert sett. Bibelen oppfordrar oss til å vere gjestfrie, men det er vi ikkje alltid flinke til.

    Alle er velkomne til å feire jonsok på hytta Sion i Aldalen. Det går også an å ha grillkveld på Osestranda ved ei anledning. No når ting er fritt så er det også høve til å kunne ha husmøte igjen, i tillegg til dei vanlege møta vi har. Måtte det bli som i den første kristne tid at folk ser kor vi elskar kavrandre og dei får lyst til å bli kristne også!

Traktatmisjon

   Nyleg så deltok eg på Visjon Norge og presenterte den nye boka: David mot Goliat. I tillegg så presenterte eg traktatmisjonen vi driv, og etter det har vi fått mange bestillingar. På denne måten er vi med og spreier evangeliet rundt om i Noreg. Landet vårt har vorte ei stor misjonsmark. Vi gir tienden til misjon i Etiopia, Benin og Uganda.

    La oss vere aktive og ha med oss traktatar der vi ferdest. Det er eit fint kontaktmiddel, og ein kan også dele ut i postkasser og andre plassar der det er høvleg. Nyleg tok eg ein tur til Sæbø med motorsykkelen og delte ut i postkassene der, og til folk eg traff på. Guds ord skal ikkje vende tomt tilbake!  Jesaja 55:1-9

Fødselsdag i mai: Vi gratulerer!!!

Karsten Eikrem(15.) 50 år!, Olav Koppen(8.), Jan Sætre(24.)

Møta i mai:

  1. kl.11:00 Tale : Hans  Leie Anja 

4. kl. 17:30 Zoe

6. kl. 20:00 One80

8. kl. 11:00 Tale Morten Abrahamsen  Leie: Arild

11. kl. 17:30 Zoe

13. kl. 20:00 One80

15. kl. 11:00 og 14:00 Ingunn og Steinar Valdersnes.

                              Lovsang: Dan Lewi   Lede: Hans

17. Mai kl. 18:00 Fest. Mat på fat.

18. kl. 17:30 Zoe

20. kl. 19:00 Lovsangskveld

21. kl.12:00  Jesus marsj Ulsteinvik

22. kl. 11:00 Tale: Elin  Leie: Eva.  Lovsang: Daniel

24. kl. 19:00 Styremøte

25. kl. 17:30 Zoe

26. kl. 18:00 KRISTI HIMMELFARTSDAG Møte

27. kl. 20:00 One80

29. kl. 11:00 Internasjonalt møte

NYTT LIVS SENTER

Kyrkjegata 39, Boks 78, 6151 Ørsta – nyttlivssenter.no

Pastorpar : Edith og Hans Reite

hansreite@hotmail.com  Tel. 93820172

Styre: Hans Reite, Einar Reite, Hanne Birte Koppen,

Elin Roksvåg Torkildsen, John Belseth og Solomon Mwamba

KONTO: 3991.04.18401 – HUSK TIENDEN TIL MENIGHETA!