Nytt liv Desember 2022

30. november 2022

Nytt Liv 

DESEMBER 2022 – DFEF – NLS –  22årg 

Gledeleg jul! 

For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven. Herreveldet kviler på hans skulder, og han skal kallast med namnet Under, rådgjevar, Veldig Gud , Evig Far, Fredsfyrste.           Jesaja 9:6 

   Jula nærmar seg og vi kan på ny minnast han som forlot himmelen og kom til jorda for å frelse oss for om lag to tusen år sidan. Han vart fattig og gav sitt liv for å frelse oss frå våre synder. Jesus vart fattig for å gi oss den sanne rikdom: Det evige livet. Folket som sat i mørke og dødsskygge fekk sjå eit stort lys. Jesus Kristus er verda sin frelsar og gir oss framtid og håp midt i ei vond og vanskeleg tid! 

  Englane song om fred på jord, men vi veit at det er krig og uro mange stadar. Det er mykje kriminalitet og drap også i vårt eige land, men vi skal ikkje fortvile. Det profetiske ordet i Bibelen går i oppfyljing og vi kan løfte våre hovud for vår 


2 / 5

forløysing stundar til. Jesus skal snart kome igjen! Då går vi til ein betre stad og alle ting vert nye. La oss leve i forventning! 

Artur Sørheim og Lena Robertsen til minne 

 To av våre eldre medsyskjen, Artur og Lena gikk heim til Jesus no i november. Dei nådde begge ein høg alder, Artur 100 år og Lena 94. Dei er begge sårt sakna og vi lyser fred over deira gode minne. Sjølv om ho ikkje var offisiell medlem, så var Lena med frå starten av Nls i år 2000 og har vore trufast på møtene heile tida og har vore til stor velsigning. Artur var også med på møta i fleire år. Eg fekk vere med å legge på blomar frå menigheta og vitne og synge i begge minnemøta. Det var også ei stor øre å få bære kista til Lena. 

Nytt i Nytt Livs Senter 

 I november hadde vi vitjing ein laurdag av Ålesund gatemisjon. Det var litt kaldt, men vi fekk samtalt med fleire menneske og delt ut traktatar og vafler. Luukas frå Tjekkia var med og talte ivrig om frelsens veg. Om kvelden var han med pastor påRåneevangelisering. Der fekk vi fleire gode samtalar med unge folk. Ein merkar at der er ein lengsel etter Gud og etter å lære sanninga å kjenne. Mang unge slit i desse tider. 

  Vi hadde bønn og faste samlingar i slutten av månaden. Frammøtet var bra og der kom folk frå Herøy, Ålesund, Sykkylven og Stranda. Per Arne Åkenes tala om fråfallet i tida og over kor viktig det er å ta tid i bøn. Eg tala om Moses som Var i forbøn på Sinai fjellet. Jens Kristian Ekelund tala over temaet: «Elskar du meg», og om å ha tillit til Jesus. 


3 / 5

   Mary Jønland vitna om korleis ho hadde vorte løyst frå eit liv i pervers synd. Ho sa at ingen er født i feil kropp slik det vert hevda i dag. Gud skapte oss til mann og kvinne. Guds ord er sant og vi kan få stole på alt som står i Bibelen. Ut frå Romarbrevet 1 kan vi sjå at det har skjedd ei gradvis utvikling frå at menneska i moderne tid har forlatt trua på Gud som skapar. Det har ført til abort og kjønnsforvirring. 

Planar framover 

  Vi teker på å starte opp internasjonale møter ein gong i månaden frå neste år. Noella Birungi vil vere koordinator for desse møtene. Vi gratulerer henne med setifikat! Det er bra at vi har Solomon og Oliver i menigheta som har erfaring med patorteneste frå Afrika. Dei er flinke til å tale Guds ord. Ellers så gler vi oss til å få afrikanske rytmer og ta del i den flotte sangen som dei har. Saman er vi alle eitt i Kristus Jesus! 

Høgtidsmøte 

  Det var flott å ha barnevelsigning for lille Esther på møtet søndag 27.november. Det var ei høgtidsstund. Etter å ha fått fire gutar vart Oliver og Jennifer velsigna med ei skjønn lita jente. Barn er ei gåve frå Herren. La oss be for Esther! 

Fødselsdagar i  desember 

Dan Lewi Olsen(11.), Mary Mwamba(31.), Anja Nes(4.), Prince Yamuremye (16.), Innocent Ndayishimwe (14.), Martha Nhanit Tur (1.), Jacquline Uwimana (31.) 

Vi gratulerer!!! 

God jul og velsigna nyttår 2023!