Nytt liv November

13. november 2022

NYTT LIV november 2022 1.docx

1 / 5

Nytt Liv 

NOVEMBER 2022 – NLS -DFEF – 22årg. 

TAKK TIL GUD! 

Ver vedhaldande i bøna, så de vaker i bøn med takk til Gud 

Kol. 4:2 

  Vi har mykje å takke Jesus for. Først og fremst for at vi er frelste og at namna våre er skrivne i himmelen i Livets bok. Vi kan også som desse menneska takke for det daglege brød. Mange menneske rundt om i verda svelt så vi er heldige som har alt vi treng og kan ete oss mette. Det er også stor nåde at vi kan stå opp friske om morgonen og kunne fungere i samfunnet, og få tene den levande Gud! 

  Nyleg hadde vi møteserie med Arne Hole og vi kan takke for det som skjedde då. Forkynninga var sterk og mange fekk eit møte med Herren. På evangeliseringa på laurdag var det også 


2 / 5

mange som deltok, og ei mengde menneske fekk høyre- og lese evangeliet. Vi har løfte om at Guds ord ikkje vender tomt tilbake, og trur no at vi står foran eit gjennombrot i Ørsta. 

   På dåpsmøtet søndag var det ei sterk atmosfære. Vi takkar for Dan Lewi og Augustin som gikk i dåpens grav. Dette var ei stor oppmuntring for oss. Herren høyrer og svarar på våre daglege bøner og velsignar oss. Løftet om at dei som ber skal få, står fast. Han løner dei som søkjer han, og kan gi oss meir enn det vi ber om eller forstår. Ære vere Jesus Kristus! 

Ny medarbeidar 

  Vi kan med glede fortelje at Dan Lewi Olsen har medt seg inn i menigheta, og vil no med jamne mellomrom og delta med sang og musikk og andre ting. Han er ein dyktig musikar og vi set stor pris på han. Dan Lewi er eit bønnesvar. La oss ta godt imot han og vere inkluderande. Planen er at han skal flytte hit i byrjinga av neste år og ha praksistida her. La oss be for Dan Lewi og tenesta hans, og at vi får eit godt samarbeid. 

Zoe bibelskule 

  Vi er no i gong med det niande skuleåret. Også i år er det mellom 15 og 20 studentar. Gud er trufast og velsignar skulen. Rektor Per Arne Åkenes står på trass at han vart pensjonist for mange år sidan. Han har eit kall frå Gud til å gjere dette. Det er så viktig å få innføring i Guds ord i denne tida. Folket har gått bort frå Gud og har vendt seg til synda og avgudane. Dette er svært alvorleg og vi treng å vere vaktarar på muren som held fram Guds ord til folket. Vi lever i ei tid med mykje forføring og den liberale teologien har stor plass. 


3 / 5

Ope hus og husbesøk 

   I den seinare tid har vi begynt å sette ut skilt og henge opp flagg etter bønnemøta om ettermiddagen. Folk har tilbodet om å kome inn og få ein samtale, ein kopp kaffi og noko å bite i. Hittil har nesten ingen komt, men vi vil ikkje gi opp. Folk veit etter kvart at dei har tilbodet, og når dei kjem i nød og i store vanskar vil dei kome. Vi ynskjer å vere ei opa menighet der alle er hjarteleg velkomne til oss. Be for arbeidet! 

   Eg har gått ein del på husbesøk i nybyggarfeltet i Mosmarka. Dei fleste er opne og hyggelege og fleire har tatt imot bøkene mine. Eg delar ut traktatar og forsøkar å samtale om den tida vi lever i. Det er krig, dyrtid og folk er urolege for framtida. Eg merkar stor forskjel på no og før pandemien. Hjartene vert forbreidde på den kristne vekkjinga som skal kome. La oss vere optimistiske og ha tru til Gud. Ørsta og Noreg skal bli frelst. Gud svarar på våre bøner! 

Fødselsdagar i november: 

Oliver Niyonkuru (21) og Kimberly Cabezas (07)  

Vi gratulerer!!! 

Forbønn: 

  • · Be for barne- og ungdomsarbeidet 
  • · Beskytting for land og folk 
  • · Fred i Ukraina, Israel og i verda 
  • · For dei sjuke mellom oss 
  • · Gjennombrudd i Ørsta 
  • · Tenesta til Dan Lewi 

4 / 5

Møta i november: 

2. kl.17:30 Zoe 

5. kl. 20:00 One80 

6. kl. 11:00  Tale: Sølvi  Leie: Hanne Birte Vert: Jørn 

9. kl.17:30 Zoe 

10. kl. 18:00 Husmøte Chija 

11. kl. 19:00 Lovsangsmøte 

13. kl. 11:00 Tale: Hans  Leie: Arild Vert: Karsten     

                      Brødsbryting 

16. kl. 17:30 Zoe 

19. kl. 20:00 One80 

20. kl. 11:00 Tale: Elin  Lede: Eva Vert: Edith 

22. kl. 19:00 Styremøte 

23. kl. 17:30 Zoe 

24. kl. 19:00 Lovsangsmøte 

25.-27. Bønn og faste: 

25. kl. 19:00 Møte Per Arne Åkenes 

26. kl. 11:00 15:00 og 19:00 Møte 

27. kl. 11:00 Møte Tale: Oliver?  Lede: Hans Vert: Jørn 

30. kl. 17:30 Zoe 

Dagleg kl. 09:30 Bønnemøte  Bønneleiar: Anja Nes 

NYTT LIVS SENTER: 

Kyrkjegata 39, Frendetun 1. etg., Boks76, 6151 Ørsta 

Pastorpar: Edith og Hans Reite. hansreite@hotmail.com 

Lægdavegen 5, 6100 Volda tel. 93820172  

Styre: Hans Reite, Einar Reite, Hanne Birte Koppen, 

John Belseth, Elin Roksvåg Torkildsen og Solomon Mwamba. 

KONTO: 3991.04.18401 – Vipps: 507177  –  Husk tiende! 


5 / 5