God advent 2020

1. desember 2020

Vi er no inne i adventstida. Advent betyr å vente på noko. Eit ordtak seier at den som ventar på noko godt ventar ikkje forgjeves. Dei fire lysa i adventsstaken peikar fram mot julehøgtida. I år har desse lysa kanskje større betydning enn nokon gong før. Ein kan vere lei og nedstemt av all nedstenging og problem som fylje av epedemien som herjar i verda. Er der noko lyspunkt? Ja, snart så snur sola og vi går mot vår og lysare tider. Vår von er at neste år skal alt verte som normalt, men det er ikkje så lett å tru på det. Likevel så må vi leve med håp om betre tider.    Dei fleste born gleder seg til jula, men nokre gruar seg for dei fryktar at alkoholen skal flyte. La oss satse på ei «kvit jul».  Borna  ser fram til å få vere saman med familie og slekt og er spente på kva slags gåver dei får.

Eg huskar sjølv at før juleafta så gikk tida seint. Dette har endra seg med åra, og no lurer ein på kvar tida vert av. Det er som ei elv som veks seg større og gjeng fortare mot osen. Nokre gongar er det godt å stoppe opp og tenke på om det er nyttig med alt ein stressar med i adventstida. Nokre husmødre har slutta med å bake dei sju sortane med julekaker, då dei vert kalla «Inn og ut kaker». Vi eig det meste og mange av dei gåvene vi får har vi frå før, så dei vert unyttige og kanskje byttar vi dei inn.     Advent handlar fyrst og fremst om jula og den kristne høgtida. Etter profetordet så kom Jesus Kristus frå himmelen for å lyse for oss som sit i dødens og dødsskyggens dal. Døden har kanskje vorte eit meir aktuelt tema å snakke om no i korona tida. Vi held avstand og er nøye med å vaske oss, og faktum er at det er mindre dødsfall no enn i eit vanleg år. Likevel veit vi at pandemien er alvorleg og ikkje alle som vert smitta overlever. Då er det godt å kunne tru på Gud og dei gode nyheitene. Jesus Kristus sa då venen Lasarus var død at han er oppstoda og livet, og at dei som trur på han skal leve om dei enn døyr. Som eit bevis på dette så vekte han opp Lasarus som hadde vore død i fire dagar, og mange kom til tru på at han var Messias, Guds son.    

Livet ville ha vore tomt og trist om alt var slutt ved ei grav. Er det verkeleg døden og det vonde som skal sigre til slutt? Bibelen fortel noko anna! Lyset og livet sigrar over mørkret og det vonde, og Jesus beviste det ved å oppstå frå dei døde. Han har lova å gi EVIG LIV til alle dei som trur på han. Dette er godt kunne minnast på no i adventstida. Bibelen fortel at han som kom skal kome attende og hente alle dei som trur på han til himmelen. Dette er kalla for » Det salige håp». Før kong Olav døydde var han opptatt av å gå til kyrkje og å be til Gud. Han sa til ein biskop at det viktigaste som skal skje er at Jesus kjem igjen. No var det ikkje sport eller andre ting som var det viktigaste for kongen. Dette kan vi alle ta lærdom av. Kong Olav var ein vis og god konge.     La oss tenke på dette no i adventstida. Jesus kom som eit spebarn frå ei fattig familie og vart fødd av ei jomfru i ein stall i Betlehem og  lagt i ei krybbe. Han gav avkall på himmelens herlegdom og vart fattig for å gi oss den sanne rikdomen: Det evige livet. Han skal kome att i stråleglans og alle skal sjå han som han er. Det kristne håpet er at vi skal kjenne kvarandre igjen og få vere saman i glede og harmoni for alltid. Mange trur at dette er berre eventyr og ønsketenking, men millionar av menneske rundt om i verda har fått opplevd Guds kraft i sine liv og veit at dette er sant. Det profetiske ord om Israel, Jerusalem og det som no skjer er som eit lys på ein mørk stad inntil morgenstjerna går opp i våre hjarte.

GOD ADVENTSTID!