Nytt liv Oktober

1. oktober 2022

Nytt Liv 

OKTOBER 2022 – DFEF – NLS  – 22år 

HAUSTTID 

Då sa han til læresveinane sine: Grøda er stor, men arbeidarane få. Bed difor han som eig grøda, at han driv arbeidarar ut til sin til å hauste inn grøda si.   Matteus 9:37-38 

   Hausten er komen. Det merkar vi på temperaturen og at det vert tidleg mørkt om kveldane. Vi takkar for mange fine haustdagar no etter ein regnfull sommar. Gud er god og han veit kva vi treng til. Hausten kan vere ei fin tid med vakre fargar og klar luft. Samtidig kan det verke vemodig då alt visnar og det går mot kulde, is og vinter. Dess eldre ein vert så mislikar ein denne tida meir og meir, og ein ser fram mot ein ny vår. Slik er det også med våre kroppar som eldest og det går mot død og grav, men vi har von om noko betre. Når Jesus kjem att skal vi få nye kroppar og skal leve evig med han. Halleluja! 

  Vi står no foran ei hausttid i Guds rike. Krig i Europa og andre plassar, dyrtid, terror og vald gjer at folk er urolege for framtida og er opne for evangeliet. Eg har gått ein del på husbesøk i Ørsta i det siste og merka rein stor forskjel frå før korona epedemien starta. No har 


2 / 5

folk kome i tenkeboksa og mange foldar nok sine hender og ber til Gud om hjelp. Det er i slike tider at menneske kan vende om frå mørke til lys, og frå satans makt til Gud. No må vi berre vere frimodige å dele ut traktatar og vitne om Jesus. Korleis kan folk tru om det ikkje er nokon som forkynner?  

   Jesus hadde nød for folket og den nøda vil han legge ned i oss. Folk i Noreg er på veg til helvete på første klasse, var det nokon som har sagt. Vi bur i eit heidningeland med heidningar rundt os på alle kantar. Nøda er så stor. Kva kan vi gjere? Først og fremst kan vi be om frelse for folk. Så kan vi be om nye medarbeidarar og at han vil drive ut arbeidarar til å hauste inn grøda si. Mange skal frelsast før Jesus kjem attende. Herren auser no ut sin Ande over alle folk! 

Møteserie med Arne Hole 

    Etter lang tid er det kjekt å ha møteserie med Arne Hole igjen. Han vil tale over emnet: « Den Heilage Ande og hans gjerning i dag.» Det vert spanande å høyre. Vi teng opplysning om dette emnet då nådegåvene stadig er i funksjon i menigheta. Pastor John Åge Rødseth underviste nyleg om det same på bibelskulen. Vi treng Andens openberring og hjelp som aldri før for å lykkast i arbeidet. Utan Han kan vi ingen ting gjere, sa Jesus. Med på nokre av møta vert Dan Lewi Olsen med og har lovsangen. Det vert bibeltimar på dagtid og møte om kveldane. På laurdag har vi friluftsmøte. Be for møta og for Arne, Dan Lewi og deira familier. 

Ope hus 

  I det siste har vi starta med ope hus om ettermiddagen. Vi set ut tre skilt med innbyding, og har oppe flagga på begge sider av huset ute. Hittil har nesten ingen komt inn, men folk har tilbodet. Pastor arbeider på kontoret og merkar når folk kjem inn. Slik kan vi vere effektive. Når folk ikkje kjem, så må vi gå ut og møte dei der dei er. Jesus sa ikkje at vi skulle sitte inne og vente, men gå ut i all verda og forkynne den glade bodskapen for alle menneske. Vi skulle til og  


3 / 5

med nøde dei til å kome inn for at huset skulle bli fullt! Vi gir ikkje opp og veit at vi skal hauste i si tid om vi berre ikkje gir opp. Gal.6:9 

Barne- og ungdomsarbeidet 

   Nyleg høyrde eg at undersøkingar viser at over nitti prosent av dei som vert frelst vert det før dei er 20 år! Dette er svært alvorleg og viser kor viktig barne- og ungdomsarbeidet er. Vi må satse på det meir enn nokon gong før. Vi takkar Gud for barnearbeidarane: Sølvi, Elin, Sonia og Einar, og takkar for at Einar kjem to gongar i månaden og har ungdomsmøte og søndagsskule. Takk også til Hanne Birte og Anja som hjelper til med ungdommen. Den siste helga i oktober vert det «Alive festival» i Ulsteinvik. Dei som vil dit kan ta kontakt. 

Nye medlemmar 

   Nyleg vart Martha, Galang, Monday, Gatulan, Jacqueline, Augustin, Oliver, Joshua og Anita ye medlemmar i Nytt Livs Senter. Vi ynskjer dei hjarteleg velkomen! Gud velsigne dokke. Vi er no om lag 90 medlemmar i menigheta. Dette hjelp med tanke på statsstøtta også. 

Om du ynskjer det er også du velkomen til å verte medlem hos oss! 

Fødselsdagar i oktober: 

Leonard Mwamba (31.), Mardochee Mwamba(31.), Chija Subba (31.),  

Jharna Subba (18.) og Sissel Ose Tonheim (3.) 

Vi gratulerer!!! 

Forbønn: 

  • · Be om fred i Ukraina 
  • · Vekkjing i Noreg og i verda 
  • · Framgong i Nytt Livs Senter 
  • · Fleire medarbeidarar 
  • · Fred for Jerusalem 
  • · For Einar og ungdomsarbeidet 

4 / 5

MØTA I OKTOBER: 

2. Kl. 11. Møte . Brødsbryting. Tale: Jens Kristian Ekelund

                Leie: Hanne Birte. Vert : Edith  

5. Kl.17:30 Zoe 

7. Kl. 18. Husmøte: Anne Lise 

8. Kl. 20. One80 

9. kl.11. Tale: Hans  Lede: Arild. Vert: Jørn 

12. -16 Møteserie Arne Hole: 

12-14. kl. 11:30 Bibeltime  kl. 19 Møte 

16. kl. 11. Møte Brødsbryting Tale: Arne Hole.  

                  Lovsang Dan Lewi Olsen  Vert: Karsten 

19. kl. 17:30 Zoe 

20. kl. 19. Styremøte 

22. kl. 20. One80 

23. kl. 11. Møte. Tale: Elin  Leie: Eva   Vert: Edith 

26. kl. 17:30 Zoe 

30. kl. 11. Møte Brødsbryting. Tale: Solomon  Leie: Anja 

                 Sang: Afrikansk sang og Arild Fiskå Vert: Jørn  

                 Edith og Hans reiser til England 24.-30. oktober 

NYTT LIVS SENTER: 

Kyrkjegata 39, Boks 78, 6151 Ørsta nyttlivssenter.no 

Pastorpar : Edith og Hans Reite. Tel. 93820172 hansreite@hotmail.com 

Styre: Hans Reite, Einar Reite, Hanne Birte Koppen, John Belseth 

Elin Roksvåg Torkildsen og Solomon Mwamba 

KONTO: 3991.04. 18401  Vipps:507177 

Husk tienden til menigheta! 

Gud velsigne deg. Ten Herren Jesus med glede!