Nytt Liv Juni

2. juni 2023

JUNI 2023 NLS DFEF 23 årg.

Pris Herren Jesus Kristus!

Eg vil lova Herren til kvar tid, hans pris skal alltid vera i min munn. Mi sjel skal rose seg av Herren. Dei spaklyndte skal høyra det og glede seg. Pris Herrens stordom med meg og lat oss saman opphøgja hans namn!  Salme 34: 2-4.

   Kong David opplevde mange prøvingar i livet sitt. Nokre av borna døydde og han fekk mange fiendar. Likevel så hadde han ein lovsyngande livsstil, og priste Herren også når livet gikk imot. Dette kan vi lære av, og prise Jesus under alle forhold. Han er på vår side og vil vende alt det vonde til noko godt. Gud er allmektig og kan hjelpe oss i alle ting.

   Lovsongen gjorde at David vart rikt velsigna. Han elska Herren av heile hjertet, og vart løna tilbake for det. Slik vil også Gud løne oss når vi tek tid til bøn og lovsong! Det er også fint at vi kan ha lovsongskveldar i menigheta. Det står at Gud tronar på israels lovsongar. Han vil velsigne og kome nær ved sin Ande når vi prisar hans heilage namn!

Nytt i Nytt Livs Senter

    Vi gleder oss over at det er to ungdommar som skal verte døypt den 18. juni. Det er stort at dei unge vil seie nei til syndelivet og fylja Jesus. Då vert dei spart for mykje vondt. Dei unge vert i dag utsette for mykje freisting og vi treng å be for dei. Takk tiil Einar, Anja og Hanne Birte som tek seg av ungdomsarbeidet. Dei gjer ei svært god gjerning.

     Vi har starta med utdeling av mat på søndagsmøta. Prisane på matvarer og anna har stige mykje den seinare tid, og det kan vere at nokon kan ha behov for hjelp. På dei fleste varene er datoen på «best før» gått ut, men det skulle likevel vere trygt å kunne ete denne maten. Det er lurt å lukte på den for å sjekke om alt er ok. Dei som er ansvarlege for dette arbeidet er Dan Lewi og Hildur.

Økonomien i menigheta

   Vi har slite litt med det økonomiske i det siste. Sjølv om vi har fått fleire medlemmar så har inntektene gått ned. Det er viktig at dei som har meldt seg inn tek ansvar og gir tiende for at vi skal kunne betale alle rekningane. Tienden er eit bibelsk prinsipp. I Det gamle testamentet skulle levittane leve av tienden som dei andre stammene gav. Bibelen seier også at dei som forkynner evangeliet skal leve av evangeliet.

Bønn og faste

 Den 9. til 11. juni arrangerar vi igjen bønn og fastesamling på lokalet. Vi har no mange madrasser for dei som ynskjer å overnatte. Det er også ei herre- og ei dameavdeling med eigne toalett, så vi er priviligerte. Å arrangere slike samlingar er bibelsk og vi finn det mellom anna i profeten Joel. Då var det ei naudstid og dei ropte til Herren om nåde og hjelp.

     Også i dag er det ei andeleg nødstid. Vi ser korleis folk har vendt seg bort frå den levande Gud og dyrkar det materielle og det skapte. Ein er stolte og seier at ein ikkje treng Gud eller å tru på noko som ein ikkje ser. Pride rørsla rår i landet vårt, og det er ei vond og urein andemakt. Berre ande kan overvinne ande, og difor er det viktig å saman søke Gud i bønn og faste. Om det ikkje snart kjem ei andeleg vekkjing, vil Guds rettferdige dom ramme Noreg.

Jonsokfeiring

    I år er alle velkomne til feiring 23. juni på hytta Sion i Aldalen. Vi møtes på Nytt Livs Senter kl. 16:00 og reiser med bil. Dei som ikkje har anledning til å vere med kan delta i menigheta. Det vert sett fram grillar utanfor inngangsdøra. Alle kan ta med grillmat. Vi kan synge og ha aktivitetar. Der er eit par båtar på hytta som vi kan bruke.

Fødselsdagar i juni:

Mia Belseth (15.), Isac Tumusime (11.), Noella Birungi (30.),

Isaac Yumvagusen (6.), Tove Nedregaard (12.)

Vi gratulerer!!!

Møta i juni

3. kl. 12. JESUS MARSJ ÅLESUND

4. kl. 11. Møte Tale: Elin Lede Arild Vert: Hildur  Brødsbryting

8. kl.18. Husmøte: Chija

9.-11. Bøn og faste

9. kl. 19. Møte Leie : Hans

10. kl. 11: Leie : Jens Christian

       Kl. 15: Leie Per Arne

       Kl. 19: Leie Kåre Johan

11. kl. 11. Møte: Tale Hans Leie: Rut  Vert: Edith

18. kl. 11. Møte med dåp  Tale: Einar Leie: Elin Vert: Karsten

23. kl. 16. JONSOKFEIRING

24. kl. 12. Gatekyrkje

25. kl. 11. Møte Tale: Tove Nedregaard Leie: Anja Vert: Jørn

Nytt Livs Senter:

Kyrkjegata 39, Boks 78, 6151 Ørsta – nyttlivssenter.no

Pastorpar: Edith og Hans Reite hansreite@hotmail.com

 Tel. 93820172

Styre: Hans og Einar Reite, Hanne Birte Koppen, Elin Roksvåg Torkildsen, John Belseth og Solomon Mwamba

Konto: 3991.04. 18401 – Vipps: 507177