Juli/August

18. juli 2022

Nytt Liv

SOMMAREN 2022  – DFEF – NLS  22 årg.

GOD SOMMAR!

  Herren er nådig, vi går ikkje til grunne. Hans miskunn tek ikkje slutt, ho er ny kvar morgon. Din truskap er stor. Egseier: HERREN er min del, eg set mi von til han. HERREN er god mot dei som ventar på han og søkjer han. Det er godt å vere stille og venta på hjelp frå HERREN. Klages. 3:22-26.

   No er det ferietid og folk reiser hit og dit. Det er godt å kunne ta eit avbrekk frå det vanlege livet, og å sjå og oppleve noko nytt. Noreg er eit land med lang vinter og då er det godtå kunne få litt sol og varme i denne korte sommarstidVi lever eit stressa samfunn og då er det viktig å kome avsides og kvile seg litt, slik som Jesus sa til sine vener. Ein kan få lada batteria slik at ein er klar for ein ny haust og vinter.

   Jeremia som har skrive Klagesangane seier at det er godt å vere stille og venta på hjelp frå HERREN. Dette er viktig! Når vi tek det med ro og er ute i naturen kan Gud tale til oss. Eghuskar at for eit par år sidan var eg nokre dagar aleine på hytta i AldalenEg sat med gitaren og g på den vakre naturen. Då vart eg inspirert til å skrive eit par lovsongar. I slike stunder vert ein overvelda av takksemd til Gud vår skapar, Jesus vår frelsar og Den heilage ande vår trøystar!

    Gud er berre god og vi veit at Jesus vil oss det beste. Når ein berre ser på nyheitene så kan ein verte redd og deprimert, men når ein les i Bibelen så vert ein inspirert og full av tru og glede over frelsa. Det er viktig også i sommartida å lese dagleg i Guds ord og å ta tid i bøna. Då får ei kraft til å stå seg imot djevelen sine listige angrep. Den vonde tek aldri ferie, og han vil med alle midlar få oss vekk frå Jesus. Vi sigrar over han i kraft av lammets blod og dei orda vi vitnar. La oss vere frimodige og dele ut traktatar og vitne om vår frelsar i sommar. Det hastar for vi veit at Jesus kjem snarttilbake!

Stemne i Tafjord

  Fleire av oss vil delta på stemnet i Tafjord 5.-10. juni. Dette ser vi fram til! Vi er glade for at Steinar og Ingunn Valdersneshar sagt ja til kallet om å kome til Sunnmøre og starte og drive Fjordheim Gjestegård. Mange har fått hjelp der og vi trur at dette arbeidet berre vil vekse. Vi er glad for samarbeidet med dei og vonar at vi får til eit ministemne med dei på slutten av sommaren slik som i fjor. Det er også flott med Dan LewiOlsen som kjem til oss og har herleg lovsang. Han er til stor velsigning og også dei andre. Han såg i eit syn eit logandesverd over Tafjord som eit teikn på at noko spesielt skal skje på stemnet denne sommaren!

Internasjonale møte

  Vi er glade for å ha kome i gong med dette. Våre vennar fråAfrika er dyktige til å vitne, tale og å synge, og dei er samanmed folk frå andre land til stor velsigning. I mai leia Solomon, Oliver tala og dei andre song, og det vart eit velsigna møte. Dette er ein forsmak på himmelen der vi skal vere saman med folk frå alle tider og alle land og prise han som har frelst oss!

  Det er godt å vite at i Kristus er vi hverken trell eller fri, lys eller mørk, men vi er alle like for Gud. Lat oss respektere kvarandre og ha ærefrykt. Apostelen Paulus seier det så fint i Filipperbrevet 2: Ha same sinnelaget og same kjærleiken, ver eitt i sjel og sinnGjer ikkje noko av sjølvhevding ellerlyst til tom ære, men ver audmjuke og set dei andre høgareenn dykk sjølve. Dette er viktige ord til å ta med seg på vegen!

Fødselsdagar i sommar:

Rosabella Eikrem (18.7), Kjersti Koppen (20.7), Clementineog Charles (7,7), John Georg Sætre (3.8), Anne Lise Løvoll (30.7), Jennifer Mbabazi (11.7), Iradukunda (29.7), Gloria (21.8), Hildur Hovdenakk (6.8) og Hans Reite (27.8)

Vi gratulerer!!!

Møta i sommar:

Søndag 3. juli kl. 11:00:

Tale : Tor Rødseth  Leie: Arild Moltumyr

Søndag 10. juli kl. 11:00:

Vitnemøte  Leie: Anja

Søndag 17. juli kl. 11:00 :

Tale: Hans  Leie: Hanne Birte

Søndag 24. juli kl. 11:00 :

Tale: Morten Abrahamsen  Leie: Anja

Søndag 31. juli kl. 11:00:

Tale: Elin  Leie:Hanne Birte

Søndag 7. august kl. 11:00:

Tale: Per Arne Åkenes Leie:Anja

Søndag 14. august kl. 11:00:

Tale: Hans  Leie: Hanne Birte

Søndag 21. august kl. 11:00 :

Tale: Elin Leie: Arild

Laurdag 27. august kl. 20:00 Ungdomsmøte

Søndag 28. august kl. 11:00 og 14:00:

Stemne: Ingunn og Steinar Valdersnes

NYTT LIVS SENTER:

Husk tiende til menigheten: KONTO: 3991.04.18401