Nytt Liv Mai

5. mai 2023

Nytt Liv 

MAI 2023 –  NLS – DFEF 23 – årg 

Hurra for 17. mai! 

Rettferd lyfter eit folk, men synda er ei vanære for folkeslaga 

Salomos ordtøke 14:34 

 Vi er i mai og våren er endeleg komen. Det vert grønt og blomane sprett ut og fuglane syng. Det er ei herleg tid no når naturen har vakna på ny. Vi kan prise Skaparen for alt det vakre han har laga for at vi skal ha det godt. Vi er heldige som kan bu i Noreg og kan nyte den flotte naturen og ha alt det vi treng. I sannheit så har vi mykje å takke Herren for. Det er også stort at vi har friheit og fred, og vi kan be for folk i andre land som ikkje har desse privilegia.  

  I mai er det mange som har konfirmasjon og det er fleire heilagdagar. Den 8. mai 2045 vart Noreg igjen eit fritt land etter fem års okkupasjon av tyskarane. Israels nasjonalsdag er 15. mai. Dei 


2 / 5

feirar 75 års jubileum i år. Det er eit mirakel at dei fortsatt er ein fri nason. Han søv ikkje og slumrar ikkje Israels vaktar! Vi ser no fram til 17. mai då vi skal ha fest i menigheta. Den 18. er det Kristi himmelfartsdag då vi minnes at Jesus for opp til himmelen. Vi var nyleg på Oljeberget der det skjedde. Snart skal han kome igjen! 

   Det er flott med det norske flagge i raudt, kvitt og blått og med korset i midten. Det peikar på at Noreg er eit kristent land, men dessverre så er det ikkje så mykje sann kristendom igjen. Det er synda som har fått stor plass i samfunnet og Pride flagga vaiar over det heile. Alt skal vere tillatt og ingen ting er rett eller gale lenger. Salomo seier at synda er folka si vanære. Måtte det kome ei sterk kristen vekkjing slik at folk vender om og søker Gud av heile hjartet! Det kan beskytte oss mot ulykke og Guds rettferdige dom. Jesus har fredstankar med oss. 

Turen til Israel 

  Vi var fire frå Zoe bibelskule som var i Israel frå 14.-25. april. Vi budde på Bet Norvegia, det norske hus i Jerusalem. Der traff vi gamle kjente og nye volontørar. Der var andakt kvar morgon og fleire gongar var det sang- og vitnemøte om kveldane. Vi reiste til Galilea og budde på Tiberias hostel ved Genesaretsjøen. Der vitja vi mellom anna Magdala, der Maria Magdalena kom frå, og der var ei flott kyrkje. Ein dag var vi i Kapernaum og var også oppå Golanhøgdene der der var store gardar. 

   Ein dag køyrde vi til Nasaret og vitja menigheta til pastor Salem Shalash. Han er ei palestinsk pastor som er ven med jødane. Dei driv med utdeling av mat, sko og klede til dei fattige i byen. I tillegg så sender dei naudhjelp til Syria og til Ukraina. Etter Galilea reiste vi gjennom Jordan dalen til Dødehavet og tilbake til Jerusalem. Vi vitna for mange, fekk delt ut traktatar på ulike språk og fekk mange gode samtalar med folk. Takk for forbønn slik alt gikk bra. All ære til Gud! Jesus er med alle dagar. Det er spesielt å få kome til Israel og vi anbefalar alle til å ta seg ein tur. Det er det vakraste av alle land! 


3 / 5

Nytt i Nytt Livs Senter 

  Vi takkar Gud for den nye bilen som menigheta har fått. Den har plass til ni personar og på søndag var den full då eg henta mange til møtet i det dårlege veret. Herren har verkeleg omsorg for oss. Be om at bilen må gå godt og at den vert brukt til hans ære og til framgang for hans evige rike. Vi vil bruke den til utflukter og når vi har møter i distriktet. Nyleg var det fleire som var med då vi deltok på møte på bedehuset på Moltustranda. Heile Sunnmøre er vårt virkefelt! 

   Vi har bestemt å starte opp med cellegrupper til hausten. Om du vil vere med i ei slik gruppe kan du melde deg på. Der vil ein ha nærare kontakt med kvarandre og alle kan delta. Menigheta har vokst og det er no på tide å opprette slike grupper. Oliver har starta opp med egne bønnemøter for afrikanarane på laudagane på barneavdelinga, mens vi har bønnemøte i salen. Han underviser også i Biobelen som er til god hjelp for dei nye. Vi kakkar Gud for dei nye landsmenn som har kome til oss. Dei er til stor velsigning i arbeidet. 

Kunstkafe og Lasarus kafe 

  Også denne månaden vil vi ha kunst kafe ein fredag. Det vert påmelding då det har skeia ut med ein del uro. Kunst kafe er for dei som verkeleg vil male og då treng ein litt ro. Seinare skal vi starte opp med Lasarus kafe og då er alle velkomne. Vi vil forsøke å få tak i mat som vi kan dele ut til folk som treng det. Dette vert eit større og større behov også i Noreg. Når folk får mat vil dei opne hjarte for Guds ord. 

Fødselsdagar i mai: Vi gratulerer !!! 

Karsten Eikrem (15.), Jan Sætre (24.) Bokuolte Gatulan Tut (25.) 

Økonomien 

 I april var det berre så vidt vi klarte å betale husleiga og kontoane er nesten tome. Vi minner på at tienden høyrer Herren og menigheta til! 


4 / 5

Møta i mai 

6. kl. 12:00 JESUS MARSJ ULSTEINVIK 

    Kl. 17:00 Jesus skuleKl. 20:00 One80 

7. kl. 11:00 Møte Tale: Jens Christian Ekelund Leie: Hans Vert Jørn 

                    Brødsbryting 

10. kl. 17:00 Zoe 

14. kl. 11:00 Møte Tale: Hans   Leie Arild  

                       Lysbillede frå Uganda: Moses  Vert :Edith 

17. kl. 18:00 FEST 

19. kl. 18:00 Kunst kafe 

20. kl. 12:00 JESUS MARSJ BRATTVÅG 

      kl. 17:30 Jesus skule kl. 20:00 One80 

21. kl. 11: 00 Møte: Tale: Per Arne Åkenes Leie: Rut Vert Karsten 

                       Brødsbryting 

24. kl. 17:00 Zoe 

25. kl. 19:00 Lovsangskveld 

26. kl. 19:00 FILMKVELD v/ Vigdis Torset 

27. kl. 12:00 GATEKYRKJE 

28. kl. 11:00 Tale Misjonær Anniken Mori Leie: Anja Vert : Hildur 

Nytt Livs Senter   nyttlivssenter.no: 

Pastorpar: Edith og Hans Reite  hansreite @hotmail. com 

Styre: Hans og Einar Reite, Hanne Birte Koppen, Elin Roksvåg Torkildsen, John Belseth og Solomon Mwamba 

KONTO: 3991.04.18401   Vipps: 507177