Møteprogram September 2022

28. august 2022

Nytt Liv

SEPTEMBER 2022 – NLS – DFEF – 22 årg.

Ei utrakt hand

VISJONEN TIL NYTT LIVS SENTER

    Herrens Ande er over meg, for han har salva meg til å forkynna evangeliet for fattige. Han har sendt meg for å forkynna for fangar at dei skal få fridom og for blinde at dei skal få fridom og for blinde at dei skal få syn, for å setja undertrykte fri, og ropa ut eitnådeord frå Herren.                                                       Lukas 4:18-19

  Her siterar Jesus profetien om Messias fråprofeten Jesaja. Han sjølv var den som jødanehadde venta på i tusener av år. Dette var programtalen som Jesus fylgde på jorda, og som også er for oss. Jesus lækte dei sjuke og sette undertrykte fri. Guds kraft var over han ved Den Heilage Ande, og det er også vi avhengige. Utan Andens hjelp kan vi ingen ting gjereProfeten Sakarja seier: «Ikkje ved makt eller ved kraft, men ved min Ande, seierHerrenAllhærs Gud». Ved Guds hjelp kan vi få vere med å utrette store ting for Jesus, til hans ære!

 Vi ynskjer å vere ei utrakt hand for alle som har behov. Ikkje nokon skal støytast bort! For Gud er vi alle like og det er berre av nåde at vi er frelst og får tene Den levande Gud. I det moderne Noreg er det mange som har behov. Eit gudlaust samfunn kan ikkje tilfredstillemenneska, og dessverre er det mange som bukkar under og vel å gå ut av verda. Einsomheit er kanskje det største problemet menneska har, og alle har behov for sann og ekte kjærleik. La oss vere gode mot kvarandreog ha omsorg for og sjå den enkelte sine behov.

   Det er fint at vi er saman frå ulike nasjonar, og takkar Gud mellom anna for dei sju familiene frå Afrika som tilbed Herren samanmed oss. I Kristus er vi eitt, og har noko godt å kunne tilføre kvarandre. Dette er ein forsmakpå himmelen der vi skal vere saman frå alle land og prise han som har kjøpt oss fri med sitt dyrebare blod! Her i Noreg er det kaldt og vi er litt stive. Vi kan lære av våre afrikanske vener som syng med heile kroppen, og som dansar av glede for Herren. Må vi kunne sleppe oss laus i dansen med dei glade. Vi har meir grunn til glede enn dei som vinn einfotballkamp!

Nytt i Nytt Livs Senter

  Det var fint at vi denne sommaren også kunne ha møte kvar søndag. Takk til alle som stilte opp og gjorde dette mulig! Takk også til Hanne Birte , Anja, Jan, Jørn og Sissel som har stått på med bønnemøte nesten kvar einaste dag. Dette har stor betydning og vi trur at vekkjing er på veg! Vi opplever at Jesus er nær og velsignar oss. Det var fint med deiukrainske flyktningane som var med oss i sommar. Dei bur i Volda og er med i Pinsekyrkja der. Her er også ukrainske flyktningar i Ørsta som vi kan få med oss på møta.

  Søndagsskulen og ungdomsmøta har sjølvsagt hatt opphald sommar, men det har vore fint å sjå at fleire ungdommar har deltatt på møta. Målet er at dei skal verte integritet i menigheta. Vi hadde ein fin fest for Iradukunda Innocent som var konfirmant. Det var svært trist at vi fekk beskjed om at MartinKleven hadde ei ulykke og drukna. Vi hadde god kontakt med han og fekk be i saman. Vi trur at han no er heime i himmlen og lyser fred over hans gode minne. La oss be for hans søsken og familie som no er i djup sorg. Gud er all trøysts Gud!

Barne og ungdomsarbeidet

    Einar har flytta til Frekhaug ved Bergen, men er fortsatt tilsett som barne- og ungdomspastor i 20% stilling og kjem hit to helgar i månaden. Han har ansvaret for ungdommane og deltek i søndagsskulenNokreungdommar har vist interesse for dåp, og Einar vil undervise dei, og ta seg av dette. No første laurdagen i september planlegg dei eintur til Hjartåbygda med leik, grilling, fisking og møte om veret tillet det. La oss be for ungdommaneborna og dei som arbeider med dei. Dette arbeidet er svært viktig og er framtida for menigheta og for Guds rike påjord!

Zoe bibelskule

  Vi startar opp med det 9. året 7. september, og planlegg å undervise i stadig nye emne fråBibelen. Rektor Per Arne Åkenes fylde nyleg76 år, men er framleis sprek og har pågangsmot. Vi vil gratulere han med dagen, og ynskjer Guds rike velsigning over han, Annbjørg og over hans søster Gerd som også er med på bibelskulen. Om du har lyst så kom og delta på Zoe. Ingen er for gamal eller for ung! Bibelkunnskap er svært viktig. Bibelen seier: Folket går til grunne for dei manglarkunnskap om Gud og hans ord.

Pastor sin situasjon

    I sommar merka eg at det var noko gale med venstre auget. Netthinna hadde falt ned og eg måtte til Trondheim og hadde operasjon. Mange ba for meg og operasjonen var vellykka. Den 23. september skal eg til Trondheim att og vonar då at alt er ok. Fram til det kan eg ikkje køyre bil. Takk for omsorg for forbønn for oss .

Fødselsdagar i september: Gratulerer!!!

Providence (1.), Bhim og Mangala Darjee (9.)